1. Sammendrag

1.1 Bakgrunnen for meldinga

1.1.1 Sosialt berekraftige byar og nabolag

Det blir i meldinga vist til at regjeringa er oppteken av at innbyggjarane skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i bygd og by i heile landet. Meldinga samlar politikken til regjeringa for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å leggje til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø.

Det blir i meldinga peikt på at vi i Noreg har høg tillit til kvarandre, og eit sterkt fellesskap som bind oss saman. Små skilnader mellom folk, og eit levande folkestyre, har gjort Noreg til eit av dei beste landa i verda å bu i. Majoriteten har det altså bra, men likevel er det ein tendens til aukande skilnad mellom dei som har minst og dei som har mest. Aukande skilnader tærer på tillit, tryggleik og samhald. Trygt arbeid til alle og tilgjengelege utdannings- og velferdstenester er sentrale pilarar for gode levekår. Alle skal ha ein god bustad og trygge og gode oppvekst- og nærmiljø, med arenaer for fellesskap og deltaking.

Det blir i meldinga vist til at ein stor del av den norske befolkninga bur i større byar og byområde. Byane tilbyr mangfald og varierte moglegheiter for utdanning, arbeid og sosiale fellesskap. Men i byane er det også utfordringar med område med låginntekt og der folk ikkje har ein stabil busituasjon. Det er òg sosiale helseskilnader og utanforskap på fleire samfunnsarenaer, som mellom anna i arbeidslivet, lokalsamfunnet og i fritidstilbodet for barn og unge. I enkelte byområde har mange innbyggjarar samansette utfordringar, noko som kan gi krevjande oppvekst-, bu- og nærmiljø.

Det blir i meldinga peikt på at det kan vere krevjande å sette ei tydeleg grense for kva geografiske område meldinga er meint å omfatte. Noreg har mange byar, bykommunar og byområde av svært ulik storleik og karakter. Samstundes har ein også svært folkerike og befolkningstette kommunar som verken er bykommunar eller har byar i sin kommune. Slike område vil kunne ha like store levekårsutfordringar og behov for politisk fokus og tiltak, sjølv om dei ikkje formelt sett har bystatus. Meldinga er også meint å romme slike befolkningstette område med geografisk konsentrasjon av levekårsutfordringar.

Det blir i meldinga vist til at sosial berekraft er eit samleomgrep for ulike faktorar som påverkar levekåra og livskvaliteten til oss menneske. Eit sosialt berekraftig samfunn set menneskelege behov i sentrum, gir sosial rettferd og livssjansar for alle, legg til rette for deltaking og samarbeid og for at menneske kan påverke forhold i nærmiljøet sitt og i samfunnet elles. Eit sosialt berekraftig samfunn sikrar alle menneske trygge bustader og gode nærmiljø, er inkluderande, og gjer det mogleg for alle å delta. Eit sosialt berekraftig samfunn gjer det også mogleg for befolkninga å utdanne seg og få seg arbeid, og har institusjonar og organisasjonar som byggjer opp om tillit, tryggleik og sosial tilhøyrsel. Staten har over mange år samarbeidd med kommunar om ekstra innsats i levekårsutsette område, kalla områdesatsingar.

Berekraftsmåla heng saman og er avhengige av kvarandre. Innsatsen og måloppnåinga innan eitt felt påverkar andre område. Berekraftsmåla som denne meldinga i størst grad tek for seg, er mål 1 om fattigdom, mål 3 om god helse og livskvalitet, mål 4 om god utdanning, mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst, mål 10 om ulikskap, mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn, mål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar og mål 17 om samarbeid.

1.1.2 Oppmodingsvedtak om levekår i byar

Det går fram av meldinga at i Innst. 2 S (2021–2022), behandla i Stortinget 2. desember 2021, ber Stortinget i vedtak 35 nummer 27 regjeringa om å komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak om levekår i byar innan utgangen av 2022, som mellom anna skal vurdere forslaga frå Jenssen-utvalet (By- og levekårsutvalet).

