Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir forslag til lov som gjennomfører europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344 («ELA-forordninga») foreslått. Forslaget inkluderer endringar i folketrygdlova § 1-3 a og EØS-arbeidstakarlova § 1, fordi ELA-forordninga endrar forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589.

Det blir i proposisjonen òg bedt om Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 319/2023 om innlemming av ELA-forordninga i EØS-avtala. Dette er handsama i ei eiga innstilling, jf. Innst. 182 S (2024–2025).

Gjennomføring av forordninga krev lovendringar og medfører økonomiske konsekvensar. Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd er derfor naudsynt i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.

Det blir foreslått at gjennomføringslova skal ta til å gjelde straks.

Lovframlegget har vært på høyring. I tillegg har høyringsinstansane vore inviterte til eit høyringsmøte. Det er i proposisjonen gjort greie for høyringsinstansane sine syn.

I kapittel 3 i proposisjonen er gjeldande rett gjort greie for, herunder:

  • Regelverket for utsending av arbeidstakarar

  • Trygdekoordinering

  • Fri rørsle av arbeidstakarar

  • Sosiale føresegner innan vegtransport

  • Plattforma mot svart arbeid.

I kapittel 4 i proposisjonen er det detaljert gjort greie for gjennomføring av ELA-forordninga i norsk rett når det gjeld framlegget i høyringa, høyringsinstansane sine syn samt departementet si vurdering når det gjeld:

  • Metode for gjennomføring – eiga gjennomføringslov

  • Behovet for forskrifter

  • Regulering av deling av teiepliktige opplysningar ved styresmaktssamarbeid

  • Endringar i folketrygdlova og EØS-arbeidstakarlova.

1.2 Bakgrunnen for lovframlegget

1.2.1 ELA-forordninga

1.2.1.1 Innleiing

ELA-forordninga blei vedtatt i EU 20. juni 2019 for å opprette ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, European Labour Authority (ELA). Forordninga tredde i kraft i EU 31. juli 2019 og blei tatt inn i EØS-avtala 8. desember 2023.

Bakgrunnen for ELA er ein open europeisk arbeidsmarknad med fri rørsle av arbeidstakarar og tenester i den indre marknaden. EU har omfattande lovgjeving som regulerer ulike aspekt ved dette, inkludert regelverket om fri rørsle av arbeidstakarar, utsending av arbeidstakarar i samband med tenesteyting og koordinering av trygdeordningar. Det er medlemsstatane sjølve som har kompetansen til å handheve regelverket om arbeidsmobilitet. Det har likevel vore utfordringar med handheving og utveksling av informasjon på tvers av landegrensene, noko som kan gjere det lettare for useriøse aktørar å kome unna, og som aukar faren for låglønskonkurranse og sosial dumping. ELA blei etablert for å hjelpe medlemsstatane og Europakommisjonen med å bruke og handheve EU-retten meir effektivt på områda arbeidsmobilitet og trygdekoordinering. ELA skal dessutan være eit verkemiddel for (meir) rettferdig arbeidsmobilitet.

ELA skal blant anna bidra til at grensekryssande arbeidstakarar og verksemder får betre informasjon om rettar og plikter i andre medlemsstatar. Vidare skal ELA bidra til å utvikle og styrke samarbeid mellom nasjonale tilsynsetatar og utveksling av informasjon mellom medlemsstatane. Dersom medlemsstatane ønskjer det, skal ELA kunne bidra med å koordinere samordna og felles tilsyn og kontroll på tvers av landegrensene. ELA tilbyr òg ei frivillig meklingsordning dersom det er usemje mellom medlemsstatane om bruken av relevant EU-rett.

ELA har òg fått oppgåva med å koordinere Det europeiske arbeidsformidlingssamarbeidet (EURES) og Den europeiske plattforma mot svart arbeid. Vidare skal ELA utføre analysar og risikovurderingar og støtte medlemsstatane i å byggje kompetanse på desse områda.

