vedtak til lov
om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde
oljepionerar
§ 1 Grunnleggande vilkår
for rett til kompensasjon
Personar som har arbeidd i petroleumsverksemda offshore
på norsk kontinentalsokkel i perioden 1966 til 1990 (pionertida)
innanfor aktivitetsområda boring og brønn eller produksjon og vedlikehald
som angitt i § 2, har rett til kompensasjon etter reglane i denne
lova dersom dei har ein varig sjukdom eller skade nemnd i § 3 som
har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon
eller benzen.
§ 2 Arbeidstakargrupper omfatta
av kompensasjonsordninga
Aktivitetsområda boring og brønn omfattar desse arbeidstakargruppene:
-
dekksarbeidar
-
boredekksarbeidar
-
tårnmann
-
assisterande tårnmann
-
riggmekanikar
-
slamloggar
-
sementerar.
Aktivitetsområda produksjon og vedlikehald omfattar
desse arbeidstakargruppene:
-
prosessoperatør
-
laboratoriemekanikar
-
mekanikar
-
elektrikar
-
automatikar
-
maskinist
-
teknisk cleaner.
§ 3 Sjukdom og skade som
kan gi rett til kompensasjon
Følgande sjukdommar og skade kan gi rett til
kompensasjon etter denne lova:
-
akutt myelogen leukemi
-
myelodysplastisk neoplasi (MDS)
-
myelomatose
-
kronisk lymfatisk leukemi
-
lungekreft
-
lungehinnekreft (mesoteliom)
-
bukhinnekreft (mesoteliom)
-
eggstokkreft
-
strupekreft
-
asbestose
-
løysemiddelskade på sentralnervesystemet.
§ 4 Kompensasjon til etterlatne
Dersom ein person som ville hatt rett til kompensasjon
etter lova er død, har avdøde sin ektefelle eller sambuar rett til
kompensasjonen. For å bli rekna som sambuar etter første punktum
må personen anten ha budd saman med avdøde dei siste to åra før
dødsfallet, eller ha budd saman og ha felles barn med avdøde.
Dersom avdøde ikkje hadde ektefelle eller sambuar med
rett til kompensasjon etter første ledd, har barna til avdøde rett
til kompensasjonen.
§ 5 Størrelsen på kompensasjonen
Når vilkåra i lova er oppfylte, blir det gitt
ein kompensasjon tilsvarande åtte gonger grunnbeløpet i folketrygda.
Grunnbeløpet i folketrygda på vedtakstidspunktet, eller eventuelt
domstidspunktet, blir lagt til grunn.
Tidlegare utbetalt yrkesskadeerstatning eller
annan kompensasjon eller erstatning frå arbeidsgivar for skaden
eller sjukdommen det er søkt om kompensasjon for, kjem til frådrag
ved utbetaling av kompensasjon etter denne lova. I berekninga skal
tidlegare utbetalt beløp reknast om til dagens kroneverdi.
Kompensasjonen skal utbetalast som ei eingongsyting
og er ikkje skattepliktig.
§ 6 Oljepionernemnda
Søknader om kompensasjon etter denne lova blir behandla
av Oljepionernemnda.
Nemnda er uavhengig og kan ikkje instruerast
av departementet om saksbehandlinga eller innhaldet i avgjerdene,
verken generelt eller i dei enkelte sakene. Departementet kan heller
ikkje gjere om materielle vedtak i nemnda eller gjere vedtak i ei
sak som høyrer under nemnda.
Nemnda skal ha tre medlemmer, éin leiar og to
ordinære medlemmer, som blir oppnemnde av departementet. Nemnda
skal ha juridisk og arbeidsmedisinsk kompetanse. Departementet kan
oppnemne varamedlemmer. Sekretariatet i nemnda blir lagt til Arbeids-
og velferdsdirektoratet (Nav).
§ 7 Søknad om kompensasjon
og dokumentasjonskrav
Søknad om kompensasjon skal fremmast for Oljepionernemnda
innan to år etter at denne lova trer i kraft. Søknad skal fremmast
på skjema fastsett av nemnda.
Den som søker om kompensasjon etter § 1, skal
i søknaden legge fram følgande:
-
dokumentasjon som
viser at vedkommande har arbeidd i petroleumsverksemda offshore
på norsk kontinentalsokkel i pionertida innanfor eitt av aktivitetsområda
og ei av arbeidstakargruppene som er omfatta av § 2, kva tid arbeidet
blei utført og kor lenge det varte,
-
dokumentasjon som viser at vedkommande
har fått påvist ein sjukdom eller skade som er omfatta av § 3, og
om kva tid helsetilstanden blei påvist,
-
informasjon om og i kva utstrekning vedkommande har
fått ytingar som nemnde i § 5 andre ledd.
