Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i:

  • Lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs

  • Lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

  • Lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser)

Dei følgande lovendringane er nødvendige som følge av forslag som er lagt fram i forslaget til statsbudsjett for 2024, Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet:

  • endringar i reglane om ventetid for dagpengar – folketrygdlova § 4-9

  • endringar i reglane om ny berekning av dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak etter folketrygdlova § 4-16, som inneber at gjeldande praksis blir lovfesta

  • endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt – folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15

Det blir også foreslått enkelte rettingar, presiseringar og lovtekniske justeringar:

  • I folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd blir ein midlertidig heimel til å gi særreglar om rett til dagpengar under utdanning som gjaldt under koronapandemien, oppheva. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd.

  • I folketrygdlova § 8-9 tredje ledd blir ein inkurie retta opp. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 8-96 tredje ledd.

  • Folketrygdlova § 11-12 a vert oppheva som følge av at ei midlertidig overgangsordning for arbeidsavklaringspengar ikkje gjeld lenger. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 11-12 a.

  • Folketrygdlova § 12-15, retting av lovteknisk feil i regel om barnetillegg til personar som mottek uføretrygd. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 12-15 femte og sjette ledd.

  • I lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) blir ein feil i § 18-3 andre ledd bokstav b om trygdetid retta opp. Sjå lovforslaget, lov 18. desember 2020 nr. 139 § 18-3 andre ledd.

  • I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs, vert det foreslått ei presisering av gjeldande rett, som sikrar medlemskapet i ordninga for innaskjers dykkarar som blir tilsette på skip mindre enn 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto etter at skifte av vernelov frå skipsarbeidslova til arbeidsmiljølova, er sett i verk. Sjå lovforslaget, lov 3. desember 1948 nr. 7 § 1 nr. 2 første ledd.

  • I lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse blir det presisert at alderspensjon for dommarar i Høgsterett som har pensjonsrett etter lova, det vil seie dei som blei utnemnd til medlem av Høgsterett før 1. januar 2011, skal følge reglane om alderspensjon etter kapittel 5 i lov om Statens pensjonskasse. Sjå lovforslaget, høgsterettspensjonistlova §§ 1, 2, 3 og 4.

I kapitel 5 i proposisjonen blir desse rettingane, presiseringane og endingane detaljert gjort greie for.

Dei forslaga som følger av framlegget til statsbudsjett, har ikkje vore på høyring, med unntak av forslaga til endringar i folketrygdlova §§ 4-9, 11-20 og 12-15 som har vore på høyring. Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd, kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, da dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22.

Lovforslag som ikkje inneber nokon realitetsendringar, treng inga høyring. Forslaget om endringar i lov om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse er også vurdert å vere «åpenbart unødvendig» å sende på høyring.

Endringar i reglane om ventetid for dagpengar – folketrygdlova § 4-9

Innleiing og bakgrunn

Det vert foreslått å erstatte gjeldande reglar om ventetid på tre dagar innanfor ein referanseperiode på 15 dagar før dagpengeutbetalingane startar, med ei ventetid i form av ein eigenandel som svarar til tre gongar den dagsatsen den enkelte dagpengemottakaren har. Denne eigenandelen blir trekt i den eller dei første utbetalinga(-ne).

Bakgrunnen for endringsforslaget er at det etter dei gjeldande reglane kan ta lang tid å få avvikla ventetida dersom dagpengemottakaren tar arbeid eller ikkje fyller vilkåret om å vere reell arbeidssøkar i delar av referanseperioden. I tillegg er reglane kompliserte og vanskelege å forstå. Med denne endringa vil dei som tar eit midlertidig arbeid kort tid etter at dagpengane er innvilga, ikkje lenger risikere tap av ytinga som følge av at dei må fremme ein ny dagpengesøknad fordi ventetida ikkje er avvikla. Dermed vil det i større grad lønne seg å ta arbeid også i starten av ein dagpengeperiode. Endringa inneber ei forenkling som vil lette saksbehandlinga. Forslaget legg betre til rette for digitalisering og gjer at færre treng å rette seg til Arbeids- og velferdsetaten med spørsmål og klager.

I proposisjonens kapittel 2.2 er gjeldande rett gjort greie for.

Eit forslag til endringar i ventelistereglane vart sendt på høyring. Dei fire instansane som ga høyringssvar, støtta endringsforslaget. Arbeids- og velferdsdirektoratet foreslo at det i lovteksta må gå klart fram at «dagsatsen», jf. folketrygdlova § 4-12, også omfattar eit eventuelt barnetillegg.

Når det gjeld vurderingar og forslag, herunder forholdet til internasjonale plikter, er dette gjort greie for i kapittel 2.4 i proposisjonen.

Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Regjeringa foreslår at endringane tar til å gjelde frå 1. januar 2024, og at dei skal gjelde for nye søknader om dagpengar som blir innvilga med verknad frå 1. januar 2024 eller seinare. Ein kan gi forskrifter med overgangsreglar om kva som skal gjelde for dei som er innvilga dagpengar med verknadsdato til og med 31. desember 2023, og som ikkje har avvikla heile ventetida før 1. januar 2024.

I Prop. 1 S (2023–2024) er det lagd til grunn at omlegginga av ventetidsreglane vil vere budsjettnøytral.

Forslaget til endring av ventetidsreglane inneber ei vesentleg forenkling av dagpengesaksbehandlinga i Arbeids- og velferdsetaten.

Lovfesting av praksis for ny berekning av dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak – folketrygdlova § 4-16

Innleiing

Det vert foreslått å endre ordlyden i folketrygdlova § 4-16 første leddet, slik at dagpengegrunnlaget alltid blir berekna på nytt i samband med gjenopptak, dersom det er til gunst for medlemmen. Forslaget inneber ei lovfesting av gjeldande praksis og har ikkje vore på høyring. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 14-16.

I proposisjonens kapittel 3 er gjeldande rett samt vurderingar og forslag gjort greie for.

Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane vert foreslått å gjelde straks. Endringa har venteleg ikkje nokon økonomiske konsekvensar, men inneber ei administrativ forenkling.

Endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt – folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15

Innleiing og bakgrunn

Det vert i proposisjonen foreslått å endre lova slik at barnetillegget til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd blir gitt uavhengig av inntekta til barnet. Sjå lovforslaget, folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd har rett til barnetillegg dersom dei forsørger barn. Barnetillegga er utforma ulikt.

I Prop. 1 S (2023–2024) vert det foreslått tilsvarande endring for barnetillegget til kvalifiseringsstønaden. Endringa krev ikkje endring i lov, men departementet vil sørge for å gjere dei nødvendige endringane i forskrift 21. desember 2011 nr. 1471 om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad.

Eit forslag til endringar i retten til barnetillegg vart sendt på høyring. Dei 16 instansane som ga høyringssvar, støtta endringsforslaget.

I kapittel 4.4 i proposisjonen vert vurderingar og forslag gjort greie for, inkludert om bakgrunnen for endringsforslaget og forholdet til internasjonale plikter.

Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det vert foreslått at endringa for barnetillegg til arbeidsavklaringspengar skal ta til å gjelde 1. februar 2024.

I Prop. 1 S (2023–2024) er det foreslått å auke løyvinga til arbeidsavklaringspengar med 1,2 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Heilårseffekten av forslaget vil komme i 2025 og er rekna til om lag 1,3 mill. kroner.

Det vert foreslått at endringa for barnetillegg til uføretrygd skal ta til å gjelde 1. juli 2024.

I Prop. 1 S (2023–2024) er det foreslått å auke løyvinga til uføretrygd med 5 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Heilårseffekten av forslaget vil komme i 2025 og er rekna til om lag 10 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Per Vidar Kjølmoen, Tuva Moflag, Torbjørn Vereide og Bente Irene Aaland, fra Høyre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, fra Senterpartiet, Tor Inge Eidesen og Per Olaf Lundteigen, fra Fremskrittspartiet, Alf Erik Bergstøl Andersen og Dagfinn Henrik Olsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø og lederen Freddy André Øvstegård, og fra Rødt, Mímir Kristjánsson, viser til Prop. 9 L (2023–2024) om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover. Proposisjonen er en oppfølging av forslag i statsbudsjettet for 2024. Komiteen viser til at det i proposisjonen blir fremmet forslag om endringer i folketrygdlova som i hovedsak dreier seg endringer i regelverket om dagpenger under arbeidsløshet. I tillegg blir det fremmet forslag om endringer i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspenger og uføretrygd når barnet har egen inntekt, samt enkelte presiseringer, feilrettinger og lovtekniske justeringer.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til budsjettforliket 3. desember 2023 mellom de tre partiene.

Flertallet viser til at følgende enigheter krever lovendringer som ligger under Arbeids- og inkluderingsdepartementet:

  • Økning av minstesatsene for uføretrygd med 6 000 kroner fra 1. juli. Dette følges opp ved å øke de fem satsene som fremgår av folketrygdloven § 12-13 andre og tredje ledd med 0,049 G.

  • Økning av minstesatsen for arbeidsavklaringspenger med 5 000 kroner fra 1. juli. Dette følges opp ved å øke satsen som fremgår av folketrygdloven § 11-20 første ledd andre punktum med 0,041 G og å øke andel G med 0,041 G som det skal gis 2/3 av i første ledd tredje punktum.

