1. Samandrag

I proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet (BFD) fram endringsforslag til statsbudsjettet for 2024 som gjeld dei kapitla og postane som er omhandla nedanfor.

1.1 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

1.1.1 Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1

Løyvinga på posten dekkjer utgifter det statlege barnevernet har til kjøp av barnevernstiltak frå private leverandørar. Dette omfattar både kjøp frå ideelle og kommersielle leverandørar.

Bufetat har per august i år hatt 141 tilfelle der det ut frå etatens eiga vurdering har vore brot på bistandsplikta. Situasjonen er alvorleg. Barn får ikkje plass i barnevernsinstitusjon når dei treng det. Bufetat er i ein krevjande økonomisk situasjon som mellom anna gjorde at etaten fekk ei tilleggsløyving på 150 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dette viser seg å ikkje vere tilstrekkeleg.

Behovet for å vareta bistandsplikta, samstundes som ressursane vert brukte effektivt, er den største kortsiktige utfordringa i institusjonsbarnevernet. Bufdir arbeider for å forbetre situasjonen, avgrense utgiftsauken og auke kapasiteten på institusjonane. Dei viktigaste tiltaka for å betre situasjonen er å halde fram med å auke talet på statlege plassar, sikre stabil bemanning, og gjennomgang av marknaden med kontraktsoppfølging av private leverandørar. BFD har bedt Bufdir leggje til rette for stabilitet og ha eit langsiktig perspektiv på kapasitet i den private marknaden.

Det er no eit meirbehov til kjøp av private institusjonsplassar, i hovudsak grunna auka behov for einskilde kjøp samanlikna med tal i revidert nasjonalbudsjett.

Einskilde kjøp har høgare prisar i marknaden enn dei eksisterande alternativa. Fleire einskilde kjøp fører, saman med større behov hos barna og færre tilbydarar i marknaden, òg til at prisane på tiltaka aukar samanlikna med vedteke budsjett. Dette meirbehovet utgjer 440 mill. kroner.

Det er òg ein auke i talet barn i private beredskapsheimar. Dette utgjer om lag 18 mill. kroner knytte til private fosterheimar.

I statsbudsjettet for 2024 vart det løyvd 10 mill. kroner til å auke talet på institusjonsplassar frå ideelle leverandørar. Det er førebels innvilga etableringsstøtte til fem ideelle leverandørar, der det er vurdert at kapasiteten er nyoppretta og krev tilsetjing av personale. Det ligg likevel an til eit mindreforbruk i 2024 på om lag 3 mill. kroner, grunna manglande tilbod frå ideelle leverandørar i innkjøpet av plassar for ei målgruppe. Mindreutgifta vert nytta til å dekkje resterande meirutgifter.

Samla vert det føreslått å auke løyvinga på posten med 458 mill. kroner.

1.2 Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

1.2.1 Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Mindre endringar i opphaldsdagar gir ei meirinntekt på 25 mill. kroner. I tillegg er det ein auke i anslaga utover normert sats. Dette skriv seg frå utgiftsdeling med kommunane dersom barna har rettar etter andre regelverk. Dette gir ei meirinntekt på 50 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett.

BFD føreslår å auke inntektene på posten med 75 mill. kroner.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.