1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Meldinga omhandlar regulering av pensjonar i 2024 og inntektstilhøve for pensjonistar.

Den pårekna effekten av neste års regulering av pensjonar, basert på anslaget for lønnsvekst i statsbudsjettet, vert budsjettert på dei relevante postane på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet direkte og som ein del av den ordinære budsjettprosessen, jf. Prop. 1 S frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Viss det trengst, vil dei relevante budsjettpostane verte korrigerte i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.

Det er gjennomført drøftingar med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane om talgrunnlaget for reguleringa.

I kapittel 2.1 i meldinga er det detaljert gjort greie for reglar for regulering. AFP under utbetaling frå privat sektor vert regulert i tråd med dei reglane som gjaldt før 2022.

1.2 Regulering av pensjonar m.m. i 2024

1.2.1 Regulering frå 1. mai 2024

Lønnsveksten i 2024 vart i RNB anslått til 5,2 pst. Ved reguleringa i 2023 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2023 på 5,25 pst. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen vart årslønnsveksten 5,2 pst. i 2023. Det ligg dermed føre eit negativt avvik eitt år tilbake i tid på 0,05 prosentpoeng som det skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2022 er fastsett til 4,3 pst., og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2024 (vekst i gjennomsnittleg grunnbeløp) på 5,15 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,56 pst.

På bakgrunn av desse anslaga vert det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 116 239 kroner i 2023 til 122 225 kroner i 2024. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2024 er 124 028 kroner.

Veksten i konsumprisane i 2024 er i revidert nasjonalbudsjett anslått til 3,9 pst. Faktisk prisvekst i 2023 er av Statistisk sentralbyrå fastsett til 5,5 pst., medan det ved trygdeoppgjeret i 2023 vart lagt til grunn ein prisvekst på 5,4 pst. Det er då eit positivt avvik i prisveksten for 2023 på 0,1 prosentpoeng som det skal takast omsyn til i årets regulering.

Samla prosentvis prisvekst i 2024 er 4,0 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 4,58 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 2,76 pst. frå 1. mai.

1.2.2 Drøftingar med organisasjonane om talgrunnlaget

Talgrunnlaget for utrekning av lønnsveksten som vert brukt ved regulering av grunnbeløpet og pensjonar, skal gåast gjennom og drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før den samla lønnsveksten vert fastsett, jf. forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden § 4.

Drøftingsordninga er ytterlegare formalisert i avtale av 20. juni 2022 mellom regjeringen og pensjonistenes, de funksjonshemmedes og arbeidstakernes organisasjoner om regulering av folketrygdens grunnbeløp og pensjoner.

Formålet med drøftingane er å sikre, så langt det er mogleg, ei felles forståing mellom partane om føresetnadene som skal leggjast til grunn for reguleringa. Partane skal også vurdere om det ligg føre særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskildgrupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsveksten.

Etter at talgrunnlaget er drøfta med organisasjonane, fastset Kongen, med heimel i folketrygdloven § 1-4, 19-14 og 20-18, reguleringsfaktorar og satsar for minste pensjonsnivå.

I drøftingsmøta, som vert leia av arbeids- og inkluderingsministeren, deltar:

  • Pensjonistforbundet (SAKO-samarbeidet),

  • Seniorsaken,

  • Forsvarets seniorforbund,

  • Landsforbundet for offentlige pensjonister,

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon,

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge (LO),

  • Unio,

  • Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS)

  • Akademikerne.

Finansdepartementet er også representert.

I forkant av drøftingsmøta 16. og 23. mai 2024 vart det 8. april 2024 halde eit møte mellom organisasjonane og Arbeids- og inkluderingsdepartementet der rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2024» frå det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera vart gjennomgått.

Det låg heller ikkje føre «særlege tilhøve» som skulle takast omsyn til ved berekninga av lønnsveksten.

Det var semje om talgrunnlaget.

Organisasjonane uttalte at dei er nøgde med resultatet for 2024, og at talgrunnlaget er i samsvar med reguleringsreglane.

