Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1 Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming
som er tilpassa at statsføretak berre kan eigast av staten. Lova skal
bidra til at statsføretak kan vareta samfunnsoppdraget sitt eller
verksemda si på ein effektiv måte.
§ 1-2 Verkeområdet til lova
Lova gjeld for føretak som staten eig aleine,
og som Kongen har bestemt at lova skal gjelde for, jf. § 2-1.
§ 1-3 Partsstilling
Eit statsføretak har sjølv rettar og forpliktingar,
er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har
partsstilling overfor domstolane og styresmaktene.
§ 1-4 Kva ansvar staten har
for forpliktingane til føretaket
(1) Staten heftar ikkje overfor kreditorane
for forpliktingane til føretaket.
(2) Staten pliktar ikkje å gjere innskot i føretaket, eventuelt
konkursbuet til føretaket, utover det som følger av stiftingsdokumentet
eller vedtak om å forhøgje innskotskapitalen.
§ 1-5 Konsern
(1) Eit morføretak utgjer saman med eitt eller
fleire dotterselskap eit konsern.
(2) Eit statsføretak er eit morføretak om det
på grunn av avtale eller som eigar av aksjar eller selskapspartar
har bestemmande innverknad over eit selskap. Eit statsføretak skal
alltid reknast for å ha bestemmande innverknad over eit selskap
når føretaket
-
a. eig så mange aksjar
eller partar i eit selskap at dei representerer fleirtalet av røystene
i selskapet, eller
-
b. har rett til å velje eller avsetje
eit fleirtal av medlemene i styret til selskapet.
(3) Eit selskap som står i eit forhold som nemnt
i andre ledd til eit morføretak, er å rekne som eit dotterselskap.
(4) Ved berekninga av røysterettar og rettar
til å velje eller avsetje styremedlemer skal rettar som morføretaket
og dotterselskapa har, reknast med. Det same gjeld rettar som nokon
som handlar i sitt eige namn har, men som gjer det for morføretaket
eller eit dotterselskap si rekning.
§ 1-6 Forholdet til anna
lovgiving
Forvaltningsloven gjeld ikkje for statsføretak. Statsansatteloven
gjeld ikkje for tilsette i statsføretak.
§ 1-7 Om lova kan fråvikast
Føresegnene i lova kan ikkje fråvikast i vedtektene med
mindre det motsette er særskilt fastsett i lova.
§ 1-8 Utarbeiding og forvaltning
av dokumentasjon
(1) Dokumentasjon som statsføretakslova krev
at ein utarbeider, skal utarbeidast og forvaltast slik at informasjon
ikkje går tapt og dokumentasjonen er tryggja som informasjonskjelder
for samtid og ettertid. Dokumentasjonen skal vere i ei form som
kan lesast og bli forstått, og vere tilgjengeleg frå Noreg.
(2) Krav i denne lova om at meldingar m.m. skal vere
skriftlege, står ikkje i vegen for å bruke digitale løysingar.
(3) Departementet kan i forskrift gi nærare
føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som
er rekna som forsvarleg måte for utarbeiding og oppbevaring av dokument,
og tryggingsnivået for signatur.
Kapittel 3. Kapitalen til føretaket. Utdelingar
frå føretaket
§ 3-1 Krav om forsvarleg
eigenkapital og likviditet
Føretaket skal til kvar tid ha ein eigenkapital
og ein likviditet som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget
av verksemda i føretaket.
§ 3-2 Handleplikt ved tap
av eigenkapital m.m.
(1) Reknar ein med at eigenkapitalen er lågare
enn forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i statsføretaket,
skal styret straks handsame saka og varsle departementet. Departementet
skal innan rimeleg tid etter at det har motteke varselet, kalle
inn til føretaksmøte. Styret skal gi føretaksmøtet ei utgreiing
om den økonomiske stillinga til føretaket. Dersom statsføretaket
ikkje har ein forsvarleg eigenkapital i samsvar med § 3-1, skal
styret i føretaksmøtet foreslå tiltak for å rette på dette.
(2) Om styret ikkje finn grunnlag for å foreslå
tiltak som nemnde i første ledd fjerde punktum, eller om slike tiltak
ikkje lèt seg gjennomføre, skal styret foreslå å løyse opp føretaket.
§ 3-3 Forhøging av innskotskapitalen
ved nyinnbetaling
(1) Etter at statsføretaket er registrert i
Føretaksregisteret, kan føretaksmøtet vedta å auke innskotet frå staten
ved innbetaling av ny kapital.
(2) Styret kan foreslå forhøging av innskotskapitalen
ved nyinnbetaling. Styret skal grunngi eit slikt framlegg og gi
ei kort utgreiing om forhold som ein må leggje vekt på når innskotet
frå staten skal forhøgjast. Dersom føretaksmøtet ikkje skal handsame
årsrekneskapen samtidig, skal utgreiinga også omfatte hendingar
som har inntreft etter siste balansedag, og som er av vesentleg
betydning for statsføretaket.
(3) Det skal gå fram av møteprotokollen kor
mykje innskotet skal forhøgjast med. Er innskotet frå staten andre
formuesverdiar enn pengar, skal protokollen oppgi kva staten skal
skyte inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast
til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i
balansen til føretaket. Styret skal sørgje for å utarbeide ei forklaring
for verdsetjinga, som minst opplyser om dei prinsippa ein har følgt
ved vurderinga av dei verdiane føretaket skal overta. Tidspunktet
for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før vedtaket til
føretaksmøtet. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje
er verdsett høgare enn det tredje punktum tillet, skal følge som
vedlegg til protokollen.
