Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram
forslag om revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Sunnfjord
kommune gjennom å forlenge innkrevjinga av bompengar med fem år.
Stortinget slutta seg til Førdepakken gjennom handsaminga
av Prop. 137 S (2014–2015) Utbygging og finansiering av Førdepakken
i Sogn og Fjordane og Innst. 394 S (2014–2015). Førdepakken er ein
bypakke som omfattar tjue prosjekt fordelt på kommunal veg, fylkesveg
og riksveg, samt ei ramme til mindre tiltak. Bompengeinnkrevjinga
starta opp hausten 2016 og skulle halde fram i tolv år, til hausten
2028.
Det viser seg no at det ikkje lar seg gjere
å finansiere alle tiltaka i porteføljen innafor den økonomiske ramma
for Førdepakken. Fleire av prosjekta har vorte meir kostnadskrevjande
enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har gjennomsnittstaksten
vore lågare enn føresett som følge av lågt passeringstak. Det økonomiske handlingsrommet
for å auke bompengeinntektene er no utnytta, då lokale styresmakter
har slutta seg til justering av grunntakstane slik at gjennomsnittstaksten
i Førdepakken frå Prop. 137 S (2014–2015) vert oppretthaldt over
tid.
For å finansiere dei planlagde prosjekta har
Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å auke
inntektene gjennom å utvide innkrevjingsperioden. Med det nye opplegget
vert bompengeinnkrevjinga forlenga med fem år frå oktober 2028 til
oktober 2033. Det vert ingen endringar elles i bompengeopplegg,
takst- og rabattnivå og styring av pakken gjennom porteføljestyring.
Utvida innkrevjingsperiode er rekna å gje eit bompengebidrag på
615 mill. 2024-kroner og ytterlegare 126 mill. kroner i mva.-kompensasjon.
Då vert det mogleg å finansiere alle dei tjue tiltaka i Førdepakken.
I Prop. 137 S (2014–2015) er det lagt opp til
å bygge ut 20 prosjekt i Førdepakken. Fire av desse prosjekta er slått
saman til to prosjekt, slik at det no er 18 prosjekt totalt. Desse
er fordelt på seks prosjekt på kommunal veg (kv.), sju på fylkesveg
(fv.) og fem på riksveg (rv.). Utbygginga starta opp i 2015.
Alle prosjekta på riksveg og kommunal veg er
ferdigstilt eller under bygging, medan tre prosjekt står att på
fylkesveg. Sjølv om prosjekta er fullførte, hadde dei fleste av
desse attståande kostnader til grunnerverv og sluttavrekning per
31. desember 2023. Pågåande prosjekt er i prosjekterings- eller
byggefase, medan attståande prosjekt er i reguleringsfase.
Finansieringa av Førdepakken for perioden 2016–2028
var basert på bompengar, kommunale midlar, fylkeskommunale midlar
og statlege midlar, i tillegg til mva.-refusjon innanfor ei økonomisk
ramme på totalt 1 650 mill. 2015-kroner. Av dette var bompengebidraget føresett
å utgjere 983 mill. 2015-kroner.
Fram til utgangen av 2023 hadde Førdepakken
finansiert prosjekt til ein samla kostnad på 1 221 mill. 2024-kroner.
Av dette utgjer bompengebidraget 667 mill. kroner. Staten har bidrege
med 186 mill. kroner, medan fylkeskommunen og kommunen har bidrege med
høvesvis 151 mill. kroner og 217 mill. kroner inkl. mva.-kompensasjon.
Tala er oppjustert frå 2023-kroner til 2024-kroner med bruk av ein
budsjettindeks på 4 pst. Frå innkrevjinga av bompengar starta i
2016 og fram til utgangen av 2023 vart det kravd inn 778 mill. i
laupande kroner. Likviditeten i Førdepakken er god, og pakken har
ikkje gjeld.
Det reviderte finansieringsopplegget med forlenging
av bompengeinnkrevjinga i perioden 2028–2033 er rekna å gje eit
bompengebidrag på 615 mill. kroner. Det er også lagt til grunn ytterlegare
126 mill. kroner i mva.-kompensasjon. Saman med midlane som står
att frå tidlegare, gjev dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden
2024–2033 på 2 157 mill. 2024-kroner.