Pensjonistforbundet (SAKO) og SAFO meiner at trygdeoppgjeret manglar ein sosial profil, og at Stortinget må ta ansvar. Organisasjonane meiner den ordinære pensjonsreguleringa dei siste 10 åra (2014–2023) ikkje har vore tilstrekkeleg til å halda oppe kjøpekrafta til pensjonistane. Organisasjonane krev at pensjonistane får eit kronetillegg som kjem i tillegg til den ordinære oppreguleringa, og foreslår at tillegget blir øyremerkte eit løft av dei lågaste pensjonane, slik låglønnstillegg fungerer i lønnsoppgjera. Alle som har ein pensjon under fattigdomsgrensa (EU60) må givast eit løft. Organisasjonane er skuffa over at gjenlevendetillegget frå og med årets trygdeoppgjer ikkje lenger skal auka på lik linje med resten av pensjonen. Organisasjonane krev òg at det blir innført ei etterlatenpensjonsordning for alderspensjonistar fødde i årskulla omfatta av pensjonsopptening etter nytt regelverk.

Unio, FFO, LO, Akademikerne, YS, Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og LOP legg til grunn at resultatet er i samsvar med reguleringsreglane, og krev at det i trygdedrøftingane for 2024 skal takast omsyn til eit avvik i lønnsveksten i 2023 på -0,05 prosentpoeng og eit avvik i prisveksten på 0,1 prosentpoeng.

1.3 Andre kapittel i meldinga

1.3.1 Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar

Gjennom reguleringa av pensjonane vert den nominelle inntektsutviklinga til pensjonistane bestemt. For å finne realveksten må ein ta omsyn til prisutviklinga. Både den nominelle og den reelle inntektsutviklinga vert også påverka av endringar i pensjonsreglane. Når ein også tek omsyn til skatt, kjem utviklinga i kjøpekrafta til pensjonistane til syne.

Ein viser til kapittel 3 i meldinga, som gjer greie for:

  • realvekst i alderspensjon

  • endringar i skattereglane for pensjonistane

  • vekst i utbetalt pensjon for ulike hushaldstypar

1.3.2 Inntektsutvikling blant den eldre delen av befolkninga

Kapittel 4 i meldinga presenterer statistikk som klargjer utviklinga i samla inntekt for den eldre delen av befolkninga i perioden 2012–2022 detaljert gjort greie for, jf. «Arbeid, pensjon og inntekt i den eldre befolkningen. Rapport fra Pensjonspolitisk arbeidsgruppe 2024».

1.4 Minste pensjonsnivå og låginntekt blant alderspensjonistane

I kapittel 5 i meldinga er det detaljert gjort greie for utviklinga i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå og om utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane.

Ved utgangen av 2023 var det 133 256 minstepensjonistar blant alderspensjonistane. Trenden er at talet på personar som får minste pensjonsnivå, er fallande. Frå 2011 til 2023 har prosentdelen av minstepensjonistar blant alle alderspensjonistar falle frå 24,8 til 12,8.

Kvinner utgjer fleirtalet av dei som får minste pensjonsnivå. I 2011 hadde 39,8 pst. av kvinnelege alderspensjonistar minste pensjonsnivå, medan prosentdelen hadde gått ned til 21,0 i 2023. For mannlege alderspensjonistar med minste pensjonsnivå har også falle sidan 2011, men nedgangen har ikkje vore like stor sidan utgangsnivået var vesentleg lågare enn for kvinner. I 2023 hadde 4,3 pst. av mannlege alderspensjonistar minste pensjonsnivå. Det er ein nedgang på 2,5 prosentpoeng sidan 2011.

Reduksjonen i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå kjem primært av at yngre kvinnelege alderspensjonistar har meir opptening til pensjon samanlikna med dei eldre årskulla.

Dersom utrekna alderspensjon er lågare enn satsen for minste pensjonsnivå, vert det gjeve ulike tillegg i alderspensjonen, og ein mottakar kan få fleire tillegg. Særtillegget vert ytt til mottakarar som er fødde i 1943 eller tidlegare, og som er omfatta av den gamle ordninga.

Prosentdelen med låginntekt blant alderspensjonistar over 67 år har vore svakt fallande sidan pensjonsreforma. I 2022 var 11,2 pst. av alderspensjonistane over 67 år definerte som å ha låginntekt, mens 42 pst. av minstepensjonistane er definerte som å ha låginntekt. Statistisk sentralbyrå har frå 2021 endra definisjonen av minstepensjonist. Auka i prosentdelen med låginntekt frå 2020 til 2021 er derfor vanskeleg å tolke. Prosentdelen med låginntekt er klart høgare blant åleinebuande. Dette gjeld pensjonistar generelt, men særleg minstepensjonistane.

Prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar auka i perioden 2011–2015, men frå 2015 til 2022 har prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar vore relativt stabil.