Bakgrunn

I proposisjonen blir det foreslått at ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternatet skal overførast frå Politiet si utlendingseining til kommunen der utlendingsinternatet ligg. Departementet meiner at forslaget om ansvarsoverføring legg betre til rette for at helsehjelpa blir planlagt og utført av større og meir robuste medisinskfaglege miljø og for heilskapleg innsats frå fleire helseinstansar. Å legge helsetilbodet på utlendingsinternatet inn under den offentlege helsetenesta vil ifølgje departementet vere eit viktig bidrag for å sikre den faglege integriteten til helsepersonellet. Det vil igjen kunne auke tilliten til helsetenesta. Ei slik ansvarsoverføring vil vidare føre til at kommuneleiinga får ansvar for å utvikle rutinar for systematisk oppfølging og overvaking av helsetenesta for internerte og for å følge med i den daglege drifta og sjå til at tiltak og tenester fungerer. Departementet viser til at ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot forslaget.

Forslaget inneber ei endring i helse- og omsorgstjenesteloven. Justis- og beredskapsdepartementet vil fastsette nødvendige endringar i utlendingsinternatforskriften slik at dei kan tre i kraft samtidig med lovendringa.

Departementet foreslår ingen endringar i dei internerte sin rett til helse- og tannhelsehjelp. Forslaga får heller ingen konsekvensar for spesialisthelsetenesta. Vurderingar av om personar er i stand til å gjennomføre ei flyreise, såkalla fit-for-flight-vurderingar, samt bistand ved uttransportering er ikkje helsehjelp, men eit sakkunnigoppdrag, og vil ikkje inngå i kommunane sitt ansvar.

Ansvar for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester til internerte utlendingar vil vere ei ny oppgåve for kommunar som har utlendingsinternat. Kommunane skal kompenserast fullt ut for nye oppgåver. Samla er kommunane og fylkeskommunane sine utgifter til helse- og omsorgstenester for internerte ved utlendingsinternat berekna til 10,8 mill. kroner. Overføring av ansvaret for helsetilbodet vil redusere politiet sine utgifter tilsvarande, jf. omtalen i Prop. 1 S (2023–2024).