Det blir i meldinga vist til at by- og levekårsutvalet blei sett ned av regjeringa Solberg i oktober 2018. Utvalet skulle kartleggje omfanget av geografisk konsentrasjon av levekårsutfordringar i og rundt dei store byane i Noreg. Sentrale levekårsutfordringar var i mandatet til utvalet definerte til å vere

«dårlig bomiljø, få møteplasser og aktivitetstilbud, trangboddhet, arbeidsledighet, barnefattigdom, vold i nære relasjoner, ungdomskriminalitet, frafall fra utdanning, manglende sosial støtte, dårlig helse, rusmiddelproblematikk etc.».

Utvalet skulle kartleggje levekårsutfordringar uavhengig av etnisk bakgrunn, men samtidig særleg sjå på korleis fordelinga av slike levekårsutfordringar fell saman med busetjingsmønsteret blant innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Vidare skulle utvalet, på grunnlag av forsking, kartleggje og drøfte moglege årsaker til at enkelte byområde får ei opphoping av levekårsutford-ringar, og konsekvensar for innbyggjarar og samfunn. Utvalet var også bede om å beskrive eksisterande politikk og verkemiddel, både på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå, og dessutan rolla til sivilsamfunnet, og foreslå endra eller ny politikk.

Utvalet la fram utgreiinga si, NOU 2020:16 Levekår i byer – gode lokalsamfunn for alle, i desember 2020. Utvalet foreslo strategiar og tiltak for å sikre at alle kan bu og vekse opp i trygge og inkluderande lokalsamfunn med gode buforhold, gode oppvekstvilkår, gode levekår og gode føresetnader for integrering.

Utvalet vektla at det er avgjerande at den breie velferdspolitikken held fram med å verke. I tillegg foreslo utvalet å leggje hovudinnsatsen på følgjande fem sentrale strategiar:

  1. Gi barn og unge i utsette byområde like moglegheiter

  2. Styrkt og meir systematisk innsats i ordinære tenester

  3. Styrkje levekårsomsyn i byutviklinga

  4. Tydelegare mål og ansvarsfordeling i områdesatsingar

  5. Behov for god leiing og samarbeid på tvers

1.1.3 Involvering og innspel

Det går fram av meldinga at utgreiinga frå By- og levekårsutvalet, NOU 2020:16, var på høyring i 2021. Det kom 75 høyringsinnspel, mellom anna frå 15 kommunar, 7 fylkeskommunar, 12 brukar- og interesseorganisasjonar, 10 frivillige organisasjonar og 8 offentlege etatar. 43 av høyringsinnspela gav grunnleggjande støtte til utgreiinga og dei 5 hovudtilrådingane frå utvalet. Fleire høyringsinstansar peikte i svara sine på at problemstillingane som blei belyste i utgreiinga, også er relevante for andre enn berre dei store kommunane. Elles kom høyringsinstansane med generelle innspel og kommenterte forslaga utvalet hadde til tiltak. Forslaga frå By- og levekårsutvalet er refererte i dei enkelte delkapitla i del 2 i meldinga, i den grad forslaga er vurderte som relevante for det som blir teke opp i denne meldinga.

Kommunal- og distriktsdepartementet inviterte til å gi innspel til meldinga på ein nasjonal erfaringskonferanse om områdesatsingar i Stavanger i november 2022. Konferansen blei halden i samarbeid med Husbanken og Stavanger kommune. Målgruppa for konferansen var først og fremst tilsette i kommunar. Departementet har også fått innspel til meldinga gjennom storbynettverket til Husbanken og bede om innspel frå frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar og sivilsamfunnsaktørar.