§ 3-4 Registrering av forhøging
av innskotskapitalen i Føretaksregisteret
(1) Vedtaket om å forhøgje innskotskapitalen
skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at føretaksmøtet
har gjort vedtaket. Er forhøginga ikkje meld til Føretaksregisteret
innan fristen har gått ut, kan ho ikkje registrerast. Forpliktinga
staten har til å gjere innskotet, er da ikkje lenger bindande. Det
same gjeld om registreringa blir nekta på grunn av feil som ein ikkje
kan rette.
(2) Før forhøginga av innskotskapitalen blir
meld til Føretaksregisteret, skal innskotet vere ytt fullt ut. § 2-5 andre
ledd andre til femte punktum gjeld tilsvarande.
(3) Forhøginga er å rekne som gjennomført når
ho er registrert i Føretaksregisteret.
§ 3-5 Forhøging av innskotskapitalen
utan nyinnbetaling
(1) Føretaksmøtet kan vedta å forhøgje innskotet
frå staten i statsføretaket ved å overføre frå midlane statsføretaket
kan nytte til utdeling av utbyte etter § 3-8, til innskotskapitalen.
Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal forhøgjast
med.
(2) Forhøginga av innskotskapitalen skal meldast
til Føretaksregisteret. Forhøginga er å rekne som gjennomført når
ho er registrert i Føretaksregisteret.
§ 3-6 Utdelingar frå føretaket
m.m.
(1) Utdeling av midlar frå føretaket til staten
som eigar kan berre skje etter reglane om utbyte, nedsetjing av innskotskapitalen
til staten, fusjon eller fisjon av føretaket og tilbakebetaling
etter oppløysing.
(2) Som utdeling reknar ein alle former for
overføring av verdiar som direkte eller indirekte kjem staten som
eigar av føretaket til gode. Verdien skal bereknast etter balanseført
verdi.
(3) Departementet kan i forskrift fastsetje
at ein annan verdi kan leggjast til grunn for ei nærare angitt utdeling.
§ 3-7 Ulovlege utdelingar
Er det utdelt midlar frå føretaket i strid med
føresegnene i lova, skal staten eller andre som har teke imot utdelinga,
føre tilbake det som er motteke.
§ 3-8 Utbyte
Føretaket kan berre dele ut utbyte så langt
det etter utdelinga har att netto eigedelar som gir dekning for innskotskapitalen
til føretaket. Berekninga skal gjerast på grunnlag av balansen i
den siste godkjende årsrekneskapen til føretaket, men det er den
registrerte innskotskapitalen på vedtakstidspunktet som skal leggjast
til grunn. Aksjeloven § 8-1 tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.
§ 3-9 Vedtak om utbyte
Føretaksmøtet gjer vedtak om utdeling av utbyte
etter at styret har gjort framlegg om utdeling eller annan bruk
av overskot. Føretaksmøtet er ikkje bunde av framlegget frå styret
om utdeling av utbyte.
§ 3-10 Nedsetjing av innskotskapitalen
(1) Føretaksmøtet kan vedta å setje ned innskotskapitalen
til staten. Det beløpet innskotskapitalen skal setjast ned med,
kan berre brukast til
(2) Det skal gå fram av møteprotokollen kor
mykje innskotet skal setjast ned med, og kva det skal brukast til.
Dersom det i samband med nedsetjinga skal skje utdelingar til staten
med større beløp enn nedsetjingsbeløpet, skal dette høgare beløpet
og korleis det skal dekkjast, gå fram av vedtaket til føretaksmøtet.
§ 3-11 Berekning av tap.
Krav til eigenkapital m.m.
(1) Ved berekninga av kva føretaket har i tap
etter § 3-10 første ledd bokstav a, skal balansen i årsrekneskapen
som sist vart godkjend, leggjast til grunn.
(2) Vedtak som nemnt i § 3-10 første ledd bokstav
b og c kan ikkje gjelde større beløp enn at føretaket etter nedsetjinga
har att netto eigedelar som dekkjer innskotskapitalen til føretaket.
Berekninga skal skje på grunnlag av balansen i årsrekneskapen som
sist vart godkjend, men det er den registrerte innskotskapitalen på
vedtakstidspunktet som skal leggjast til grunn. Aksjeloven § 8-1
tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.
§ 3-12 Registrering av nedsetjing
av innskotskapitalen i Føretaksregisteret m.m.
(1) Vedtaket om å setje ned innskotskapitalen
skal meldast til Føretaksregisteret innan to månader etter at føretaksmøtet
har gjort vedtaket. Er nedsetjinga ikkje meld til Føretaksregisteret
innan fristen, fell nedsetjinga av innskotskapitalen bort.
(2) Aksjeloven §§ 12-5 og 12-6 om når nedsetjinga tek
til å gjelde, gjeld tilsvarande.
§ 3-13 Avtalar mellom statsføretaket
og medlemer av leiinga i statsføretaket
(1) Føretaksmøtet skal godkjenne avtalar mellom føretaket
og ein styremedlem eller dagleg leiar når ytinga til føretaket på
det tidspunktet avtalen blir inngått, har ein verdi som er lik eller
større enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Det same gjeld
avtalar mellom føretaket og
Ved vurderinga av kven som er nærståande etter
andre punktum bokstav a, gjeld aksjeloven § 1-5 første ledd tilsvarande.
