Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om representantforslag om rammene for Etterretningstenesta

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa setta ned eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen og Trine Lise Sundnes, fra Høyre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og lederen Ine Eriksen Søreide, fra Senterpartiet, Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe, fra Fremskrittspartiet, Sylvi Listhaug og Morten Wold, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, fra Rødt, Bjørnar Moxnes, fra Venstre, Guri Melby, fra Kristelig Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, viser til Representantforslag 162 S (2023–2024) fra Ingrid Fiskaa, Andreas Sjalg Unneland, Audun Lysbakken og Kirsti Bergstø om rammene for Etterretningstjenesta.

Komiteen er enige med forslagsstillerne at rikets sikkerhet er avhengig av at Etterretningstjenesten (E-tjenesten) har tillit blant innbyggerne, og at størst mulig grad av åpenhet er et positivt bidrag i så måte. Som forslagsstillerne peker på, har både verden og tjenestene endret seg de siste 40–50 årene.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt, viser til forsvarsministerens brev til komiteen av 16. september 2024 hvor det orienteres om at rammene for E-tjenestens virke ble fastlagt ved Stortingets behandling og vedtak i Lov om Etterretningstjenesten så sent som 15. juni 2020. Videre opplyses at arbeidet med lovforslaget, deriblant tilrettelagt innhenting av grenseoverskridende elektronisk kommunikasjon, har vært gjenstand for en grundig prosess, med utredninger i flere omganger. Loven som trådte i kraft 2. september 2022 ble vedtatt etter offentlige høringsrunder og en bred faglig, offentlig og politisk debatt. Spørsmålene som representantene reiser i herværende forslag, var sentrale både i det forberedende arbeidet og i debattene i Stortinget den gang.

Komiteen understreker at formålet med loven er blant annet å sikre at E-tjenestens virke utøves i samsvar med menneskerettighetene og andre grunnleggende verdier i et demokratisk samfunn. Ved Stortingets behandling av Innst. 357 L (2019–2020) 11. juni 2020 ba Stortinget regjeringen sørge for en uavhengig evaluering av loven om Etterretningstjenesten innen fire år fra full iverksetting. Forsvarsministeren opplyser til komiteen at denne evalueringen vil foreligge senest 2. september 2026.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt merkar seg at forsvarsministeren viser til Lov om Etterretningstjenesten, vedtatt for noko over fire år sidan. Desse medlemene meiner at det er ein styrke for Etterretningstenesta å ha brei tillit i fagmiljø og blant innbyggarane. NOU-ar gir ofte godt grunnlag for breie faglege drøftingar. Forsvarskommisjonen av 2021 kunne vore eit godt utgangspunkt for drøfting av dei politiske, økonomiske og organisatoriske rammene for E-tenesta. Men der er E-tenesta dessverre berre omtalt i nokre få avsnitt. Den gjeldande etterretningslova var ein revisjon av dåverande lov frå 1998 og innebar ein gjennomgang og oppdatering av rettsgrunnlaget for Etterretningstenesta. Lovarbeidet var derfor ikkje forankra i ein brei fagleg diskusjon, som for eksempel ein NOU, men i eit høyringsnotat frå departementet.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser vidare til at høyringsdokumentet for etterretningstjenesteloven av 2020 er datert 12. november 2018, altså for seks år sidan. Den store endringa i den sikkerheitspolitiske situasjonen stiller i dag heilt andre krav til utforming og dimensjonering av forsvaret vårt enn den gongen. Forsvarsforliket i Stortinget er ein konsekvens av dette, og inneber mellom anna ein stor auke i løyvingane til etterretnings- og sikkerheitstenestene. Andre nyare utviklingstrekk er allierte statar si interesse i å etablera basar og aktivitet på norsk jord, og press på norsk deltaking i militæraktivitet langt utanfor norsk territorium – som Stillehavet. Ein ny sikkerheitspolitisk situasjon krev også eit nytt blikk på Etterretningstenesta, basert på eit breitt fagleg grunnlag og ein open debatt.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner det er ei stor svakheit at vi i løpet av alle desse åra ikkje har hatt ein overordna og grunnleggande debatt om Forsvarets etterretningsteneste. Med forslaget, som fremmet i Dokument 8:162 S (2023–2024), om at:

«Stortinget ber regjeringa setta ned eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.»

