1.1 Del I – Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer i Noreg
Meld. St. 11 (2023–2024) til Stortinget er ei
oppfølgjing av regjeringsplattforma og eit svar på oppmodingsvedtak
nr. 866 frå Stortinget juni 2023, jf. boks 1.1 i meldinga. Av Prop.
1 S (2023–2024) går det fram at regjeringa vil leggje fram ei konkretisering
av ein strategi for auka sjølvforsyning slik at han kan handsamast
av Stortinget før jordbruksoppgjeret 2024.
Krig, ustabile forsyningar av mat og energi
og store klima- og miljøutfordringar pregar kvardagen til millionar
av menneske verda over. Den globale usikkerheita understrekar tydinga
av eigen matproduksjon som ein viktig del av beredskapen mot kriser
i Noreg. Eit aktivt jordbruk i heile landet og ein berekraftig matproduksjon
er viktig for at vi skal kunne skape ei trygg framtid for folk i
Noreg. Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å sikre befolkninga nok
og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette
bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse.
Regjeringa viser i meldinga til Hurdalsplattforma
og at sjølvforsyninga, korrigert for import av fôrråvarer, skal
aukast samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast
og opptaket av karbon aukast. I tillegg skal produksjonen tilpassast
eit endra og vanskelegare klima. Det vert lagt til grunn at ein
variert bruksstruktur, som er tilpassa norske naturressursar og geografi,
gjev dei beste moglegheitene for å produsere mat på ein berekraftig
og klimavennleg måte. Ein berekraftig matproduksjon og auka sjølvforsyningsgrad handlar
òg om andre viktige samfunnsmål, som til dømes verdiskaping, arbeidsplassar
i heile Noreg og god folkehelse.
Totalberedskapskommisjonen skriv i sin rapport
at matproduksjon er viktig beredskap, og kommisjonen sin hovudkonklusjon
under vurderinga av matforsyning er at «det er nødvendig å øke selvforsyningsgraden».
Kommisjonen tilrår «å umiddelbart legge planer for økt selvforsyningsgrad
basert på norske råvarer». Meldinga er eit svar på det siste.
Regjeringa viser i meldinga til at den endra
geopolitiske situasjonen, gjer at regjeringa er oppteken av sikkerheit
for befolkninga og arbeider på alle felt for å styrke beredskapen.
Matberedskapen er ein sentral del av totalberedskapen og auka sjølvforsyning
er eit viktig element inn i denne samla satsinga på matberedskap.
Sjølvforsyningsgraden er eit mål på kor mykje
av heimemarknaden målt på energibasis som er produsert i Noreg,
og er eit av fleire mål på kva marknadsandel den norske matsektoren
har i den norske matmarknaden. Sjølvforsyningsgraden vert påverka
av ei rekkje tilhøve både på produksjons- og forbrukssida – mange
av desse ligg utanfor jordbrukspolitikken.
På produksjonssida er naturgjevne produksjonstilhøve,
klima og kvalitetskrav viktige faktorar. Auka planteproduksjon til
mat og fôr i Noreg er heilt avgjerande for å auke sjølvforsyninga.
Det handlar om å produsere meir av dei vegetabilske matvarene i
Noreg, satse på bruk av beiteressursane, auka bruk av gras framfor
kraftfôr og auka norskandel i kraftfôret. Ein avgjerande føresetnad
for auka sjølvforsyning er auka lønnsemd for produksjon av mat.
Regjeringa legg i tråd med Hurdalsplattforma fram ein opptrappingsplan
for inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. del 2 av meldinga.
For å auke sjølvforsyninga er det avgjerande
å oppretthalde den høge norskandelen for dei produkta som allereie
har høg norskandel, mellom anna kjøt, egg og mjølkeprodukt.
På forbrukssida er forbrukarpreferansar/-trendar og
prisar viktige faktorar som påverkar etterspurnaden. Fleire utgreiingar
viser at ein vesentleg auke i sjølvforsyningsgraden er avhengig
av mellom anna endringar i kosthaldet i retning energirike plantevekstar
til mat som kan produserast i Noreg, samstundes som den høge sjølvforsyningsgraden
på husdyrprodukt vert oppretthalde. Ein samla innsats frå næring
og myndigheiter for å auke etterspurnaden etter norske jordbruksvarer
frå forbrukarar, storhushaldningar, bedrifter og det offentlege,
er òg viktig for å auke sjølvforsyninga.