(2) Styret skal sørgje for at avtalen blir greidd
ut. Allmennaksjeloven § 3-14 gjeld tilsvarande.
(3) Ein avtale som er inngått i strid med første
ledd, er ikkje bindande for føretaket om føretaket godtgjer at medkontrahenten
forstod eller burde ha forstått at føretaksmøtet ikkje har godkjent
avtalen. Utdeling etter ein avtale som ikkje bind føretaket etter
første punktum, skal tilbakeførast. Aksjeloven § 3-7 andre ledd
gjeld tilsvarande.
(4) Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje
-
a. avtale som blir
inngått som ledd i den vanlege verksemda i føretaket, og som er
grunna på vanlege forretningsmessige vilkår og prinsipp
-
b. avtale om løn og godtgjersle til dagleg
leiar og avtale som nemnd i § 5-9.
§ 3-14 Konserninterne transaksjonar
Aksjeloven § 3-9 første og andre ledd om konserninterne
transaksjonar gjeld tilsvarande i konsern der eit statsføretak er
morføretak, jf. § 1-5.
Kapittel 4. Føretaksmøtet
§ 4-1 Myndet til føretaksmøtet
Gjennom føretaksmøtet utøver departementet det øvste
myndet i føretaket. Departementet kan ikkje utøve eigarmyndet i
føretaket på annan måte enn i føretaksmøtet.
§ 4-2 Retten og plikta leiinga
har til å delta i føretaksmøtet
(1) Styreleiar og dagleg leiar skal delta i
føretaksmøtet. Ved gyldig forfall skal det peikast ut ein vara i
staden. Andre styremedlemer kan delta i føretaksmøtet.
(2) Styremedlemer og dagleg leiar har rett til
å uttale seg i føretaksmøtet.
§ 4-3 Ordinært føretaksmøte
(1) Innan seks månader etter utgangen av kvart
rekneskapsår skal det haldast ordinært føretaksmøte.
(2) På det ordinære føretaksmøtet skal følgande
saker handsamast og vedtakast:
-
a. godkjenning av
årsrekneskapen og eventuell årsmelding, inklusive utdeling av utbyte
-
b. andre saker som etter lova eller vedtektene
høyrer under føretaksmøtet.
(3) Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga
skal leggjast ved innkallinga til det ordinære føretaksmøtet.
§ 4-4 Ekstraordinært føretaksmøte
(1) Departementet kan avgjere at det skal kallast
inn til ekstraordinært føretaksmøte.
(2) Departementet skal kalle inn til ekstraordinært føretaksmøte
dersom styret eller revisor skriftleg krev det for å få handsama
eit bestemt angitt emne. Departementet skal sørgje for at føretaksmøtet
blir halde innan éin månad etter at kravet er sett fram.
§ 4-5 Mynde til å kalle inn
til føretaksmøte og krav til innkallinga
(1) Departementet kallar inn til føretaksmøte
ved skriftleg melding til alle styremedlemene, dagleg leiar og revisoren
i føretaket.
(2) Innkallinga skal vere send seinast éi veke
før møtet, om ikkje kortare varsel i særlege tilfelle er påtrengjande
nødvendig.
(3) Innkallinga skal opplyse om tid og stad
for møtet, om møteforma og eventuelt om framgangsmåten for å delta
digitalt. I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast i møtet,
vere klart oppgitt. Framlegg om å endre vedtektene skal også gå
klart fram av innkallinga.
(4) Føretaksmøtet kan ikkje gjere vedtak i andre
saker enn dei som er oppgitt i innkallinga, med mindre alle styremedlemene
og dagleg leiar samtykkjer i det.
§ 4-6 Opplysningsplikta til
leiinga
(1) Departementet kan krevje at styremedlemer
og dagleg leiar på føretaksmøtet gir tilgjengelege opplysningar
om forhold som kan innverke på vurderinga av
-
a. godkjenninga av
årsrekneskapen og årsmeldinga
-
b. saker som er presenterte for føretaksmøtet
til avgjerd
-
c. den økonomiske stillinga i føretaket,
inklusive verksemda i andre selskap som føretaket deltek i, og andre
saker som føretaksmøtet skal handsame, med mindre dei opplysningane
som krevst, vil valde føretaket uforholdsmessig skade.
(2) Dersom leiinga må innhente opplysningar,
slik at svar ikkje kan bli gitt på føretaksmøtet, skal leiinga sende
skriftleg svar til departementet innan to veker etter møtet.
§ 4-7 Møteleiing og protokoll
(1) Føretaksmøtet blir leidd av styreleiaren
om ikkje departementet bestemmer at nokon annan skal leie møtet.
(2) Møteleiaren skal sørgje for at det blir
ført protokoll for føretaksmøtet. Avgjerda til føretaksmøtet og kven
som deltok på møtet, skal gå fram av protokollen. Er nokon av styremedlemene
eller dagleg leiar ueinige i avgjerda til føretaksmøtet, skal oppfatninga
deira førast inn i protokollen.
(3) Møteleiaren og ein annan person som blir
vald blant møtedeltakarane, skal signere protokollen.
(4) Prokollen skal oppbevarast på forsvarleg
vis i heile levetida til føretaket.
Kapittel 5. Styre og dagleg leiar
I. Krav om styre og
dagleg leiar. Val av styre, tenestetid m.m.
