Grunnlovsframlegg 21 (2019–2020) er fremja av Nils
T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra,
Karin Andersen og Lars Haltbrekken og gjeld endring i § 112 (vern
av dyrka og dyrkande mark).
Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av
Innst. 131 S (2018–2019), jf. Dokument 12:24 (2015–2016). Ved Stortinget
si handsaming fekk ikkje forslaget om å grunnlovfesta vern av matjordressursane
det naudsynte talet på røyster for å verta vedteke.
Forslagsstillarane meiner at god forvaltning
av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande for matproduksjon og
dermed for menneska sin eksistens. Desse areala utgjer ein knapp
ressurs som treng sterkt vern. Jordbruksarealet utgjer berre 3,7
pst. av landarealet i Noreg. Den langsiktige og eksistensielle karakteren
gjer at dyrka og dyrkande mark må verta nemde uttrykkeleg i Grunnlova.
Forslagsstillarane gjer difor framlegg om eit tillegg i Grunnlova
§ 112 første ledd andre punktum om dette.
Matjorda her til lands er ein sårbar, men særs naudsynt
ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe
vekk med maskiner, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda Noreg
har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing
over heile landet. Med andre ord; matjorda har ei særstilling fordi ho
i tillegg til å styrkja mattryggleiken óg er avgjerande for anna
samfunnsutvikling. Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg
klart mindre areal med dyrka jord.
Etter den andre verdskrigen har omdisponeringa
av dyrka og dyrkbar jord vore på om lag 1,2 millionar dekar totalt.
Det meste av dette er areal som har vore eigna til matkornproduksjon.
Omdisponeringa av matjord til utbyggingsformål og
anna har minka dei seinare åra i tråd med auka bevisstgjering rundt
vern av denne ressursen. Endelege tal frå SSB viser at det i 2019
vart omdisponert 3 617 dekar dyrka jord. I tillegg kjem omdisponeringa
av 4 540 dekar dyrkbar jord i 2019.
Dei fleste byar og tettstadar i Noreg med befolkningsvekst
er omkransa av dyrka jord. Mykje av den beste jorda ligg difor der
utbyggingspresset er størst. Over halvparten av nedbygginga skjer
i og omkring tettstadar. Kombinert med ynske om ei mest mogeleg
samla utbygging rundt eksisterande byar og tettstadar skaper dette
utfordringar i arbeidet med å ta vare på jordressursane for framtida.
Det er om lag 10 millionar dekar jordbruksareal (fulldyrka jord,
overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Noreg i dag. I tillegg
har Noreg om lag 12,5 millionar dekar dyrkbar jord eigna for nydyrking.
Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er i sum monaleg mindre
enn for dagens jordbruksareal. Det er difor viktig at formuleringa
i grunnlovsteksten har med seg både dyrka og dyrkande mark.
Stortinget vedtok den 8. desember 2015 at det
årlege målet for omdisponering av dyrka mark skulle settast til
4 000 dekar. Dette vart på nytt stadfesta ved handsaminga av eit
representantforslag om strengare jordvernmål i Stortinget 4. juni
2020. Mange meiner at dette målet er altfor høgt og ynskjer seg
ein nullvisjon for tap av dyrka mark.
Forslagsstillarane meiner matjorda er ein så
viktig ressurs at den bør verta omtala særskilt i Grunnlova si føresegn
i § 112 første ledd andre punktum om naturressursane.
Forslagsstillarane fremjar følgjande forslag:
«§ 112 første ledd andre punktum skal lyda:
Naturens ressurser, herunder dyrket og dyrkbar mark,
skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som
ivaretar denne rett også for etterslekten.
–
Naturressursane, medrekna dyrka og dyrkande mark,
skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som
tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»