Sammendrag

Landskapet i Noreg er prega av høge fjell, tronge dalar og djupe fjordar, og inneheld geologisk unge og til dels ustabile lausmassar. Skred og flaum er naturleg i eit slikt landskap, og samfunnet må vere førebudd på at alvorlege hendingar kan skje. Regjeringa viser i meldinga til at dei vil møte utfordringane med ei rekke tiltak for å førebygge skade og auke tryggleiken for folk. Førebygging er kartlegging av fare, god arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking og varsling. Det er òg avgjerande med god beredskap og evne til å handtere kriser når dei oppstår, saman med forsking og kunnskap som gir betre forståing og handtering på sikt.

Regjeringa påpeikar at den grunnleggande utfordringa for samfunnet er at vi tar i bruk areal som frå naturen si side er utsett for flaum, skred eller andre naturfarar. Klimaendringar gjer dessutan at område som tidlegare ikkje var utsette for fare, er det no eller vil bli det i framtida. Endringar i korleis vi bruker område, gjennom bygging og terrenginngrep, kan òg auke faren for flaum, overvatn og skred. Mange hus i Noreg er bygde i område som ikkje oppfyller dagens tryggleikskrav for nye bygningar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har estimert at meir enn 300 000 menneske bur i område som er utsette for ulike typar skred og flaum.

Flaum og skred utfordrar heile samfunnet. Flaum- og skredhendingar fører til store kostnader i form av skade på helse, tap av liv og materielle skadar, dei hindrar næringsverksemd og svekker evna til å levere offentlege tenester. Kvikkleireskredet i Gjerdrum i 2020 og ekstremvêret Hans i 2023 var alvorlege hendingar og døme på dette. Det er potensial for svært store ulykker i samband med kvikkleireskred, store flaumar og store fjellskred. Dei siste tiåra har det vore ein aukande tendens til dødsfall ved snøskred i samband med friluftsliv.

Eit viktig utgangspunkt for meldinga er NOU 2022:3 På trygg grunn – Bedre håndtering av kvikkleirerisiko, som Gjerdrumutvalet la fram. Utvalet foreslo fleire tiltak, ikkje berre retta mot handtering av kvikkleire, men òg mot flaum og skred generelt. Andre utgangspunkt er «Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med å tilpasse infrastruktur og bebyggelse til et klima i endring» (Dokument 3:6 (2021–2022)), og Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, jf. Innst. 161 S (2023–2024).

Meldinga dekker alle fasar i arbeidet med flaum og skred – frå førebygging av hendingar, via handtering under ei hending til fasen etter ei hending. Meldinga beskriv farar og konsekvensar knytte til ulike typar flaum og skred, lovverket, risikohandtering, ansvarsdelinga mellom dei ulike aktørane og organiseringa av forvaltninga. Hovudvekta i meldinga ligg på naturfaretypane flaum og skred, men tilgrensande farar som overvatn, stormflod og havnivåstiging er òg omtalte.

Tryggleik for folk der dei bur, er det som får størst merksemd, men i tillegg omtaler meldinga landbruk, samferdsel og annan infrastruktur. Meldinga er tett knytt til Energidepartementet og NVE sine forvaltningsområde innan førebygging, slik som bistand til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking og varsling. Vidare omhandlar meldinga delar av ansvarsområda til andre departement.

Meldinga påpeikar at regjeringa vil styrke arbeidet med førebygging for å auke tryggleiken for innbyggarane. Førebygging omfattar både sikringstiltak og tiltak knytte til kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling. Beredskapen og krisehandteringa må òg styrkast. Dette er eit arbeid som krev systematisk innsats over lang tid.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på saka si side på stortinget.no.