§ 5-1 Samansetjinga av styret
m.m.
(1) Føretaket skal ha eit styre med minst tre
medlemer. I føretak der dei tilsette har styrerepresentasjon, jf. § 5-3,
skal styret ha minst fem medlemer.
(2) Berre myndige personar kan vere styremedlemer.
Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret.
(3) Føretaksmøtet vel styremedlemene, som også avgjer
om det skal veljast varamedlemer. Første punktum gjeld ikkje styremedlemer
som dei tilsette skal velje etter § 5-3.
(4) Føretaksmøtet vel styreleiar.
(5) Reglane i aksjeloven § 20-6 om representasjon av
begge kjønn i styret gjeld tilsvarande.
§ 5-2 Dagleg leiar
Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret
tilset. Styret fastset løna til dagleg leiar og andre tilsetjingsvilkår.
Vedtak om å seie opp eller gi avskil til dagleg leiar blir gjort
av styret.
§ 5-3 Retten tilsette har
til å velje styremedlemer
(1) I føretak med fleire enn 30 tilsette kan
eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør
med varamedlemer skal veljast av og blant dei tilsette.
(2) I føretak med fleire enn 50 tilsette kan
eit fleirtal av dei tilsette krevje at inntil ein tredel og minst
to av styremedlemene med varamedlemer skal veljast av og blant dei
tilsette.
(3) I føretak med fleire enn 200 tilsette skal
dei tilsette velje éin styremedlem med varamedlem eller to observatørar
med varamedlemer i tillegg til den representasjonen som følger av
andre ledd.
(4) Kongen kan gi forskrift om berekninga av
talet på tilsette, inklusive om bruk av gjennomsnittstal. Kongen kan
også gi forskrift om valet av styremedlemer, inklusive om vilkår
for røysterett og valførleik, om valmåten og om avgjerd ved tvistar
om valet, og om bortfall av verv som styremedlem. Kongen kan i forskrifta
eller ved enkeltvedtak gjere unntak frå første, andre eller tredje
ledd.
§ 5-4 Retten tilsette har
til å velje styremedlemer i konsernforhold
(1) Når eit statsføretak er morføretak i eit
konsern, kan konsernet inngå skriftleg avtale med eit fleirtal av dei
tilsette i konsernet eller med éin eller fleire lokale fagforeiningar
som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, om at
dei tilsette i konsernet ved at § 5-4 kjem i bruk, skal reknast
som tilsette i føretaket.
(2) Når eit statsføretak er morføretak i eit
konsern, og det ikkje er inngått avtale etter første ledd, kan Kongen
etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette i konsernet
eller éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit
fleirtal av dei tilsette i konsernet, bestemme at ved bruken av
§ 5-3 skal dei tilsette i konsernet reknast som tilsette i føretaket.
(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når
eit statsføretak tilhøyrer ei gruppe av føretak som er knytte saman
gjennom ei felles leiing.
(4) Kongen kan ved enkeltvedtak eller i forskrift
bestemme at paragrafen her skal gjelde for delar av eit konsern
eller ei slik gruppe.
§ 5-5 Tenestetida til styremedlemer
(1) Styremedlemer tenestegjer i to år. Vedtektene kan
fastsetje ei kortare eller lengre tenestetid, men ikkje lengre tid
enn fire år. Ved suppleringsval kan vedtektene fastsetje kortare
tenestetid.
(2) Tenestetida blir rekna frå valet når ikkje
noko anna er bestemt. Ho stansar ved avslutninga av det ordinære
føretaksmøtet i det året tenestetida går ut, dersom ikkje noko anna
er bestemt.
(3) Sjølv om tenestetida er ute, skal styremedlemen bli
ståande i vervet inntil ein ny medlem er vald.
(4) Første og andre ledd gjeld ikkje styremedlemer som
er valde etter § 5-3, jf. § 5-4.
§ 5-6 Avgang og avsetjing
før tenestetida tek slutt
(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før
tenestetida er ute. Styret og departementet skal ha rimeleg førehandsvarsel.
(2) Føretaksmøtet kan når som helst gjere vedtak om
å avsetje ein styremedlem. Dette gjeld likevel ikkje ein styremedlem
som er vald etter § 5-3, jf. § 5-4.
§ 5-7 Suppleringsval
Blir vervet for ein styremedlem avslutta før
tenestetida er ute, skal resten av styret varsle føretaksmøtet om at
styrevervet har opphøyrt. Dersom det ikkje finst varamedlem, skal
føretaksmøtet velje ein ny styremedlem for resten av tenestetida.
Det same gjeld om ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne
eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og
143. Val av ny styremedlem kan utsetjast til neste ordinære føretaksmøte
dersom styret framleis er vedtaksført.
§ 5-8 Varamedlemer og observatørar
Føresegnene i lova her om styremedlemer gjeld
tilsvarande for varamedlemer og observatørar så langt dei passar.
§ 5-9 Godtgjersle
Føretaksmøtet fastset godtgjersle til styremedlemer,
varamedlemer og observatørar. Ved konkurs fell retten til godtgjersle
bort frå konkursopninga.
II. Oppgåvene til leiinga,
sakshandsaming m.m.
§ 5-10 Forvaltninga av føretaket
(1) Forvaltninga av føretaket høyrer under styret. Styret
skal sørgje for forsvarleg organisering av verksemda.
(2) Styret skal fastsetje planar og budsjett
for verksemda til føretaket. Styret kan også fastsetje retningslinjer
for verksemda.
