3. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen
og Trine Lise Sundnes, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou,
Erna Solberg og leiaren Ine Eriksen Søreide, frå Senterpartiet,
Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe, frå Framstegspartiet,
Sylvi Listhaug og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa,
frå Raudt, Bjørnar Moxnes, frå Venstre, Guri Melby, frå Kristeleg
Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant Christian
Tybring-Gjedde, viser til Meld. St. 30 (2023–2024) om internasjonalt samarbeid
om atomtryggleik og miljø i eit endra Europa.
Komiteen viser til
at Noreg sidan 1990-talet har bidratt internasjonalt til atomtryggleik
og miljø med mål om å redusera risiko for alvorlege ulykker og radioaktiv
forureining samt å hindra at radioaktivt avfall kjem på avvegar.
Innsatsen utgjer 2,5 mrd. kroner over desse åra. Komiteen merkar
seg at norsk innsats har hatt hovudvekt på Nordvest-Russland der
sivil og militær atomverksemd over lengre tid har skapt store utfordringar.
Gitt den geografiske nærleiken er denne innsatsen også i norsk interesse.
Gjennom bilateralt samarbeid har atomubåtar blitt hogde opp, radioaktive
kjelder i fyrlykter fjerna, kjernekraftverk sikra og radioaktivt
avfall handtert. Riksrevisjonane i Noreg og Russland i 2010 konkluderte
med at samarbeidet gav gode resultat. Den totale mengda radioaktivt
avfall og brukt kjernebrensel i Nordvest-Russland vart halvert i
perioden 2004–2022. Komiteen noterer
seg vidare at langsiktig arbeid, stabile kontaktar og samarbeid
mellom styresmakter, fagmiljø og sivilsamfunn er rekna som suksesskriterium.
Etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina
i 2022 fraus Noreg finansieringa av prosjekta. Komiteen registrerer
at Russland stilte samarbeid på vent med unntak av den bilaterale
varslingsavtala om atomhendingar.
Ukraina baserer halvparten av straumen sin på
kjernekraftverk. Det er fire operative kjernekraftverk, to forskingsreaktorar
og eitt nukleært forskingssenter i Ukraina i tillegg til det nedlagde
kjernekraftverket i Tsjernobyl. Komiteen ser
det som svært alvorleg med krig i eit land med operative kjernekraftverk. Komiteen noterer seg at den norske innsatsen
for atomtryggleik og miljø no er dreia over til Ukraina, medrekna
ei vesentleg støtte til Det internasjonale atomenergibyrået. Byrået
spelar ei viktig rolle i å redusera risikoen ved Zaporizjzja kjernekraftverk
som har vore okkupert av Russland sidan mars 2022. Kraftverket som
vart treft i skotvekslingar er stengt ned og avhengig av ekstern straumforsyning
for å kjøla ned kjernebrenselet. Med ustabil straumforsyning og
eit personell som arbeider under svært vanskelege forhold er risikoen
stor for radioaktive utslepp. Komiteen registrerer
at Det internasjonale atomenergibyrået med støtte frå Noreg er til stades
i Zaporizjzja for å formidla oppdatert og uavhengig informasjon
om status.
Fleirtalet
i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet,
viser til at det vart halde høyring og at miljøorganisasjonane Natur
og Ungdom og Bellona, som begge har bidratt i den norske innsatsen
for atomtryggleik og miljø, deltok. Høyringsinnstansane er bekymra
for signal om at støtte til samarbeid mellom norske og russiske
miljøorganisasjonar kan falla bort, og ber om større fleksibilitet
i tilskotsordninga under Nansen-programmet slik at også mindre miljøorganisasjonar
kan søka støtte til sitt engasjement i Ukraina. Fleirtalet merkar
seg at 7 prosent av støtta gjekk til miljøorganisasjonar i perioden frå
tidleg 1990-tal og fram til 2022. I 2023 gjekk delen ned til 3 prosent.