  • Økning av satsen for kvalifiseringsstønad (KVP) med 5 000 kroner fra 1. juli. Dette følges opp ved å øke satsen som fremgår av sosialtjenesteloven § 35 andre ledd første punktum med 0,041 G.

Flertallet viser til at økt supplerende stønad til personer med kort botid i Norge som følge av økte minstesatser for uføretrygd, ikke krever lovendringer. Dette er fordi satsene for supplerende stønad ikke står skrevet ut som andel av G i lovteksten.

Flertallet fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd gjøres følgende endringer:

§ 11-20 første ledd andre og tredje punktum skal lyde:

Minste årlige ytelse er 2,041 ganger grunnbeløpet. For medlem under 25 år er minste årlige ytelse 2/3 av 2,041 ganger grunnbeløpet.

§ 12-13 andre og tredje ledd skal lyde:

Minste årlige ytelse er 2,329 ganger grunnbeløpet (ordinær sats) for personer som lever sammen med en ektefelle (se § 1-5) eller med en samboer i et samboerforhold som har vart i minst 12 av de siste 18 månedene. Minste årlige ytelse er likevel 2,379 ganger grunnbeløpet dersom vedkommende mottar en uføretrygd som er en omregnet uførepensjon. For andre utgjør minste årlige ytelse 2,529 ganger grunnbeløpet (høy sats).

For et medlem som har blitt ufør før fylte 26 år på grunn av en alvorlig og varig sykdom, skade eller lyte som er klart dokumentert, er minsteytelsene som nevnt i andre ledd henholdsvis 2,709 og 2,959 ganger grunnbeløpet. Dette gjelder selv om et medlem har vært mer enn 50 prosent yrkesaktiv etter fylte 26 år, dersom det er klart dokumentert at vilkårene i første punktum var oppfylt før 26 år og kravet settes fram før fylte 36 år. Bestemmelsen i første punktum gjelder også når uføretrygd gis på nytt etter at ytelsen er falt bort på grunn av prøving mot inntekt etter § 12-14. Minsteytelsen etter leddet her ytes tidligst fra og med den måneden medlemmet fyller 20 år.»

«I lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen skal § 35 andre ledd skal lyde:

Kvalifiseringsstønaden skal på årsbasis være lik 2,041 ganger folketrygdens grunnbeløp. Deltaker under 25 år mottar 2/3 stønad.»

Romertall IV blir romertall V.

Romertall V blir romertall VI.

Under romertall VI gjøres følgene endringer:

  • 3. Endringa i folketrygdlova § 11-20 tredje ledd under del III gjeld frå 1. februar 2024.

  • 4. Del IV og endringane i folketrygdlova § 11-20 første ledd, § 12-13 andre og tredje ledd og opphevinga av folketrygdlova § 12-15 andre ledd og omnummereringa av dei påfølgjande ledda under del III gjeld frå 1. juli 2024.

  • 5. Del V og endringane i § 4-6 fjerde ledd, § 4-16 første ledd andre punktum, § 8-9 tredje ledd, § 11-12 a og § 12-15 femte og sjette ledd under del III gjeld straks.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av medlemmene i komiteen fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2024)

I

I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs skal § 1 nr. 2 første ledd bokstav b lyde:

  • b. Skip under 100 tonnasjeenheter/registertonn brutto som er innført i norsk skipsregister, dersom rederiet samtidig disponerer større skip som går inn under bokstav a, og arbeidstakerne om bord er fast ansatt i rederiet i medhold av skipsarbeidsloven eller arbeidsmiljøloven § 1-2 andre ledd bokstav a, med rett og plikt til å tjenestegjøre på samtlige av rederiets skip,

II

I lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse skal desse endringane gjerast:

§ 1 nytt andre punktum skal lyde:

Loven gir pensjonsrett etter lov om Statens pensjonskasse, med de tilpasninger som følger av loven her.

§ 2 første ledd skal lyde:

For medlem av Høyesterett som fratrer sitt embete etter fylte 67 år, skal tjenestetiden ved beregningen av alderspensjon etter kapittel 5 i lov om Statens pensjonskasse forhøyes med inntil 15 år.

§ 3 første ledd skal lyde:

Alderspensjon skal beregnes etter lov om Statens pensjonskasse kapittel 5, med de tilpasninger som følger av paragrafen her. Lov om Statens pensjonskasse kapittel 5 a gjelder ikke for dem som er født etter 1962.

Noverande første til tredje ledd blir andre til fjerde ledd.

Noverande fjerde ledd blir oppheva.

§ 4 skal lyde:

Pensjoner etter denne loven reguleres etter lov om Statens pensjonskasse § 42.

Reglene i denne loven gjelder også tidligere medlemmer av Høyesterett og deres etterlatte.