I utarbeidinga av meldinga er elleve kommunar bedne spesielt om å dele eksempel på korleis kommunane har jobba strategisk med levekårsutfordringar i overordna samfunns- og arealplanlegging, korleis planarbeid har vore brukt aktivt for å løfte nærmiljøet og få aktivitet i eit område, og på aktivitetar og tilbod for å fremje samfunnsdeltaking og brukartilpassing av tenester for betre å imøtekomme behova til befolkninga i levekårsutsette område. Kommunane blei også bedne om eksempel på vellykka arbeid i områdesatsingane.

1.2 Samandrag og sentrale bodskap

Kapittel 2 i meldinga beskriv sentrale drivkrefter og utfordringar som påverkar levekåra i norske byar. Samanlikna med andre land har det store fleirtalet i den norske befolkninga god helse, gode levekår, ein stabil busituasjon og god økonomi. I Noreg, som i dei fleste andre landa, har likevel inntektsskilnadene auka noko dei siste 30 åra. Andelen av befolkninga som lever med såkalla vedvarande låginntekt har blitt større over tid. Oppvekst i fattige familiar har konsekvensar for levekår, arbeidsdeltaking og helse som vaksen.

Befolkninga i Noreg kjem til å vekse, og kommunane som er venta å vekse mest, er bykommunar og områda rundt byane. Nokre område har hatt ei negativ utvikling kor opphopingar av ulike levekårsutfordringar opptrer i samanheng, som til dømes dårleg økonomi, låg utdanning, helseplager, manglande nettverk og sosial støtte, dårlege norskkunnskapar og svak buevne. Kombinasjonen av lite tilpassa bustader, mange slike bustader samla i eit buområde og bebuarar med ulike utfordringar, kan skape ustabile og utrygge bumiljø. Særleg barnefamiliar trekker fram at det å bu i slike område er utfordrande.

Situasjonen i den norske arbeidsmarknaden er no betre enn på mange år, arbeidsløysa er låg, sysselsettingsandelen er høg og etterspurnaden etter arbeidskraft er stor. Likevel er det i dag mange i yrkesaktiv alder som står utanfor arbeidsmarknaden. Personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning, er betydeleg overrepresentert blant registrerte arbeidssøkjarar. Vedvarande låginntekt heng saman med levekårsutfordringar. Andelen med låginntekt har over tid auka blant barnefamiliar med små barn og blant einslege forsørgjarar. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar, har mellom anna dårlegare fysisk og psykisk helse, dårlegare buforhold, svakare skuleresultat, og deltek mindre i fritidsaktivitetar samanlikna med andre barn.

Barnehagen kan spele ei avgjerande rolle for inkludering og sosial utjamning. Sjølv om det generelle biletet ved skulane i utsette byområde er at barn trivst på skulen, og at læringsmiljøet og det sosiale miljøet er godt, kan det å bu i utsette område ha negative konsekvensar, som å påverke opplæringa og i kva grad elevane gjennomfører vidaregåande opplæring. Det er ein særleg sterk samanheng mellom resultata i grunnskulen og det å fullføre vidaregåande opplæring.

Den norske befolkninga har generelt god helse og livskvalitet, og levealderen er høg. Men det er store forskjellar i helse og livskvalitet, kor særleg utdanningsnivå har betydning. Ein oppvekst med låg sosioøkonomisk status gir høgare risiko for psykiske vanskar og fleire helseproblem som vaksen. Livskvaliteten er i gjennomsnitt høg i Noreg, men han er sosialt skeivfordelt, og nokre grupper opplever dårleg livskvalitet. Andelen av den vaksne befolkninga som er einsleg, og som bur aleine, er aukande.

Ikkje alle har ein stabil busituasjon. Busituasjonen og nabolaget påverkar kvardagen til barn, og gir rammene for oppvekstvilkåra deira. For eksempel er bustaden ein sentral sosial arena, og det å kunne ha med venner heim er viktig. Å bu trongt kan såleis påverke barn og unge negativt. Det er ein klar samanheng mellom inntekt og om ein eig bustaden ein bur i. Andelen som eig bustad, stig med auka inntekt. Det er vesentleg færre bustadeigarar blant dei med låginntekt enn i befolkninga generelt. Andelen med høg buutgiftsbelastning har auka blant leigetakarar og låginntektshushald.