Bellona etterlyste også ei breiare situasjonsskildring i meldinga.
Atomverksemd i EU vil også medføra risiko for Noreg. Høyringsinstansen
etterlyser derfor norsk støtte til arbeid med atomtryggleik også utanfor
Aust-Europa og Sentral-Asia.
Komiteens medlemmer
fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti viser
til Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti sine merknader i Innst.
255 S (2023–2024) om stiftelsen NORSARs arbeid i Ukraina. NORSARs
arbeid er relevant både for atomsikkerhet og for ansvarliggjøring av
Russland for deres forbrytelser. Disse medlemmer viser
til at statsministeren informerte de parlamentariske lederne på
Stortinget 20. september 2024 om at NORSAR ville bli tilført midler
gjennom Nansen-programmet for Ukraina, men kan ikke se at disse
midlene er omtalt i regjeringens budsjettforslag.
Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti,
viser til at sivil og militær atomverksemd utgjer ein stor risiko.
Ei atomhending vil truge tryggleiken til befolkninga både i Noreg
og utlandet. Fleirtalet meiner derfor
at norsk innsats for atomtryggleik og miljø internasjonalt må vidareførast og
styrkast.
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti viser
til at Russlands krig mot Ukraina utgjer ein dobbel risiko for ei
atomhending. Putin har gjentekne gonger truga med bruk av atomvåpen
og Russland driv krig i eit område med fleire kjernekraftverk. Desse medlemene noterer seg at norsk
innsats for atomtryggleik og miljø no vert vridd frå Russland til
Ukraina. Desse medlemene meiner det er
tungtvegande grunnar for auka innsats i Ukraina. Gitt den geografiske
nærleiken til Nordvest-Russland og dei gode resultata i samarbeidet
mellom norsk og russisk sivilsamfunn, embetsverk og forsking meiner desse medlemene samtidig at innsatsen
retta mot Russland ikkje bør skrinleggast heilt, men oppretthaldast
på eit minimumsnivå slik at det er grunnlag for å gjenreise samarbeidet
når krigen mot Ukraina tek slutt.
Desse medlemene viser
til at krigen i Ukraina stiller store krav til det ukrainske sivilsamfunnet.
I krisetider er det spesielt viktig at sivilsamfunnet kan fortsetje arbeidet
sitt, både for å bidra konstruktivt til å løyse utfordringar og
kriser, men også for å sikre at makt ikkje blir misbrukt i ein pressa
situasjon.
Desse medlemene meiner
at det både på kort og lang sikt vil vere avgjerande for det ukrainske
sivilsamfunnet å kunne samarbeide over landegrensene. Norske styresmakter
bør derfor støtte eit tettare samarbeid mellom norske og ukrainske
organisasjonar. Nansen-programmet har samarbeid som eit delmål,
men dagens innretting på tilskota frå Nansen-programmet favoriserer
i stor grad dei større organisasjonane, medan mindre organisasjonar
ikkje blir like godt tilgodesett. Lågaste ramme for søknader til
sivilsamfunnsorganisajonar er til dømes på 10 mill. kroner, noko
som hindrar organisasjonar i å ta del i støtteordninga. Desse medlemene meiner at rammene bør
settast ned slik at også mindre organisasjonar kan delta. Desse medlemene viser til høyringsinnspel
frå Bellona og Natur og Ungdom og mangelen på støtteordningar for
samarbeid mellom ukrainske og norske miljøorganisasjonar. Den einaste
støtta norske miljøorganisasjoner i dag får til arbeid i Ukraina,
kjem frå same ordning som støttar arbeid med atomsikkerheit i Russland
utan at ramma er auka. Dette fører i praksis til at auka innsats
i Ukraina går på kostnad av det nødvendige arbeidet med atomsikkerheitsutfordringar
i Russland. Desse medlemene meiner at
norske organisasjonar bør kunne oppretthalde arbeidet sitt knytt
til Russland, samtidig som innsatsen til fordel for Ukraina aukast.