ønskjer desse medlemene å styrka dei demokratisk folkevalde sin informasjon om, kontroll med og engasjement for etterretningstenesta vår. Desse medlemene understrekar at det med den gjeldande lova er ei rekke uavklarte spørsmål som eit offentleg utval bør drøfta:

  • I kva grad tenesta er under nasjonal kontroll.

  • Om finansieringa av E-tenesta skal følgja Stortinget sitt løyvingsreglement, som fastslår om statsbudsjettet at «budsjettet skal inneholde alle statlige utgifter og inntekter knyttet til virksomheter og tiltak som får sine utgifter og inntekter fastsatt ved Stortingets bevilgningsvedtak».

  • Kontrollmodellen med Stortinget sitt kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste (EOS-utvalet).

  • Stortinget sin funksjon. Utvalet bør vurdera korleis Stortinget kan involverast betre i viktige saker som gjeld E-tenesta.

  • Om Noreg har tilstrekkeleg kontroll med korleis innsamla data blir brukt.

  • Samarbeidet mellom PST og E-tenesta, mellom anna i lys av 25. juni-utvalet sin rapport.

  • Korleis ein kan få større openheit om E-tenesta, i tråd med utviklinga i USA og Storbritannia.

Desse medlemene vil vidare peika på at det kan vera ein vinn-vinn-situasjon dersom ein kombinerer eit slikt utval med at det same utvalet står for den tidlegare vedtatte uavhengige evalueringa av etterretningslova.

Desse medlemene viser til at forsvarsministeren i brevet sitt opplyser:

«Det er også langvarig praksis for at forsvarsministeren årleg orienterer Stortingets president om E-tenestas virke. Det har dei siste åra vore vanleg at stortingspresidenten mottar orienteringa på vegne av Stortinget, med leiinga i Stortingets utanriks- og forsvarskomité til stades. I tillegg deltar riksrevisor som ansvarleg for revisjonen av rekneskapen til E-tenesta.»

Dette inneber at det er etablert eit eige kontaktpunkt med Stortinget framfor å gi informasjon rett til fagkomiteen. Det svekkar stortingsrepresentantar si moglegheit til å utføra det folkevalde oppdraget sitt.

Desse medlemene vil samtidig understreka at parlamentarisk styring handlar om meir enn å gi informasjon til eit fåtal stortingsrepresentantar, og at kunnskap føreset meir enn einvegsinformasjon. Etterretningstenesta er ein svært viktig del av det norske militære forsvaret som Stortinget – ved fagkomiteen – skal ha innsyn i, ha engasjement for, og ta ansvar for.

Desse medlemene fremmer derfor desse forslaga:

«Ordninga der stortingspresidenten, på vegner av Stortinget, årleg møter forsvarsministeren for å bli orientert om verksemda til E-tenesta, vert avvikla. Orienteringa blir heretter gitt til utanriks- og forsvarskomiteen.»

«Stortinget ber regjeringa setta ned eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.»

Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Raudt:
Forslag 1

Ordninga der stortingspresidenten, på vegner av Stortinget, årleg møter forsvarsministeren for å bli orientert om verksemda til E-tenesta, vert avvikla. Orienteringa blir heretter gitt til utanriks- og forsvarskomiteen.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa setta ned eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av medlemmene i komiteen fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre, Kristelig Folkeparti og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 8:162 S (2023–2024) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Andreas Sjalg Unneland, Audun Lysbakken og Kirsti Bergstø om rammene for Etterretningstenesta – vedtas ikke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 5. november 2024

Ine Eriksen Søreide

Trine Lise Sundnes

leder

ordfører