Bustader og buområde i Noreg har generelt god standard. Fleire bustadområde med konsentrasjon av levekårsproblem har likevel utfordringar som låg bustadstandard, manglande vedlikehald, mange små bustader, dårleg tilgang til grøntområde og at dei ligg nær trafikkerte hovudvegar. Eit giftfritt miljø, god luftkvalitet og lite støyforureining er viktige føresetnader for eit godt nærmiljø, men talet på personar som er utsette for støy aukar.

Befolkninga i norske byar og tettstader har i hovudsak god tilgang til natur og grøntområde, men det finst område med mangel på møteplassar eller lite vedlikehaldne uteområde. Mange barn og unge er innom idrett og kulturaktivitetar i løpet av oppveksten, men det er sosiale forskjellar i deltaking.

Valdeltakinga er ikkje like høg i alle samfunnsgrupper, og er generelt lågare blant stemmeføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn i befolkninga elles. Undersøkingar viser at enkelte grupper har ei gjennomgåande lågare deltaking i det offentlege samfunnslivet. Særleg gjeld dette grupper som yngre menn i 20-åra, dei med innvandrarbakgrunn og yngre personar med yrkesfagleg bakgrunn.

Sjølv om det er relativt lite registrert kriminalitet i Noreg, viser undersøkingar at nesten ein av tre respondentar seier dei har vore utsett for minst eitt lovbrot i 2020. Det er meir kriminalitet i sentrumsnære strøk enn i meir rurale område, og område prega av dårlege levekår skårar ofte også høgt når det gjeld kriminalitet.

Kapittel 3 i meldinga omtaler kort økonomisk politikk og generelle velferdsordningar, ordningar som ikkje er geografisk bestemte. Regjeringa fører ein økonomisk politikk som bidreg til arbeid til alle, ei meir rettferdig fordeling som reduserer dei sosiale og geografiske skilnadene, og som bidreg til ein sterk velferdsstat som er uavhengig av lommeboka til folk og kvar dei bur. Å motverke økonomiske skilnader og fremje velferd er dei viktigaste føresetnadene for å førebyggje individuelle levekårsutfordringar.

Regjeringa vektlegg å inkludere fleire i arbeid, sikre gode og universelle velferdsordningar og å sørgje for eit omfordelande skattesystem som dei viktigaste grepa for å redusere økonomiske skilnader og å forebyggje fattigdom. Regjeringa har gjort fleire grep for å styrkje dei universelle velferdsordningane, knytt til endringar i barnetrygda, justeringar av satsar for økonomisk sosialhjelp og mellombels straumstøtte som følgje av høge straumutgifter. Regjeringa har iverksett ulike arbeid som skal styrkje kunnskap om fattigdom og låginntekt, som eit låginntektsutval, ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar og ei ekspertgruppe om korleis barnehagar, skular og SFO kan vere med på å jamne ut sosiale skilnader.

Eit sentralt mål for staten er at offentlege tenester skal vere likeverdige. Kommunane har ansvaret for sentrale velferdstenester som barnehagar, grunnskule, helse, omsorg og sosiale tenester, og dei har hovudansvaret for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tillitsreforma til regjeringa er ein integrert del av arbeidet med å fornye og utvikle offentleg sektor. I tillegg vektlegg regjeringa betydninga av innsatsen frå sivilsamfunnsaktørar og privat sektor for gode oppvekst-, bu- og nærmiljø, og til auka livskvalitet og større deltaking i nærmiljø og lokalsamfunn.