(3) Styret skal halde seg orientert om gjennomføringa
av formålet og den økonomiske stillinga til føretaket. Styret pliktar
å sjå til at verksemda, rekneskapen og formuesforvaltninga til føretaket
blir kontrollert på forsvarleg vis.
(4) Styret set i verk dei undersøkingane det
finn nødvendig for å kunne utføre oppgåvene sine. Styret skal setje
i verk slike undersøkingar dersom éin eller fleire av styremedlemene
krev det.
§ 5-11 Særlege avgrensingar
i myndet til styret m.m.
(1) Før styret gjer vedtak i saker som ein reknar
med kan ha vesentleg betydning for formålet til føretaket, eller
som i vesentleg grad vil endre karakteren til verksemda, skal saka
leggjast fram skriftleg for departementet. Vedtektene kan fastsetje
nærare reglar om kva saker som skal leggjast fram for departementet
etter første punktum.
(2) I vedtektene kan det fastsetjast reglar
om høvet til og avgrensingar føretaket har for å ta opp lån og stille garantiar.
For avtalar som er i strid med slike vedtektsføresegner, gjeld § 5-32.
(3) Styret kan ikkje utan samtykke frå føretaksmøtet inngå
avtale om deltaking i eit selskap eller eit anna samarbeidsforhold
der føretaket har eit uavgrensa ansvar for dei samla forpliktingane
den felles verksemda har, eller for delar av desse forpliktingane.
§ 5-12 Tilsynsansvaret til
styret
(1) Styret skal føre tilsyn med den daglege
leiinga og verksemda til føretaket elles.
(2) Styret kan fastsetje instruks for den daglege
leiinga.
§ 5-13 Dagleg leiing
(1) Dagleg leiar står for den daglege leiinga
av verksemda til føretaket og skal følge dei retningslinjene og pålegga
styret har gitt.
(2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker
som etter forholda til føretaket er av uvanleg art eller stor betydning.
(3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter
fullmakt frå styret i det enkelte tilfellet eller når det ikkje
går å vente på vedtaket frå styret utan vesentleg ulempe for føretaket.
Styret skal snarast underrettast om avgjerda.
(4) Dagleg leiar skal sørgje for at rekneskapen
til føretaket er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltninga
er ordna på forsvarleg vis.
§ 5-14 Pliktene dagleg leiar
har overfor styret
(1) Dagleg leiar skal minst kvar fjerde månad
orientere styret om verksemda til føretaket, inklusive om gjennomføringa
av formålet til føretaket og om stillinga og resultatutviklinga
til føretaket.
(2) Styret kan til kvar tid krevje at dagleg
leiar gir styret ei nærare utgreiing om bestemte saker. Slik utgreiing kan
også den enkelte styremedlemen krevje.
§ 5-15 Forholdet mellom dotterselskap
og morføretak
(1) Styret i eit dotterselskap har plikt til
å gi styret i morselskapet opplysningar som er nødvendige for å vurdere
stillinga til konsernet og resultatet av verksemda til konsernet.
(2) Morselskapet skal underrette styret i eit
dotterselskap om forhold som kan ha betydning for konsernet som
heilskap. Morselskapet skal også underrette styret i dotterselskapet
om avgjerder som kan ha betydning for dotterselskapet, før morselskapet
tar ei endeleg avgjerd.
§ 5-16 Krav om gjelds- og
konkurshandsaming
(1) Krav om gjeldsforhandling eller konkursforhandling
for føretaket kan berre setjast fram av styret.
(2) Under konkurshandsaming representerer styret føretaket
som konkursskuldnar.
§ 5-17 Sakshandsaminga til
styret
(1) Styret skal handsame saker i møte, med mindre styreleiaren
finn at saka kan leggjast fram skriftleg eller handsamast på annan
måte. Handsamingsmåten skal vere forsvarleg.
(2) Styreleiaren skal sørgje for at styremedlemene om
mogleg kan delta i ei samla handsaming av dei sakene som skal handsamast.
Kvar styremedlem og dagleg leiar kan krevje at saka blir handsama
i møte. Dersom ei sak skal handsamast i møte, bestemmer styreleiaren møteforma.
Meir enn halvdelen av medlemene i styret kan likevel krevje at møtet
blir halde som fysisk eller digitalt møte.
(3) Styreleiaren leier styrehandsaminga. Deltek
verken styreleiaren eller varaleiaren, vel styret ein leiar for styrehandsaminga.
(4) Dagleg leiar har rett og plikt til å delta
og til å uttale seg når styret handsamar saker, med mindre styret har
bestemt anna i den enkelte saka.
§ 5-18 Krav om styrehandsaming
m.m.
(1) Styreleiaren skal sørgje for handsaming
av aktuelle saker som høyrer inn under styret.
(2) Styremedlemene og dagleg leiar kan krevje
at styret handsamar bestemte saker.
§ 5-19 Førebuing av saker
(1) Dagleg leiar førebur saker som styret skal
handsame, i samråd med styreleiaren.
(2) Ei sak skal førebuast og leggjast fram slik
at styret har eit tilfredsstillande grunnlag for handsaminga.
§ 5-20 Varsel om styrehandsaming
Styrehandsaming skal varslast på tenleg måte
og med nødvendig frist.
§ 5-21 Styreinstruks
(1) I føretak der dei tilsette har representasjon
i styret, skal styret fastsetje ein styreinstruks som gir nærare reglar
om arbeidet og sakshandsaminga til styret.
