1.1.1 Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1
Løyvinga på posten dekkjer utgifter det statlege
barnevernet har til kjøp av barnevernstiltak frå private leverandørar.
Dette omfattar både kjøp frå ideelle og kommersielle leverandørar.
Bufetat har per august i år hatt 141 tilfelle
der det ut frå etatens eiga vurdering har vore brot på bistandsplikta.
Situasjonen er alvorleg. Barn får ikkje plass i barnevernsinstitusjon
når dei treng det. Bufetat er i ein krevjande økonomisk situasjon
som mellom anna gjorde at etaten fekk ei tilleggsløyving på 150
mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dette viser
seg å ikkje vere tilstrekkeleg.
Behovet for å vareta bistandsplikta, samstundes som
ressursane vert brukte effektivt, er den største kortsiktige utfordringa
i institusjonsbarnevernet. Bufdir arbeider for å forbetre situasjonen,
avgrense utgiftsauken og auke kapasiteten på institusjonane. Dei
viktigaste tiltaka for å betre situasjonen er å halde fram med å
auke talet på statlege plassar, sikre stabil bemanning, og gjennomgang
av marknaden med kontraktsoppfølging av private leverandørar. BFD
har bedt Bufdir leggje til rette for stabilitet og ha eit langsiktig
perspektiv på kapasitet i den private marknaden.
Det er no eit meirbehov til kjøp av private
institusjonsplassar, i hovudsak grunna auka behov for einskilde
kjøp samanlikna med tal i revidert nasjonalbudsjett.
Einskilde kjøp har høgare prisar i marknaden
enn dei eksisterande alternativa. Fleire einskilde kjøp fører, saman
med større behov hos barna og færre tilbydarar i marknaden, òg til
at prisane på tiltaka aukar samanlikna med vedteke budsjett. Dette
meirbehovet utgjer 440 mill. kroner.
Det er òg ein auke i talet barn i private beredskapsheimar.
Dette utgjer om lag 18 mill. kroner knytte til private fosterheimar.
I statsbudsjettet for 2024 vart det løyvd 10
mill. kroner til å auke talet på institusjonsplassar frå ideelle
leverandørar. Det er førebels innvilga etableringsstøtte til fem
ideelle leverandørar, der det er vurdert at kapasiteten er nyoppretta
og krev tilsetjing av personale. Det ligg likevel an til eit mindreforbruk
i 2024 på om lag 3 mill. kroner, grunna manglande tilbod frå ideelle
leverandørar i innkjøpet av plassar for ei målgruppe. Mindreutgifta
vert nytta til å dekkje resterande meirutgifter.
Samla vert det føreslått å auke løyvinga på
posten med 458 mill. kroner.