For framleis å sikre ein brei velferdspolitikk vil regjeringa:

  • halde det samla skatte- og avgiftsnivået for inntek-tene til folk uendra, samtidig som sosial og geografisk omfordeling vert varetatt

  • jamne ut skilnader i levekår, sikre sosial mobilitet og redusere fattigdom, særleg fattigdommen som rammar barnefamiliar

  • leggje til rette for at kommunesektoren kan løyse det viktige samfunnsoppdraget sitt, mellom anna ved å sørgje for at kommunane har gode rammevilkår til å gi folk gode tenester.

For å følgje opp dette vil regjeringa mellom anna leggje fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og familiane deira, leggje fram eit nytt inntektssystem for kommunane våren 2024, følgje opp tillitsreforma og sørgje for at reforma blir sett i verk gjennom praktiske tiltak i alle departementsområda.

Kapittel 4 i meldinga omtalar byplanlegging, bustadpolitikk og nærmiljø. Regjeringa er oppteken av at god byplanlegging, bustadpolitikk, trygge nærmiljø og gode nabolag er sentrale vilkår for at befolkninga kan leve gode liv, og for å motverke at økonomiske skilnader gir segregering. Regjeringa vektlegg samfunns- og arealplanlegginga som eit viktig verktøy for å sikre sosial berekraft i byar og lokalsamfunn, på linje med økonomisk og miljømessig berekraft. Kommunane skal gjennom planlegginga si bidra til å sikre jambyrdig god kvalitet på by- og bustadområde. I område med levekårsutford-ringar er det særleg viktig å jobbe for gode nærmiljø.

Saman med utdanning, arbeid og helse utgjer bustadfeltet ein av velferdspilarane i samfunnet. For å bidra til at nabolag kan bestå av innbyggjarar med ulik sosioøkonomisk bakgrunn og for å medverke til gode nabolag og valmoglegheiter i bustadmarknaden er det viktig å leggje til rette for ei variert bustadsamansetjing. Visjonen til regjeringa er at alle skal bu trygt og godt, og sjølv om mange bur godt, gjeld det ikkje alle. Regjeringa vil at det skal vere mogleg for fleire å eige sin eigen bustad, samtidig som det også skal vere føreseieleg og trygt å leige bustad.

Regjeringa vektlegg kor viktig det er med grøntområde og gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø for å skape rammer for gode liv. Dei bygde omgivnadene skal bidra til å styrkje livsvilkåra, livskvaliteten og levekåra til innbyggjarane. Byområda og nabolaga må sikrast nok og varierte møteplassar, anlegg til kultur, idrett og andre fellesarenaer.

For å bidra til byar og byområde som er gode å leve i, vil regjeringa:

  • styrkje omsynet til sosial berekraft i samfunns- og arealplanlegginga, gjennom å utvikle kunnskap og eigna verktøy, tydelegare statlege føringar og oppdatert rettleiing

  • oppdatere rettleiinga om samfunnsdelen i kommuneplanen slik at den er relevant og aktuell for utfordringar og styringsbehov i dag

  • følgje opp inngåtte byvekstavtalar og føre vidare samordna areal- og transportplanlegging gjennom byvekstavtalar i dei største byområda

  • fornye dei statlege planretningslinene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging

  • leggje til rette for bustadbygging gjennom mellom anna å bidra til effektive plan- og byggjeprosessar og vidare digitalisering av planprosessane

  • sende på høyring eit forslag til lovendring som gir kommunane fleire verktøy i plan- og bygningslova for å leggje til rette for ei variert bustadsamansetning, og tiltak som skal vurderast er at kommunane får heimel til å gi planføresegner som pålegg utbyggjaren å nytte burettslag som organisasjonsform, at kommunen fastset at ein bestemt andel bustader i nye prosjekt skal vere utleigebustader, eller at det blir stilt krav om at ein bestemt andel bustader blir tilbydd med nye bustadkjøpsmodellar med marknadsbaserte vilkår som leige til eige og/eller deleige