For å oppnå varig auke i sjølvforsyninga er
ein avhengig av bidrag frå alle aktørane i verdikjeda for mat. Sentrale
bidrag i denne samanhengen er forsking, agronomi og produktutvikling.
Det er særs viktig at norske produkt opprettheld konkurransekrafta
mot importerte varer. Det vil seie at dei norske varene har eigenskapar som
gjer at dei etter ei totalvurdering, av mellom anna kvalitet, pris
og produksjonsmetode, framstår som meir attraktive enn importerte
alternativ.
I meldinga presenterer regjeringa ein strategi
der auka planteproduksjon utgjer eit sentralt element for korleis
sjølvforsyningsgraden skal kunne aukast frå dagens nivå og opp mot
50 pst.
Sjølvforsyningsgraden vert påverka av fleire
faktorar, mellom anna opptrappingsplanen for auka inntektsmoglegheiter
i jordbruket, som er omtalt i del 2 av meldinga. Dei overordna landbrukspolitiske
målsetjingane, med matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile
landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp
av klimagassar ligg, saman med regjeringa si politiske plattform,
til grunn for arbeidet. Det same er tilfelle med Noregs internasjonale
forpliktingar, mellom anna gjennom EØS-avtalen og WTO-avtalen. Regjeringa
sitt arbeid med styrka konkurranse og meir mangfald i daglegvaremarknaden
kan òg verke inn. Viktige føresetnader for auka sjølvforsyning er trygg
mat og god dyre- og plantehelse. Regjeringa skal leggje fram ei
stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024. Meldingsarbeidet
rettar merksemd på tilhøve som denne regjeringa prioriterer høgt:
både dyrevelferd og vilkåra for dyrehald i primærnæringane. Produksjon
av trygg mat skaper tillit, møter forbrukarpreferansar og sikrar
avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for
næringsmiddelindustrien.
Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må
vurderast opp mot korleis desse påverkar målet som er sett om auka
sjølvforsyning. Regjeringa meiner det er naudsynt at mange av verkemidla
vert drøfta og utforma i jordbruksforhandlingane.
Meldinga omhandlar auka sjølvforsyning av jordbruksvarer.
Noreg har i tillegg ein stor produksjon av fisk og sjømat. Dette
har stor tyding for norsk matberedskap. Sjølvforsyningsgraden vert
òg påverka av val på andre politikkområde, som auka verdiskaping
og næringsutvikling, klimapolitikk, betra folkehelse og ein aktiv
distriktspolitikk.
Hovudstrategien som vert lagt til grunn for
arbeidet med auka sjølvforsyning er å forbetre og auke produksjon
av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrker
jordbruket si konkurransekraft mot import.
I kapittel 1 i meldinga er det ein kort omtale
av dei landbrukspolitiske måla, FNs mål om berekraftig matproduksjon
og rapportane frå Riksrevisjonen og Totalberedskapskommisjonen.
Kapittel 2 avklarar omgrep som vert brukt for å omtale sjølvforsyninga
og omtalar utvikling og status. Kapittel 3 gjennomgår det eksisterande
kunnskapsgrunnlaget. I dei to føregåande jordbruksoppgjera har det
vorte lagt til rette for auka sjølvforsyning m.a. ved målretting
av tilskot og satsing på forsking og utvikling. Dette vert omtala
i kap. 3.2 i meldinga. Organisasjonar med tilknyting til jordbruket
har kome med innspel til arbeidet, både i møte og skriftleg. Desse
vert gjennomgått i kapittel 3.3, før ein kort gjennomgang av arbeidet
med sjølvforsyning i europeiske land. Kapittel 4 gjennomgår forbrukarpreferansar
og tydinga av kosthaldet. Regjeringa sin strategi vert presentert
i kapittel 5, og dei økonomiske og administrative konsekvensane
er omtala i kapittel 6.