1.2 Samandrag og sentrale bodskap
Kapittel 2 i meldinga beskriv sentrale drivkrefter
og utfordringar som påverkar levekåra i norske byar. Samanlikna
med andre land har det store fleirtalet i den norske befolkninga
god helse, gode levekår, ein stabil busituasjon og god økonomi.
I Noreg, som i dei fleste andre landa, har likevel inntektsskilnadene
auka noko dei siste 30 åra. Andelen av befolkninga som lever med såkalla
vedvarande låginntekt har blitt større over tid. Oppvekst i fattige
familiar har konsekvensar for levekår, arbeidsdeltaking og helse
som vaksen.
Befolkninga i Noreg kjem til å vekse, og kommunane
som er venta å vekse mest, er bykommunar og områda rundt byane.
Nokre område har hatt ei negativ utvikling kor opphopingar av ulike
levekårsutfordringar opptrer i samanheng, som til dømes dårleg økonomi, låg
utdanning, helseplager, manglande nettverk og sosial støtte, dårlege
norskkunnskapar og svak buevne. Kombinasjonen av lite tilpassa bustader,
mange slike bustader samla i eit buområde og bebuarar med ulike utfordringar,
kan skape ustabile og utrygge bumiljø. Særleg barnefamiliar trekker
fram at det å bu i slike område er utfordrande.
Situasjonen i den norske arbeidsmarknaden er
no betre enn på mange år, arbeidsløysa er låg, sysselsettingsandelen
er høg og etterspurnaden etter arbeidskraft er stor. Likevel er
det i dag mange i yrkesaktiv alder som står utanfor arbeidsmarknaden.
Personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning, er betydeleg overrepresentert
blant registrerte arbeidssøkjarar. Vedvarande låginntekt heng saman
med levekårsutfordringar. Andelen med låginntekt har over tid auka
blant barnefamiliar med små barn og blant einslege forsørgjarar. Barn
som veks opp i låginntektsfamiliar, har mellom anna dårlegare fysisk
og psykisk helse, dårlegare buforhold, svakare skuleresultat, og
deltek mindre i fritidsaktivitetar samanlikna med andre barn.
Barnehagen kan spele ei avgjerande rolle for
inkludering og sosial utjamning. Sjølv om det generelle biletet
ved skulane i utsette byområde er at barn trivst på skulen, og at
læringsmiljøet og det sosiale miljøet er godt, kan det å bu i utsette
område ha negative konsekvensar, som å påverke opplæringa og i kva
grad elevane gjennomfører vidaregåande opplæring. Det er ein særleg
sterk samanheng mellom resultata i grunnskulen og det å fullføre
vidaregåande opplæring.
Den norske befolkninga har generelt god helse
og livskvalitet, og levealderen er høg. Men det er store forskjellar
i helse og livskvalitet, kor særleg utdanningsnivå har betydning.
Ein oppvekst med låg sosioøkonomisk status gir høgare risiko for
psykiske vanskar og fleire helseproblem som vaksen. Livskvaliteten
er i gjennomsnitt høg i Noreg, men han er sosialt skeivfordelt,
og nokre grupper opplever dårleg livskvalitet. Andelen av den vaksne
befolkninga som er einsleg, og som bur aleine, er aukande.
Ikkje alle har ein stabil busituasjon. Busituasjonen og
nabolaget påverkar kvardagen til barn, og gir rammene for oppvekstvilkåra
deira. For eksempel er bustaden ein sentral sosial arena, og det
å kunne ha med venner heim er viktig. Å bu trongt kan såleis påverke
barn og unge negativt. Det er ein klar samanheng mellom inntekt
og om ein eig bustaden ein bur i. Andelen som eig bustad, stig med
auka inntekt. Det er vesentleg færre bustadeigarar blant dei med
låginntekt enn i befolkninga generelt. Andelen med høg buutgiftsbelastning
har auka blant leigetakarar og låginntektshushald.
Bustader og buområde i Noreg har generelt god standard.