  • utvikle verktøy for styrkt medverknad i samfunns- og arealplanlegginga, mellom anna ved at opplevingane barn og unge har av nærmiljøet sitt, blir kartfesta som ein del av kunnskapsgrunnlaget i planprosessane

  • følgje opp behovet for betre plankompetanse i kommunane og fylkeskommunane gjennom mellom anna styrkt rettleiing, å ta del i nettverk og i samarbeid med andre relevante styresmakter

  • gjere det mogleg for fleire å eige sin eigen bustad, mellom anna ved å stimulere til fleire løysingar som gir førstegongsetablerarar ein enklare veg inn på bustadmarknaden

  • fortsette å leggje til rette for at personar med langvarige finansieringsproblem skal kunne kjøpe og behalde ein bustad

  • vurdere lovendringar for å leggje til rette for fleire bustader med bustadkjøpsmodellar

  • leggje til rette for fleire gode utleigebustader i regi av langsiktige utleigarar, mellom anna gjennom lån til utleigebustader

  • byggje nye studentbustader for å sikre rimelege og gode bustader for studentar

  • sikre leigetakarane sine rettar, mellom anna ved å ha sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova

  • sikre betre informasjon om rettar og pliktar ved utleige for at fleire skal kjenne til og overhalde reglane

  • vidareføre satsinga på forsking for å skaffe meir kunnskap om leigemarknaden og leigeprisar

  • følgje opp rapporten frå ekspertgruppa som har evaluert den noverande bustøtteordninga ved å vurdere tiltak som kan utvikle ordninga som eit bustadpolitisk verkemedel

  • vidareføre satsinga på utvikling av grøntområde i områdesatsingane, og prioritere grøntområde i byar og tettstader i ordninga sikring av friluftslivsområde

  • skaffe meir informasjon om korleis den helsemessige betydninga av grøntområde skal verdsettast i planlegginga

  • forbetre retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging (T-1520)

  • fremje ei gå- og aktivitetsvennleg nærmiljøutvikling gjennom mellom anna oppfølging av handlingsplanen for fysisk aktivitet

  • utarbeide ein nasjonal plan for idrettsanlegg gjennom ein heilskapleg gjennomgang av spelemidelordninga til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

  • følgje opp handlingsplanen for universell utforming, mellom anna ved å bidra til meir kompetanse innan universell utforming i planlegging

  • styrkje kunnskap og rettleiing om korleis planlegging og arkitektur kan brukast som verktøy for å sikre attraktive og berekraftige stader

  • vurdera om det er behov for betre samordning og nye tiltak i den statlege arkitekturpolitikken

  • samle og formidle erfaringar om betydninga av møteplassar, sambruk- og fleirbruk av bygg, og uteområde for utvikling av nabolag og lokalsamfunn, herunder styrkje bibliotek som arena for kunnskap, demokratiutvikling og integrering.

Kapittel 5 i meldinga tar opp verkemiddel for betre levekår og samfunnsdeltaking innanfor breie politikkområde. Regjeringa er oppteken av at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å leve gode liv, utvikle seg og oppnå sosial mobilitet. Utdanningssystemet skal i større grad enn i dag medverke til å redusere skilnader mellom grupper i samfunnet og auke sjansane den enkelte har til å betre den sosioøkonomiske situasjonen sin. Regjeringa vil gjere det mogleg for alle barn og unge å delta i fritidsaktivitetar. Regjeringa har styrkt tildelinga av spelemidlar til idretten og tilskotet til inkludering av barn og unge, slik at dei skal få betre tilgang på fritidsaktivitetar, møteplassar og gjere det mogleg for fleire ungdomar å skaffe seg deltids- og sommarjobbar.