(2) Instruksen skal mellom anna innehalde reglar om
kva saker styret skal handsame, kva arbeidsoppgåver dagleg leiar
har, og kva plikter dagleg leiar har overfor styret. Instruksen
skal også innehalde reglar for innkalling og møtehandsaming.
(3) Kongen kan gi forskrift om styreinstruks.
§ 5-22 Når styret kan gjere
vedtak
(1) Styret kan gjere vedtak når meir enn halvdelen av
medlemene er til stades eller deltek i styrehandsaminga, om ikkje
strengare krav er fastsette i vedtektene.
(2) Styret kan likevel ikkje gjere vedtak utan
at alle styremedlemene, om det er mogleg, er gitt høve til å delta
i handsaminga av saka.
(3) Melder nokon forfall, og det finst varamedlem, skal
varamedlemen innkallast.
§ 5-23 Alminnelege fleirtalskrav
(1) Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei
styremedlemene som er med på handsaminga av ei sak, har røysta for.
Ved likt røystetal gjeld det som møteleiaren har røysta for. Dei
som har røysta for eit framlegg som inneber ei endring, må likevel
alltid utgjere meir enn ein tredel av alle styremedlemene i føretaket.
(2) Strengare røystereglar kan fastsetjast i
vedtektene.
§ 5-24 Fleirtalskrav ved
val og tilsetjingar
(1) Ved val og tilsetjingar er den som får flest
røyster, å rekne som vald eller tilsett. Styret kan på førehand
bestemme at det skal haldast ny avrøysting dersom ingen får fleirtal
av dei gitte røystene.
(2) Står røystetalet likt ved val av dagleg
leiar, gjeld det som møteleiaren har røysta for.
(3) Strengare røystereglar kan fastsetjast i
vedtektene.
§ 5-25 Inhabilitet
Ein styremedlem må ikkje delta i handsaminga
eller ved avgjerda av spørsmål som har så mykje å seie for eigen
del eller for nokon nærståande at medlemen må reknast for å ha framståande
personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Det same gjeld for
dagleg leiar. Aksjeloven § 1-5 første ledd gjeld tilsvarande for
kven som skal reknast som nærståande.
§ 5-26 Misbruk av posisjon
i føretaket
(1) Styret og andre som etter §§ 5-29 til 5-31
representerer føretaket, må ikkje gjere noko som er eigna til å gi
nokon ein urimeleg fordel til skade for føretaket.
(2) Styret og dagleg leiar skal ikkje rette
seg etter vedtak av føretaksmøtet eller eit anna føretaksorgan dersom
vedtaket strir mot lov eller mot vedtektene til føretaket.
§ 5-27 Forbod mot å ta imot
gåver m.m.
(1) Dei som er tilsette eller har tillitsverv
i føretaket, skal ikkje for seg eller andre ta imot gåver, provisjonar, tenester
eller andre ytingar frå andre enn føretaket som er eigna til, eller
av givaren meinte, å påverke handlingane deira for føretaket. Det
same gjeld gåver m.m. som det er forbode å ta imot etter instruks
frå føretaksmøtet eller styret.
(2) Gåver, tenester eller andre ytingar som
er nemnde i første ledd, kan heller ikkje takast imot av ektefellen til
vedkomande, av ein person som vedkomande lever saman med, eller
av eit selskap der ein person som nemnd i første ledd, aleine eller
samla har bestemmande innverknad over verksemda.
(3) Den som har teke imot ei yting i strid med
forbodet i paragrafen her, pliktar å betale føretaket eit beløp som
svarer til verdien av det som urettmessig er motteke.
§ 5-28 Styreprotokoll
(1) Det skal førast protokoll over styrehandsaminga. Protokollen
skal minst opplyse om tid og stad, deltakarar, handsamingsmåte og
vedtak frå styret. Det skal gå fram at sakshandsaminga oppfyller
krava i § 5-22.
(2) Er ikkje vedtaket til styret einrøystes,
skal protokollen opplyse om kven som har røysta for og imot. Når styremedlemer
eller dagleg leiar ikkje er einige i eit vedtak, kan dei krevje
å få oppfatninga si ført inn i protokollen.
(3) Alle medlemene som har delteke i styrehandsaminga,
skal signere protokollen.
(4) Protokollen skal snarast, og seinast fjorten
dagar etter at styreprotokollen er godkjend av styret, sendast til
departementet.
(5) Protokollen skal oppbevarast på forsvarleg
vis i heile levetida til føretaket.
III. Forholda til føretaket
utetter
§ 5-29 Representasjon utetter
Styret representerer føretaket utetter og teiknar
føretaksnamnet til føretaket.
§ 5-30 Fullmakt til å teikne
føretaksnamnet til føretaket
(1) Styret kan gi styremedlemer eller dagleg
leiar rett til å teikne føretaksnamnet til føretaket. Slik fullmakt
kan fastsetjast i vedtektene, som også kan avgrense myndet styret
har til å gi rett til å teikne føretaksnamnet til føretaket.
(2) Retten til å teikne føretaksnamnet til føretaket kan
når som helst kallast tilbake. Styret kan kalle tilbake vedtektsfesta
fullmakt når ein ikkje kan vente på vedtak frå føretaksmøtet utan
å valde føretaket skade.
§ 5-31 Representasjonen til
dagleg leiar utetter
Dagleg leiar representerer føretaket utetter
i saker som inngår i den daglege leiinga.