ELA har ikkje noka sjølvstendig myndigheit til å fatte vedtak med verknad for medlemsstatar.

ELA er i dag i full drift med om lag 150 tilsette og eit årleg budsjett på ca. 50 millionar EUR. ELA er lokalisert i Bratislava. Den daglege drifta blir leia av ein administrerande direktør, og den overordna styringa ligg hos styret (Management Board). I ELA sitt personale inngår ein nasjonal kontaktperson (National Liaison Officer (NLO)) frå kvar medlemsstat.

1.2.1.2 Formål og sakleg verkeområde

Forordninga regulerer i hovudsak etablering av ELA og styresmakta sitt ansvar og sine roller. ELA sitt oppdrag er å hjelpe medlemsstatane og Europakommisjonen i å effektivt nytte og handheve EU-retten på områda arbeidsmobilitet og trygdekoordinering, jf. artikkel 1 nr. 2. ELA-forordninga påverkar ikkje utøvinga av grunnleggande rettar som er anerkjende i medlemsstatane og på EU-plan, jf. artikkel 1 nr. 3.

ELA sitt saklege verkeområde kjem fram av dei rettsaktene som er nemnde i artikkel 1 nr. 4, og eventuelle framtidige rettsakter som bygger på desse. Av desse (inkludert nyare rettsakter som byggjer på dei nemnde) er følgjande tatt inn i EØS-avtala:

  • På området utsending av arbeidstakarar i samband med tenesteyting: utsendingsdirektivet, handhevingsdirektivet og endringsdirektivet til utsendingsdirektivet.

  • På området trygdekoordinering: trygdeforordninga og gjennomføringsforordninga.

  • På området fri rørsle av arbeidstakarar: forordninga om fri rørsle av arbeidstakarar i unionen og direktivet om å lette utøvinga av arbeidstakarar sine rettar i forbindelse med fri rørsle for arbeidstakarar, samt EURES-forordninga.

  • På området sosiale regler innan vegtransport: fartsskrivarforordninga, køyre- og kviletidsforordninga, endringsdirektivet om krav til handheving for utsending av førarar i vegtransport og forordning om yrkestilgang til vegtransportmarknaden.

Vidare inngår føresegner i forordninga som gjeld samarbeid med sikte på kampen mot svart arbeid, jf. artikkel 1 nr. 5.

Forordninga skal ikkje røre ved dei rettane eller pliktene enkeltpersonar eller arbeidsgivarar har etter unionsretten eller nasjonal lov eller praksis, eller dei rettane og pliktene til nasjonale styresmakter som følgjer av dette, eller den uavhengige stillinga til partane i arbeidslivet, som er uttrykkeleg anerkjend i EU-traktaten (TEUF), jf. artikkel 1 nr. 6. Det er også presisert i artikkel 1 nr. 6 at ELA-forordninga ikkje skal påverke eksisterande bilaterale avtaler og ordningar for administrativt samarbeid mellom medlemsstatane, særleg dei som gjeld koordinerte og felles tilsyn.

ELA-forordninga inneber ikkje at ELA kan beslutte noko som bind medlemsstatane eller får direkte verknad overfor borgarar eller verksemder. Det følgjer av forordninga at ELA ikkje skal gripe inn i kompetansen til medlemsstatane og autonomien til partane. ELA skal primært støtte medlemsstatane og leggje til rette for betre samarbeid innanfor verkeområdet sitt. Det er fastsett konkret og uttømmande kva EU-regelverk på arbeidsmobilitetsområdet som er relevante for arbeidet til ELA, og forordninga gir ikkje nye materielle reglar på arbeidsmobilitetsområdet.

ELA-forordninga inneber følgjeleg ikkje avståing av nasjonal styresmakt til ELA.