III

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

I innhaldslista i kapittel 4 skal tiande strekpunkt lyde:

  • beregning av egenandel og ventetid står i §§ 4-9 og 4-10

§ 4-6 fjerde ledd blir oppheva.
§ 4-9 skal lyde:
§ 4-9. Egenandel

Etter at dagpengene er innvilget, beregnes det en egenandel på tre ventedager. Egenandelen tilsvarer tre ganger medlemmets dagsats medregnet eventuelt barnetillegg, jf. § 4-12, og går til fradrag i medlemmets første dagpengeutbetalinger.

For medlemmer som får dagsatsen redusert etter §§ 4-25 og 4-26, beregnes egenandelen etter første ledd på grunnlag av den reduserte dagsatsen.

§ 4-16 første ledd andre punktum skal lyde:

Et medlem som har hatt avbrudd i stønadsperioden på grunn av arbeid i 12 uker eller mer, får fastsatt dagpengegrunnlaget på nytt dersom det er til gunst for medlemmet.

§ 8-9 tredje ledd fjerde punktum skal lyde:

Medlemmet må søke Arbeids- og velferdsetaten om godkjenning av oppholdet.

§ 11-12 a blir oppheva.
§ 11-20 første ledd andre og tredje punktum skal lyde:

Minste årlige ytelse er 2,041 ganger grunnbeløpet. For medlem under 25 år er minste årlige ytelse 2/3 av 2,041 ganger grunnbeløpet.

§ 11-20 tredje ledd andre punktum blir oppheva.
§ 12-13 andre og tredje ledd skal lyde:

Minste årlige ytelse er 2,329 ganger grunnbeløpet (ordinær sats) for personer som lever sammen med en ektefelle (se § 1-5) eller med en samboer i et samboerforhold som har vart i minst 12 av de siste 18 månedene. Minste årlige ytelse er likevel 2,379 ganger grunnbeløpet dersom vedkommende mottar en uføretrygd som er en omregnet uførepensjon. For andre utgjør minste årlige ytelse 2,529 ganger grunnbeløpet (høy sats).

For et medlem som har blitt ufør før fylte 26 år på grunn av en alvorlig og varig sykdom, skade eller lyte som er klart dokumentert, er minsteytelsene som nevnt i andre ledd henholdsvis 2,709 og 2,959 ganger grunnbeløpet. Dette gjelder selv om et medlem har vært mer enn 50 prosent yrkesaktiv etter fylte 26 år, dersom det er klart dokumentert at vilkårene i første punktum var oppfylt før 26 år og kravet settes fram før fylte 36 år. Bestemmelsen i første punktum gjelder også når uføretrygd gis på nytt etter at ytelsen er falt bort på grunn av prøving mot inntekt etter § 12-14. Minsteytelsen etter leddet her ytes tidligst fra og med den måneden medlemmet fyller 20 år.

§ 12-15 femte og sjette ledd skal lyde:

Barnetillegg for fosterbarn (se barnevernsloven § 9-1) ytes dersom mottakeren har forsørget barnet i de siste to årene før krav om tillegg blir satt fram. Dette vilkåret kan fravikes når særlige grunner gjør det rimelig.

Departementet kan i forskrift gi nærmere regler om gjennomføring av bestemmelsene i denne paragrafen.

§ 12-15 andre ledd blir oppheva. Tredje til sjette ledd blir samtidig andre til femte ledd.

IV

I lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen skal § 35 andre ledd lyde:

Kvalifiseringsstønaden skal på årsbasis være lik 2,041 ganger folketrygdens grunnbeløp. Deltaker under 25 år mottar 2/3 stønad.

V

I lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven del I skal § 18-3 andre ledd bokstav b lyde:

  • b. den avdøde har mindre enn 20 års botid, men har minimum fem år med pensjonsgivende inntekt som overstiger grunnbeløpet, eller

VI

  1. Del I gjeld frå den tid Kongen fastset.

  2. Del II og endringa i folketrygdlova § 4-9 under del III gjeld frå 1. januar 2024. Departementet kan gi forskrifter om overgangsreglar.

  3. Endringa i folketrygdlova § 11-20 tredje ledd under del III gjeld frå 1. februar 2024.

  4. Del IV og endringane i folketrygdlova § 11-20 første ledd, § 12-13 andre og tredje ledd og opphevinga av folketrygdlova § 12-15 andre ledd og omnummereringa av dei påfølgjande ledda under del III gjeld frå 1. juli 2024.

  5. Del V og endringane i § 4-6 fjerde ledd, § 4-16 første ledd andre punktum, § 8-9 tredje ledd, § 11-12 a og § 12-15 femte ledd og sjette ledd under del III gjeld straks.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 7. desember 2023

Freddy André Øvstegård

leder og ordfører