§ 5-32 Overskriding av mynde
Har nokon som representerer føretaket utetter
etter reglane i §§ 5-29 til 5-31, ved disposisjon på vegner av føretaket
gått ut over myndet sitt, er disposisjonen ikkje bindande for føretaket
når føretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha
forstått at myndet vart overskride, og det ville vere uheiderleg
å gjere disposisjonen gjeldande.
§ 5-33 Manglar ved val av
styreleiar eller tilsetjing av dagleg leiar
Etter at val av styremedlem eller tilsetjing
av dagleg leiar er registrert i Føretaksregisteret, kan manglar
ved valet eller tilsetjinga ikkje påkallast overfor ein tredjepart,
med mindre føretaket godtgjer at tredjeparten kjente til mangelen.
Kapittel 7. Føretaksendringar m.m.
§ 7-1 Fusjon (samanslåing)
med anna statsføretak
(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at
eit statsføretak (det overtakande føretaket) skal overta eigedelane,
rettane og forpliktingane til eit anna statsføretak (det overdragande
føretaket) som heilskap.
(2) Når det er gjort vedtak etter første ledd,
skal styra i føretaka som skal slåast saman, utarbeide ein felles
fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at føretaksmøta i føretaka
godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9,
13-11 og 13-13 til 13-17 gjeld tilsvarande så langt dei passar.
§ 7-2 Fisjon (deling) av
statsføretak
(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at
eit statsføretak (det overdragande føretaket) skal
-
a. fordele eigedelane,
rettane og forpliktingane sine på føretaket sjølv og eitt eller
fleire overtakande statsføretak, eller
-
b. fordele eigedelane, rettane og forpliktingane
sine på to eller fleire overtakande statsføretak.
(2) Styret i det overdragande føretaket skal
utarbeide ein fisjonsplan. Aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 14-4
første ledd nr. 1 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar.
Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak skal styra i
dei føretaka som deltek, utarbeide ein felles fisjonsplan.
(3) I det overdragande føretaket blir fisjonen
vedteken ved at føretaksmøtet godkjenner fisjonsplanen. Ved fisjon
ved overføring til eksisterande føretak er det føretaksmøtet i det
eller dei overtakande føretaka som gjer vedtaket om fisjon.
(4) Aksjeloven §§ 14-7 til 14-11 gjeld tilsvarande
så langt føresegnene passar.
§ 7-3 Fusjon (samanslåing)
av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap
(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at
eit statsføretak (det overdragande føretaket) kan overdra eigedelane,
rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit aksjeselskap
eller eit allmennaksjeselskap (det overtakande selskapet) mot at
staten får ei av desse formene for vederlag:
(2) Ved fusjonen gjeld reglane om fusjon i aksjeloven
§§ 13-3 til 13-22 tilsvarande dersom det overtakande selskapet er
eit aksjeselskap, og reglane om fusjon i allmennaksjeloven §§ 13-3
til 13-23 dersom det overtakande selskapet er eit allmennaksjeselskap.
Når reglane i aksjeloven eller allmennaksjeloven blir nytta, er
det føretaksmøtet som blir rekna som generalforsamlinga til det
overdragande føretaket.
§ 7-4 Fusjon (samanslåing)
av eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit
statsføretak m.m.
(1) Eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap
(det overdragande selskapet) kan overdra eigedelane, rettane og
forpliktingane sine som heilskap til eit statsføretak (det overtakande
føretaket). Styra i det overdragande selskapet og det overtakande
føretaket skal utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken
ved at generalforsamlinga i det overdragande selskapet og føretaksmøtet
i det overtakande føretaket godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene
i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 eller allmennaksjeloven
§§ 13-6, 13-11 og 13-14 til 13-18 gjeld tilsvarande så langt dei
passar.
(2) Første ledd gjeld tilsvarande ved fusjon
mellom eit heileigd dotterselskap til eit statsføretak og statsføretaket,
der statsføretaket er det overtakande føretaket.
§ 7-5 Omdanning av statleg
verksemd til statsføretak
(1) Ei statleg verksemd eller ein del av ei
slik verksemd kan som heilskap overførast til eit statsføretak ved at
eigedelar, rettar og forpliktingar som er knytte til verksemda,
blir overførte til eit statsføretak.
(2) Det skal utarbeidast ein plan for overføringa. Skal
statsføretaket stiftast i samband med overføringa, skal planen takast
inn i stiftingsdokumentet, jf. § 2-2. Føresegnene om stifting av
statsføretak i lova her gjeld tilsvarande. Skal verksemda overførast
til eit eksisterande statsføretak, skal leiinga av den statlege
verksemda og styret i statsføretaket utarbeide planen i fellesskap. Føretaksmøtet
til statsføretaket skal godkjenne planen.
(3) Føresegnene i aksjeloven §§ 13-9, 13-11
og 13-13 til 13-17 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar.
§ 7-6 Omdanning av statsaksjeselskap
eller statsallmennaksjeselskap til statsføretak m.m.
(1) Eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap
kan dannast om til eit statsføretak ved at generalforsamlinga til
selskapet gjer vedtak om dette. Selskapet må ved omdanninga ha ein
eigenkapital som minst svarer til innskotskapitalen som følger av
vedtektene statsføretaket skal ha etter at statsføretaket er oppretta.
Føresegnene om stifting av statsføretak i lova her gjeld tilsvarande.
