Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra
Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen
og Trine Lise Sundnes, fra Høyre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou,
Erna Solberg og lederen Ine Eriksen Søreide, fra Senterpartiet,
Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe, fra Fremskrittspartiet,
Sylvi Listhaug og Morten Wold, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingrid
Fiskaa, fra Rødt, Bjørnar Moxnes, fra Venstre, Guri Melby, fra Kristelig
Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant Christian
Tybring-Gjedde, viser til Representantforslag 162 S (2023–2024)
fra Ingrid Fiskaa, Andreas Sjalg Unneland, Audun Lysbakken og Kirsti
Bergstø om rammene for Etterretningstjenesta.
Komiteen er enige
med forslagsstillerne at rikets sikkerhet er avhengig av at Etterretningstjenesten
(E-tjenesten) har tillit blant innbyggerne, og at størst mulig grad
av åpenhet er et positivt bidrag i så måte. Som forslagsstillerne
peker på, har både verden og tjenestene endret seg de siste 40–50
årene.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt, viser
til forsvarsministerens brev til komiteen av 16. september 2024
hvor det orienteres om at rammene for E-tjenestens virke ble fastlagt
ved Stortingets behandling og vedtak i Lov om Etterretningstjenesten
så sent som 15. juni 2020. Videre opplyses at arbeidet med lovforslaget,
deriblant tilrettelagt innhenting av grenseoverskridende elektronisk kommunikasjon,
har vært gjenstand for en grundig prosess, med utredninger i flere
omganger. Loven som trådte i kraft 2. september 2022 ble vedtatt
etter offentlige høringsrunder og en bred faglig, offentlig og politisk
debatt. Spørsmålene som representantene reiser i herværende forslag,
var sentrale både i det forberedende arbeidet og i debattene i Stortinget
den gang.
Komiteen understreker
at formålet med loven er blant annet å sikre at E-tjenestens virke
utøves i samsvar med menneskerettighetene og andre grunnleggende
verdier i et demokratisk samfunn. Ved Stortingets behandling av
Innst. 357 L (2019–2020) 11. juni 2020 ba Stortinget regjeringen
sørge for en uavhengig evaluering av loven om Etterretningstjenesten
innen fire år fra full iverksetting. Forsvarsministeren opplyser
til komiteen at denne evalueringen vil foreligge senest 2. september
2026.
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt merkar seg
at forsvarsministeren viser til Lov om Etterretningstjenesten, vedtatt for
noko over fire år sidan. Desse medlemene meiner
at det er ein styrke for Etterretningstenesta å ha brei tillit i
fagmiljø og blant innbyggarane. NOU-ar gir ofte godt grunnlag for
breie faglege drøftingar. Forsvarskommisjonen av 2021 kunne vore
eit godt utgangspunkt for drøfting av dei politiske, økonomiske
og organisatoriske rammene for E-tenesta. Men der er E-tenesta dessverre
berre omtalt i nokre få avsnitt. Den gjeldande etterretningslova
var ein revisjon av dåverande lov frå 1998 og innebar ein gjennomgang
og oppdatering av rettsgrunnlaget for Etterretningstenesta. Lovarbeidet
var derfor ikkje forankra i ein brei fagleg diskusjon, som for eksempel
ein NOU, men i eit høyringsnotat frå departementet.
Medlemen i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser vidare til at
høyringsdokumentet for etterretningstjenesteloven av 2020 er datert 12. november
2018, altså for seks år sidan. Den store endringa i den sikkerheitspolitiske
situasjonen stiller i dag heilt andre krav til utforming og dimensjonering
av forsvaret vårt enn den gongen. Forsvarsforliket i Stortinget
er ein konsekvens av dette, og inneber mellom anna ein stor auke
i løyvingane til etterretnings- og sikkerheitstenestene. Andre nyare
utviklingstrekk er allierte statar si interesse i å etablera basar
og aktivitet på norsk jord, og press på norsk deltaking i militæraktivitet langt
utanfor norsk territorium – som Stillehavet. Ein ny sikkerheitspolitisk
situasjon krev også eit nytt blikk på Etterretningstenesta, basert
på eit breitt fagleg grunnlag og ein open debatt.
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner det
er ei stor svakheit at vi i løpet av alle desse åra ikkje har hatt
ein overordna og grunnleggande debatt om Forsvarets etterretningsteneste.
Med forslaget, som fremmet i Dokument 8:162 S (2023–2024), om at:
«Stortinget ber regjeringa setta ned
eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske
og økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.»
ønskjer desse medlemene å
styrka dei demokratisk folkevalde sin informasjon om, kontroll med
og engasjement for etterretningstenesta vår. Desse medlemene understrekar
at det med den gjeldande lova er ei rekke uavklarte spørsmål som
eit offentleg utval bør drøfta:
-
I kva grad tenesta
er under nasjonal kontroll.
-
Om finansieringa av E-tenesta skal følgja
Stortinget sitt løyvingsreglement, som fastslår om statsbudsjettet
at «budsjettet skal inneholde alle statlige utgifter og inntekter
knyttet til virksomheter og tiltak som får sine utgifter og inntekter
fastsatt ved Stortingets bevilgningsvedtak».
-
Kontrollmodellen med Stortinget sitt kontrollutval for
etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste (EOS-utvalet).
-
Stortinget sin funksjon. Utvalet bør vurdera
korleis Stortinget kan involverast betre i viktige saker som gjeld
E-tenesta.
-
Om Noreg har tilstrekkeleg kontroll med
korleis innsamla data blir brukt.
-
Samarbeidet mellom PST og E-tenesta, mellom anna
i lys av 25. juni-utvalet sin rapport.
-
Korleis ein kan få større openheit om E-tenesta,
i tråd med utviklinga i USA og Storbritannia.
Desse medlemene vil
vidare peika på at det kan vera ein vinn-vinn-situasjon dersom ein
kombinerer eit slikt utval med at det same utvalet står for den
tidlegare vedtatte uavhengige evalueringa av etterretningslova.
Desse medlemene viser
til at forsvarsministeren i brevet sitt opplyser:
«Det er også langvarig praksis for at
forsvarsministeren årleg orienterer Stortingets president om E-tenestas virke.
Det har dei siste åra vore vanleg at stortingspresidenten mottar
orienteringa på vegne av Stortinget, med leiinga i Stortingets utanriks-
og forsvarskomité til stades. I tillegg deltar riksrevisor som ansvarleg
for revisjonen av rekneskapen til E-tenesta.»
Dette inneber at det er etablert eit eige kontaktpunkt
med Stortinget framfor å gi informasjon rett til fagkomiteen. Det
svekkar stortingsrepresentantar si moglegheit til å utføra det folkevalde
oppdraget sitt.
Desse medlemene vil
samtidig understreka at parlamentarisk styring handlar om meir enn
å gi informasjon til eit fåtal stortingsrepresentantar, og at kunnskap
føreset meir enn einvegsinformasjon. Etterretningstenesta er ein
svært viktig del av det norske militære forsvaret som Stortinget
– ved fagkomiteen – skal ha innsyn i, ha engasjement for, og ta
ansvar for.
Desse medlemene fremmer
derfor desse forslaga:
«Ordninga der stortingspresidenten,
på vegner av Stortinget, årleg møter forsvarsministeren for å bli
orientert om verksemda til E-tenesta, vert avvikla. Orienteringa
blir heretter gitt til utanriks- og forsvarskomiteen.»
«Stortinget ber regjeringa setta
ned eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske og
økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.»