I proposisjonen er det og detaljert gjort greie for:

  • Nærmare om oppgåvene til ELA, herunder:

    • Koordinering av EURES (artikkel 6)

    • Samordna og felles tilsyn (artikkel 8 og 9)

    • Plattforma om å styrke samarbeidet i kampen mot svart arbeid (artikkel 12)

    • Mekling mellom medlemsstatane (artikkel 13)

  • Plikt til å peike ut ein nasjonal kontaktperson

  • Evaluering av ELA

  • Trygdeforordninga

  • Forordningane om fri rørsle av arbeidstakarar og EURES

2. Komiteens behandling

I denne innstillingen blir lovforslaget behandlet. Når det gjelder samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sin beslutning nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/1149, er dette behandlet i en egen innstilling, jf. Innst. 182 S (2024–2025).

Som ledd i behandlingen av proposisjonen og for å innhente informasjon avholdt komiteen møter med ELA.

Sakens dokumenter er tilgjengelige på sakssiden på stortinget.no.

3. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tone E. Berge Hansen, Per Vidar Kjølmoen, Anette Trettebergstuen og Torbjørn Vereide, fra Høyre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, fra Fremskrittspartiet, Alf Erik Bergstøl Andersen og Dagfinn Henrik Olsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø og lederen Freddy André Øvstegård, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen og fra Rødt, Mímir Kristjánsson, viser til at det i proposisjonen er fremmet forslag til lov som gjennomfører europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av en europeisk arbeidsmarkedsstyresmakt, European Labour Authority (ELA), om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av beslutningen (EU) 2016/344 («ELA-forordningen»).

Lovforslaget inkluderer endringer i folketrygdloven § 1-3 a og EØS-arbeidstakarlova § 1, fordi ELA-forordningen endrer forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader i Innst. 182 S (2024–2025), jf. Prop. 8 LS (2024–2025) S-delen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/1149.

Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn det fremlagte lovforslaget (ELA-loven).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at både kostnader, mer byråkratisk koordineringsbehov og en mulig bruk av overnasjonalitet på et senere tidspunkt tilsier at Norge ikke bør delta fullt ut i ELA. Disse medlemmer viser til at Norge deltar i flere frivillige arbeidsgrupper for å koordinere forvaltningen av arbeidsmarkedsregelverk, og mener at dette er arbeid som bør prioriteres fremover.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Rødt viser til sine respektive merknader i Innst. 182 S (2024–2025), jf. Prop. 8 LS (2024–2025) S-delen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 319/2023 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/1149.

Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn ikke det fremlagte lovforslaget (ELA-loven).

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Høyre.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)

§ 1 Gjennomføring av forordning (EU) 2019/1149

EØS-avtala vedlegg V nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

§ 2 Forskrifter

Departementet kan gi forskrift om kva for forvaltningsorgan som er ansvarlege for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og om ansvarsfordelinga mellom dei.

§ 3 Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, blir følgjande endringar gjorde i andre lover:

1. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 1-3 a fyrste ledd lyde:

EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EF) nr. 883/2004 om koordinering av trygdeordninger, som endret ved forordning (EF) nr. 988/2009, forordning (EU) nr. 1244/2010, forordning (EU) nr. 465/2012, forordning (EU) nr. 1224/2012, forordning (EU) nr. 517/2013, forordning (EU) nr. 1372/2013, forordning (EU) nr. 1368/2014, forordning (EU) 2017/492 og forordning (EU) 2019/1149) (trygdeforordningen) gjelder som lov med de tilpasningene som følger av vedlegg VI, protokoll 1 og avtalen for øvrig.

2. I lov 14. desember 2012 nr. 81 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. skal § 1 lyde:

§ 1.

EØS-avtalen vedlegg V nr. 2 (forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar, som endra ved forordning (EU) 2016/589 og forordning (EU) 2019/1149) og vedlegg V nr. 9 (forordning (EU) 2016/589 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, som endra ved forordning (EU) 2019/1149) gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.

§ 4 Iverksetjing

Lova tek til å gjelde straks.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 25. mars 2025

Freddy André Øvstegård

Per Olaf Lundteigen

leder

ordfører