(2) Styret i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet
skal utarbeide eit framlegg til omdanningsvedtak og ein plan for
omdanninga. Planen skal mellom anna innehalde framlegg til vedtekter
for statsføretaket.
(3) Aksjeloven §§ 15-2 og 15-3 gjeld tilsvarande.
(4) Kongen kan i forskrift eller for det enkelte
tilfellet gi nærare føresegner om omdanning til statsføretak etter
paragrafen her.
§ 7-7 Omdanning av statsføretak
til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap
(1) Eit statsføretak kan dannast om til eit
statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap ved at føretaksmøtet
til føretaket gjer vedtak om dette. Føretaket må ved omdanninga
ha ein eigenkapital som minst svarer til den aksjekapitalen som
aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet som føretaket skal dannast
om til, skal ha. Reglane om utgreiing i aksjeloven og allmennaksjeloven
§ 2-6 gjeld tilsvarande.
(2) § 7-6 andre og tredje ledd gjeld tilsvarande.
(3) Kongen kan i forskrift eller for det enkelte
tilfellet gi nærare føresegner om omdanning til statsaksjeselskap
eller statsallmennaksjeselskap etter paragrafen her.
Kapittel 8. Oppløysing og avvikling
§ 8-1 Vedtak om oppløysing
Vedtak om å løyse opp føretaket blir gjort av
Kongen i statsråd.
§ 8-2 Vedtak om val av avviklingsstyre
og avviklingsmåte
(1) Når Kongen i statsråd har vedteke å løyse
opp føretaket, skal departementet innan to veker kalle inn til og
halde føretaksmøte der det blir valt eit avviklingsstyre og gitt
nærare reglar om avviklingsmåten.
(2) Når avviklingsstyret er valt, trer det ordinære styret
og dagleg leiar ut av funksjon.
§ 8-3 Melding til Føretaksregisteret
Vedtak om å løyse opp føretaket skal straks
meldast til Føretaksregisteret.
§ 8-4 Kreditorvarsel
(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing
skal Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å løyse opp føretaket
i den digitale kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistera.
I kunngjeringa skal kreditorane til føretaket varslast om at dei
må melde krava sine til leiaren av avviklingsstyret innan seks veker
frå kunngjeringa. Namnet og adressa til leiaren skal gå fram av kunngjeringa.
(2) Alle kreditorar med kjend adresse skal,
om det er mogleg, varslast særskilt av føretaket.
§ 8-5 Stillinga til føretaket
under avviklinga
Aksjeloven § 16-5 om stillinga til selskapet
under avviklinga gjeld tilsvarande for føretaket.
§ 8-6 Avviklingsbalanse m.m.
(1) Styret skal lage ei oversikt over eigedelane,
rettane og forpliktingane til føretaket og gjere opp ein balanse
med tanke på avviklinga.
(2) Oversikta og balansen skal reviderast.
(3) Oversikta og balansen skal i revidert stand
sendast til departementet.
§ 8-7 Dekning av forpliktingane
til føretaket
(1) Styret skal sørgje for at forpliktingane
til føretaket blir dekte så langt ikkje ein kreditor har gitt avkall
på krav eller samtykkjer i å ta ein annan som skyldnar i staden.
(2) Om ein kreditor ikkje blir funnen eller
nektar å ta imot det som kreditoren har til gode, skal beløpet deponerast
i Noregs Bank etter reglane i lov om deponering i gjeldshøve.
§ 8-8 Utdeling til staten
(1) Utdeling av midlar frå føretaket til staten
av anna overskot enn utbyte etter § 3-8 kan ikkje skje før forpliktingane
til føretaket er dekte og det er gått minst seks veker sidan kunngjeringa
av kreditorvarselet i den digitale kunngjeringspublikasjonen til
Brønnøysundregistera etter § 8-4.
(2) Utdeling kan likevel skje når det berre
står att uvisse eller omtvista forpliktingar og det blir avsett
eit tilstrekkeleg beløp til dekning av dei. Med mindre anna er avtalt,
skal beløpet setjast inn på felleskonto for føretaket og den kreditoren
det gjeld, slik at uttak ikkje kan gjerast utan skriftleg samtykke
frå begge partane eller endeleg dom.
§ 8-9 Endeleg oppløysing
(1) Etter at utdelinga er avslutta, skal styret
leggje fram eit revidert sluttoppgjer for føretaksmøtet.
(2) Når sluttoppgjeret er godkjent av føretaksmøtet, skal
styret melde til Føretaksregisteret at føretaket er endeleg oppløyst.
(3) Føresegnene om oppbevaringsplikt for selskapsdokument
m.m. i aksjeloven § 16-10 fjerde og femte ledd gjeld tilsvarande
for avviklingsstyret.
§ 8-10 Ansvar for udekte
forpliktingar
(1) Overfor kreditorar som ikkje har fått dekning
etter § 8-7 og heller ikkje er tilstrekkeleg tryggja ved avsetning
etter § 8-8 andre ledd, heftar staten inntil verdien av det som
staten har teke imot ved oppløysinga av føretaket. Overfor slike
kreditorar heftar dessutan styremedlemene solidarisk utan avgrensing
dersom det ikkje blir godtgjort at dei har opptredd med tilbørleg
aktsemd.
(2) Krav frå kreditorar etter første ledd blir
forelda tre år etter at den endelege oppløysinga av føretaket vart registrert
i Føretaksregisteret.