Etterlatne som søker om kompensasjon etter § 4, skal
legge fram følgande:
-
dokumentasjon og informasjon
som nemnd i andre ledd om den avdøde personen,
-
dokumentasjon som viser at den etterlatne
har rett til kompensasjon gjennom relasjonen sin til den avdøde.
Nemnda kan under behandlinga av saka be om fleire
opplysningar dersom nemnda meiner det er nødvendig for å behandle
søknaden.
§ 8 Arbeidsmedisinsk utgreiing
Med mindre det må reknast som unødvendig, tilviser
nemnda til forenkla arbeidsmedisinsk utgreiing av om det ligg føre
ein mogleg samanheng mellom sjukdommen eller skaden og eksponering
som nemnd i § 1.
§ 9 Saksbehandling i nemnda
Nemnda skal behandle saker på grunnlag av dei skriftlege
framstillingane søkaren har gitt, og dei dokumentbevisa som ligg
føre. Nemnda skal som hovudregel gjere vedtak i møte. Dersom det
er openbert at vilkåra for å få kompensasjon ikkje er oppfylte,
eller søkaren ikkje legg fram dokumentasjon som nemnd i § 7 andre ledd,
kan leiaren av nemnda aleine avslå søknaden.
Leiaren av nemnda kan avgjere at eit vedtak
skal gjerast skriftleg ved sirkulasjon blant medlemmene dersom:
-
saka er kurant på
bakgrunn av fast praksis i nemnda,
-
saka er diskutert i møte og det berre er
behov for mindre avklaringar, suppleringar eller endringar før avgjerda
blir gjord, eller
-
avgjerda kunne vore gjord av leiaren i
nemnda aleine etter første ledd.
Nemnda kan gjere vedtak når alle medlemmene deltar
i behandlinga og stemmer. Vedtaket skal gjerast ved alminneleg fleirtal
og skal opplyse om eventuell dissens. Det skal førast protokoll
med opplysningar om kva tid vedtaket er gjort, kva vedtaket gjeld,
og kva medlemmene i nemnda har stemt.
Ei avgjerd i nemnda om ein søknad om kompensasjon
er å rekne som eit enkeltvedtak.
Departementet kan gi forskrift med nærmare føresegner
om nemnda si saksbehandling.
§ 10 Klage
Det er ikkje høve til å klage på vedtak om kompensasjon
eller vedtak om tilbakebetaling etter denne lova. Det er høve til
å klage til departementet på avgjerder som nemnda tek om innsyn
eller pålegg om å gi opplysningar, og om avgjerd om sakskostnader
etter forvaltningsloven § 36.
§ 11 Domstolsbehandling
Vedtak i Oljepionernemnda kan bringast inn for domstolen,
som kan prøve alle sider av vedtaket. Søksmål skal rettast mot staten
ved Oljepionernemnda.
Søksmål må reisast innan tre månader frå det
tidspunktet eit vedtak i Oljepionernemnda har komme fram til den
vedtaket gjeld. Retten kan gi oppfrisking for oversitting av fristen
etter reglane i tvisteloven §§ 16-12 til 16-14.
§ 12 Teieplikt
Alle som utfører teneste eller arbeid for nemnda, har
teieplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13 e. Når personar nemnde
i første punktum tar imot opplysningar som er underlagde strengare
teieplikt enn det som følger av lova her, skal den strengare teieplikta
gjelde.
§ 13 Behandling av personopplysningar
Nemnda kan behandle personopplysningar som er nødvendige
for arbeidet i nemnda, også personopplysningar som nemnde i personvernforordninga
artikkel 9.
§ 14 Innhenting av opplysningar
Nemnda kan, utan hinder av lovbestemt teieplikt, hente
inn dei opplysningane som er nødvendige for å behandle søknader
etter denne lova, for å kontrollere om vilkåra for kompensasjon
er oppfylte, og for å vurdere eventuelt krav om tilbakebetaling
etter § 15. Opplysningar kan hentast inn frå offentlege myndigheiter,
tidlegare arbeidsgivarar og forsikringsselskap.
Den som blir pålagd å gi opplysningar, skal
gjere det utan godtgjering.
§ 15 Tilbakebetaling av feilaktig
utbetaling
Ei urettmessig eller for høg utbetaling frå
nemnda kan krevjast tilbakebetalt dersom mottakaren, eller nokon
som har opptredd på vegner av mottakaren, forstod eller burde ha
forstått at utbetalinga kom av ein feil. Det same gjeld dersom mottakaren,
eller nokon som har opptredd på vegner av mottakaren, har forårsaka
feilutbetaling ved forsettleg eller aktlaust å gi feilaktige eller mangelfulle
opplysningar.
Vedtak om tilbakebetaling etter paragrafen her
er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 16 Ikraftsetting
Lova trer i kraft straks.