Regjeringa vil ha eit helsefremjande samfunn, kjempe mot auka sosiale og geografiske skilnader og satse på den felles offentlege helsetenesta. Folkehelsepolitikken til regjeringa skal bidra til å redusere sosiale skilnader i helse og livskvalitet, og dermed bidra til å styrkje den sosiale berekrafta i samfunnet. Regjeringa er oppteken av at dei universelle tenestene med låg terskel er viktig for å nå alle, og særleg dei som har størst levekårsutfordringar.

Regjeringa har som mål å få fleire i jobb og skape aktivitet i heile landet. Regjeringa legg arbeidslinja til grunn i arbeids- og velferdspolitikken, og har som mål at fellesskapet skal stille meir opp med aktive tiltak for å hjelpe folk i arbeid. Det er sentralt å styrkje jobbmoglegheitene for personar som har problem med å skaffe seg arbeid på eiga hand. Regjeringa er oppteken av å motverke utstøyting og diskriminering, betre moglegheitene i ordinært arbeidsliv for ledige og personar med nedsett arbeidsevne og dessutan sikre eit tilrettelagt arbeidstilbod for grupper som treng dette.

Regjeringa sitt hovudmål for integreringsarbeidet er å få fleire i arbeid, byggje sterke fellesskap og gode fellesarenaer, fremje likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Styrt og spreidd busetjing inneber at nykomne flyktningar skal bli busette i alle landsdelar og i kommunar av ulik storleik.

Regjeringa vektlegg at innsats for deltaking frå og inkludering av alle grupper av befolkninga på sentrale livsarenaer bidreg til å halde ved lag eit samfunn med små skilnader, høg tillit og god livskvalitet. Tiltak som motverkar aukande skilnader i politisk tillit, som god informasjon, brei involvering og stimulering til deltaking særleg på lokalpolitiske arenaer, er viktige for å motverke politisk og sosialt utanforskap. Frivillige organisasjonar og nettverk er ikkje minst viktige i område med levekårsutfordringar. Trygge byar og lokalsamfunn med høg tillit og sterke fellesskap føreset fråvære av rasisme og diskriminering, og regjeringa er i gang med å utarbeide ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering, og det er etablert ei nasjonal tilskotsordning for tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.

Regjeringa er oppteken av å sikre tryggleik og tilgjengeleg politi i heile landet. Tiltak som bidreg til trygge lokalsamfunn, kan også forebyggje individuelle levekårsproblem og stimulere til deltaking og inkludering i lokalsamfunna.

For å bidra til gode levekår og samfunnsdeltaking vil regjeringa:

  • følgje opp strategien «Barnehagen for en ny tid – Nasjonal barnehagestrategi mot 2030»

  • halde fram med å ha maksimalprisen i barnehagen på eit lågt nivå og vurdere moderasjonsordningane som gjeld barnehage

  • sjå nærare på samanhengen mellom tilskotet til å styrkje den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage og tilskotet til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn, og vurdere i kva grad innrettinga på desse tilskota har behov for endring for å få betre måloppnåing

  • bidra til betre leseferdigheiter og leggje fram ein leselyststrategi

  • leggje fram ei melding om 5.–10. trinn i grunnskulen

  • føre vidare tilskotet til skulebibliotek, spesielt i levekårsutsette område

  • leggje til rette for erfaringsspreiing om eit ellevte skuleår i Oslo til andre store bykommunar

  • følgje opp Stortinget si behandling av Fullføringsreforma

  • vidareføre arbeidet med å støtte fylkeskommunane sitt arbeid med å kvalifisere og formidle til læreplassar i vidaregåande opplæring

  • gjennomføre ein kvalitetsreform i barnevernet

  • følgje opp Fritidserklæringa og arbeide for at det skal vere mogleg for alle barn og unge å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre

  • vurdere om måten ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge er innretta på, i tilstrekkeleg grad treffer levekårsutsette byområde

  • følgje opp Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, som understrekar kor viktig det er å jamne ut økonomiske og sosiale skilnader for å fremje den norske folkehelsa

