Presidentskapets flertall,
stortingspresident Masud Gharahkhani, første visepresident Svein Harberg,
andre visepresident Nils T. Bjørke, tredje visepresident Morten
Wold og fjerde visepresident Kari Henriksen, viser til at Stortingets
godtgjøringsutvalg har avgitt sin innstilling på bakgrunn av de
ordinære lønnsoppgjørene, i tråd med presidentskapets anmodning
og det mandatet Stortinget har gitt. I samsvar med presidentskapets
retningslinjer har godtgjøringsutvalget redegjort for den generelle
lønnsutviklingen i samfunnet og vurdert særskilte samfunnsmessige forhold.
På bakgrunn av dette har godtgjøringsutvalget begrunnet og lagt
frem sitt forslag til regulering av godtgjørelse for stortingsrepresentanter,
statsministeren og regjeringens medlemmer.
Flertallet viser
til at retningslinjer for Stortingets godtgjøringsutvalg gjenspeiler
hvilke prinsipper som skal ligge til grunn for regulering av godtgjørelsen,
i tråd med Stortingets vedtak, jf. Innst. 371 S (2020–2021) og Dokument
20 (2020–2021). Den generelle lønnsutviklingen er den mest relevante
indikatoren for vurdering av endringer i godtgjøringen, men det
bør tas hensyn til særlige samfunnsmessige utfordringer når det
er nødvendig. Videre mener flertallet at det i år ikke er grunnlag
for å fravike det bærende prinsipp at frontfagsoppgjørets ramme
skal legges til grunn.
Presidentskapet ba Stortingets godtgjøringsutvalg om
å synliggjøre alternativ regulering i form av et kronetillegg som
en del av utvalgets vurdering, jf. Innst. 500 S (2022–2023). Dette
har utvalget gjort. Flertallet stiller
seg bak godtgjøringsutvalgets vurdering av helheten og vurderer
at disse alternativene ikke er aktuelle i år. Videre støtter presidentskapet
utvalgets vurdering om at det ikke foreligger særlige samfunnsmessige
forhold som bør hensyntas.
Flertallet vil også
bemerke at Stortinget i inneværende periode har fjernet diettgodtgjørelsen
og feriepengene for stortingsrepresentanter, jf. Innst. 39 L (2023–2024)
og at godtgjøringene ikke ble økt i 2020 og 2021, jf. Innst. 371
S (2020–2021). Det ble tatt høyde for 2021 ved reguleringen i 2022.
Flertallet viser
også til utvalgets vurdering om at godtgjørelsen for stortingsrepresentantene
i Norge ligger på et gjennomsnittlig nivå for parlamentarikere i Skandinavia.
Femte visepresident
Ingrid Fiskaa viser til at godtgjeringa til stortingsrepresentantane
er svært høg, og at representantane stadig rykker frå vanlege folk i
lønn. Med årets forslag frå godtgjeringsutvalet vil representantane
si godtgjering nærma seg 1,2 mill. kroner i året. For å bremsa veksten
i godtgjeringa, fremmer denne medlemen fleire
forslag som innfører eit anna system for godtgjeringar. Føremålet
er klare reglar, lågare godtgjeringar og meir rettferdige «lønnsoppgjer».
Denne medlemen viser
til at systemet Sosialistisk Venstreparti føreslår har fleire element
som saman skal sikra eit meir fornuftig system for godtgjeringar. Denne medlemen føreslår at stortingsgodtgjeringa vert
sett ned slik at stortingsrepresentantane ikkje lenger er mellom
landets ti prosent høgast lønna.
Første steg i eit slikt nytt system er å lovfesta
ei maksimal godtgjering, med ei grense mot å ta steget opp mellom
landets ti prosent høgast lønna, og å fjerna konstruksjonen med
Stortingets godgjeringsutval.
For å få til ei slik endring fremmer denne medlemen desse forslaga:
«Stortingets godtgjeringsutval
vert avvikla, slik at årleg justering av stortingsrepresentantane,
regjeringsmedlemmene og statsministeren sine godtgjeringar vert
gjort av presidentskapet direkte.»
«Stortinget ber presidentskapet fremma
forslag om å endra stortingsgodtgjeringslova slik at det vert sett
ei absolutt grense for godtgjeringa for stortingsrepresentantane
til under 91-prosentpersentilen.»
Denne medlemen viser
vidare til at når godtgjeringa aukar i prosent, så fører det til
at dei folkevalde rykker frå resten av innbyggarane i lønnsvekst.
For å hindra dette vert det føreslått ei grense for kor stort kronetillegg
stortingsgodtgjeringa kan aukast med.
Denne medlemen fremmer
følgjande forslag:
«Stortinget ber presidentskapet
fremma forslag om at det vert sett ei grense som sikrar at den maksimale
årlege auken i godtgjeringa til stortingsrepresentantane er eit
kronetillegg som svarer til det ein arbeidstakar med gjennomsnittsløn
fekk året før.»
Det er akseptabelt at statsrådar
og statsministeren har noko høgare godtgjering enn stortingsrepresentantane,
men det må settast klare grenser også for dette. Derfor vil denne medlemen regelfesta forholdet mellom
stortingsgodtgjeringa og desse godtgjeringane, og fremmer følgjande
forslag:
«Stortinget ber presidentskapet
fremma forslag om at regjeringsmedlemmer og statsminister får eit
tak på godtgjeringa på høvesvis 1,4 og 1,75 gonger stortingsgodtgjeringa.»
Med utgangspunkt i forslaget om å
senka stortingsgodtgjeringa til under lønnsnivået til landets ti
prosent høgast lønna, og nytt system for lønn for statsrådar og statsminister,
fremmer denne medlemen dette forslaget
for årets godtgjeringsoppgjer:
«Stortinget samtykker
i at desse godtgjeringane vert fastsett med verknad frå 1. mai 2024:
Stortingsrepresentanter
|
993 840 kr per år
|
Regjeringsmedlemmer
|
1 391 376 kr per år
|
Statsminister
|
1 739 220 kr per år»
|
Denne medlemen er
samtidig open for at det kan vera andre måtar å sikra at stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmer
og statsminister ikkje rykker ifrå vanlege folk i lønn, men at forskjellane
heller vert redusert. For å invitera til ein slik diskusjon, fremmer denne medlemen subsidiært dette forslaget:
«Stortinget ber presidentskapet
utarbeida forslag til retningslinjer som sikrar at det vert mindre
forskjellar mellom det generelle lønnsnivået i Noreg og godtgjeringane
for stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmer og statsminister.»