Dette krev tilskotsordningar som er innretta mot mindre prosjekt
av eit breiare lag av norsk og ukrainsk sivilsamfunn.
På denne bakgrunn fremjar desse
medlemene følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa om å endre
innrettinga på tilskota over Nansen-programmet slik at det blir
lettare for mindre sivilsamfunnsorganisasjonar å søkje om tilskot.»
Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Raudt, viser til at Russland
har blitt eit samfunn der ytringsfridomen er kraftig innskrenka,
og der kritiske røyster møtast med sensur og forfølging. Tilgang
til fakta er avgrensa og narrativ blir systematisk forvrengt. Denne
desinformasjonen sprer seg også utover Russlands grenser. Samtidig fører
det russiske regimet ein politikk som aukar risikoen for alvorlege
miljøskader, både innafor Russlands grenser og på vårt felles miljø
i nord og globalt.
Fleirtalet peikar
på at sivilsamfunn og ikkje-statlege aktørar spelar ei sentral rolle
i å verne miljøet vårt og samtidig sikre tilgang til påliteleg informasjon.
Å bygge eit avgjerdsgrunnlag basert på faktabasert informasjon og
fagkunnskap om Russland og miljøutfordringane som oppstår som følge
av regimets handlingar, er avgjerande.
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner at
informasjon- og analysearbeid som vert utført i samarbeid mellom
russiske og norske miljøaktivistar, må oppretthaldast. Dette vil
vere viktig både om informasjonstilgangen blir ytterlegare avgrensa,
og dersom utviklinga skulle gå mot auka openheit og påverkingsmoglegheit
i Russland.
Desse medlemene peikar
på at det er langt meir ressurskrevjande å bygge opp eit sivilsamfunn
frå botnen av enn å halde det ved like. Derfor er det viktig at norske
styresmakter opprettheld fleksible støtteordningar for å støtte
det uavhengige russiske sivilsamfunnet og miljørørsla sitt arbeid,
og gjere samarbeid med norske organisasjonar mogleg.
Medlemen i
komiteen frå Raudt skriv under på høyringsinstansane si bekymring.
Miljøvernrørsla har i mange år vore eit viktig kontaktpunkt med
det russiske sivilsamfunnet. Denne medlemen viser
til at regjeringa skriv at samarbeid med utanlandske partnarar har
vorte meir risikabelt for dei russiske organisasjonane:
«Etter den totalitære utviklingen i Russland
og fullskalainvasjonen av Ukraina har situasjonen for det sivile
samfunn i Russland blitt strammet inn ytterligere.»
Denne medlemen meiner
undertrykkinga den russiske miljørørsla møter frå russiske styresmakter snarare
er eit argument for å auke Noregs støtte enn for å redusere denne
støtta, og at sivile organisasjonar både i Noreg og i Russland har
lang erfaring med å løyse dette i praksis. Natur og Ungdom, Naturvernforbundet
og Bellona melder òg at dei ynskjer å styrke samarbeidet, og at
det framleis finst aktørar dei kan støtte i Russland.
I lys av dette meiner denne
medlemen at det må vere eit mål for norske styresmakter å
fremje og støtte kontakten mellom norsk og russisk miljørørsle.
Denne medlemen støtter
òg Bellonas oppfordring til at tilskott gjennom Nansen-programmet
må kome mindre organisasjonar i Ukraina, blant dei miljøorganisasjonar,
til gode. Denne medlemen syner til Stortinget
si behandling av regjeringas stortingsmelding om Nansen-programmet
i Innst. 255 S (2023–2024), kor fleirtalet i komiteen understreka
at norsk støtte må verte innretta til å støtte lokale organisasjonar i
Ukraina. Denne medlemen vil derfor vektleggje
at krava til å tar imot sivil støtte gjennom Nansen-programmet ikkje
må vere så høge at små organisasjonar i praksis vert utestengde.