  • leggje fram ein nasjonal strategi for livskvalitet

  • styrkje innsatsen for å forebyggje einsemd, mellom anna ved å vurdere ein handlingsplan for førebygging av einsemd og vurdere å inkludere einsemd som ein folkehelseutfordring i folkehelselova

  • ha ambisjonar om å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid med fridom til skulane til å organisere dette sjølve

  • leggje fram ei stortingsmelding om ein førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet, inkludert å fremje eit nasjonalt program for rusførebyggjande arbeid blant barn og unge

  • utvikle fastlegeordninga for å sørgje for ei tilgjengeleg og sterk offentleg teneste for alle og utvikle den offentlege tannhelsetenesta

  • vidareføre prinsippa om styrt og spreidd, rask og treffsikker busetjing av nykomne flyktningar

  • vurdere tiltak som kan bidra til at enda fleire fullfører fag- og yrkesopplæring innanfor ramma av introduksjonsprogrammet

  • setje i gang eit nytt forsøk med ei tilskotsordning som skal stimulere til lokalt utvida samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunen om tilrettelagt vidaregåande opplæring

  • gjennomføre eit løft i satsinga på unge som står utanfor arbeid og utdanning ved å innføre ein ny ungdomsgaranti i 2023

  • styrkje samarbeidet mellom Arbeids- og velferdsetaten, helsetenesta og utdanningssektoren om samordna og samtidige tenester til ungdom og unge vaksne som har behov for bistand frå fleire tenester for å komme i arbeid

  • arbeide for å få auka kunnskap om dei som står utanfor arbeid, utdanning og tiltak

  • satse vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen, slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid

  • leggje fram ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering

  • leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar

  • revidere straffereaksjonane for ungdom for at dei skal hjelpe barn og unge tilbake til eit kriminalitetsfritt liv

  • hauste erfaringar og prøve ut exitprogram for gjengkriminelle, slik at dei som ønskjer det, får hjelp til å bryte ut og starte eit nytt kriminalitetsfritt liv.

I kapittel 6 i meldinga rettar regjeringa merksemda mot byar og byområde med konsentrasjon av levekårsutfordringar, der staten og kommunane har avtalebaserte langsiktige samarbeid om felles ekstra innsats i geografisk avgrensa byområde gjennom områdesatsingar. Føremålet er å leggje til rette for gode tenester og bu- og nærmiljø for å betre levekår og livskvalitet for befolkninga. Regjeringa har avtalar om områdesatsingar med Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Drammen, og våren 2023 varsla regjeringa at den også vil inngå avtalar med Fredrikstad, Sarpsborg og Kristiansand. I tillegg er ordninga i revidert nasjonalbudsjett for 2023 styrkt med ekstra midlar.

I det vidare arbeidet med områdesatsingar vil regjeringa:

  • vidareføre eksisterande avtalar med kommunar om områdesatsingar og gjere ei individuell vurdering av kor vidt den einskilde avtale om områdesatsing skal forlengast når avtaleperioden går ut

  • lyse ut framtidige avtalar om områdesatsingar med ein varigheit på 5 år

  • gå gjennom involveringa til staten og måla for områdesatsingane og vurdere korleis kommunane framover kan stå friare til å prioritere korleis tilskota blir brukte lokalt

  • styrkje innsatsen for å spreie kunnskap og erfaringar frå områdesatsingane på tvers av kommunar, også til kommunar som ikkje har områdesatsingar i dag

  • vurdere korleis kommunane lettare kan få tilgang til levekårsdata på eit geografisk sonenivå i kommunane

  • i samarbeid med kommunane evaluere områdesatsingar med vekt på resultat og effektar sett opp mot måla for satsingane.

1.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir i meldinga vist til at dei fleste tiltaka i meldinga allereie er lansert i andre dokument eller stadfestar gjeldande politikk. Kostnader til dei andre tiltaka blir dekte innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjett-rammene til dei aktuelle departementa.