Fleire bustadområde med konsentrasjon av levekårsproblem har likevel
utfordringar som låg bustadstandard, manglande vedlikehald, mange
små bustader, dårleg tilgang til grøntområde og at dei ligg nær trafikkerte
hovudvegar. Eit giftfritt miljø, god luftkvalitet og lite støyforureining
er viktige føresetnader for eit godt nærmiljø, men talet på personar
som er utsette for støy aukar.
Befolkninga i norske byar og tettstader har
i hovudsak god tilgang til natur og grøntområde, men det finst område
med mangel på møteplassar eller lite vedlikehaldne uteområde. Mange
barn og unge er innom idrett og kulturaktivitetar i løpet av oppveksten,
men det er sosiale forskjellar i deltaking.
Valdeltakinga er ikkje like høg i alle samfunnsgrupper,
og er generelt lågare blant stemmeføre innvandrarar og norskfødde
med innvandrarforeldre enn i befolkninga elles. Undersøkingar viser
at enkelte grupper har ei gjennomgåande lågare deltaking i det offentlege
samfunnslivet. Særleg gjeld dette grupper som yngre menn i 20-åra,
dei med innvandrarbakgrunn og yngre personar med yrkesfagleg bakgrunn.
Sjølv om det er relativt lite registrert kriminalitet
i Noreg, viser undersøkingar at nesten ein av tre respondentar seier
dei har vore utsett for minst eitt lovbrot i 2020. Det er meir kriminalitet
i sentrumsnære strøk enn i meir rurale område, og område prega av
dårlege levekår skårar ofte også høgt når det gjeld kriminalitet.
Kapittel 3 i meldinga omtaler kort økonomisk
politikk og generelle velferdsordningar, ordningar som ikkje er
geografisk bestemte. Regjeringa fører ein økonomisk politikk som
bidreg til arbeid til alle, ei meir rettferdig fordeling som reduserer
dei sosiale og geografiske skilnadene, og som bidreg til ein sterk
velferdsstat som er uavhengig av lommeboka til folk og kvar dei bur.
Å motverke økonomiske skilnader og fremje velferd er dei viktigaste
føresetnadene for å førebyggje individuelle levekårsutfordringar.
Regjeringa vektlegg å inkludere fleire i arbeid,
sikre gode og universelle velferdsordningar og å sørgje for eit omfordelande
skattesystem som dei viktigaste grepa for å redusere økonomiske
skilnader og å forebyggje fattigdom. Regjeringa har gjort fleire
grep for å styrkje dei universelle velferdsordningane, knytt til
endringar i barnetrygda, justeringar av satsar for økonomisk sosialhjelp
og mellombels straumstøtte som følgje av høge straumutgifter. Regjeringa
har iverksett ulike arbeid som skal styrkje kunnskap om fattigdom
og låginntekt, som eit låginntektsutval, ei ekspertgruppe om barn
i fattige familiar og ei ekspertgruppe om korleis barnehagar, skular
og SFO kan vere med på å jamne ut sosiale skilnader.
Eit sentralt mål for staten er at offentlege
tenester skal vere likeverdige. Kommunane har ansvaret for sentrale
velferdstenester som barnehagar, grunnskule, helse, omsorg og sosiale
tenester, og dei har hovudansvaret for å hjelpe vanskelegstilte
på bustadmarknaden. Tillitsreforma til regjeringa er ein integrert
del av arbeidet med å fornye og utvikle offentleg sektor. I tillegg vektlegg
regjeringa betydninga av innsatsen frå sivilsamfunnsaktørar og privat
sektor for gode oppvekst-, bu- og nærmiljø, og til auka livskvalitet
og større deltaking i nærmiljø og lokalsamfunn.
For framleis å sikre ein brei velferdspolitikk
vil regjeringa:
-
halde det samla skatte-
og avgiftsnivået for inntek-tene til folk uendra, samtidig som sosial
og geografisk omfordeling vert varetatt
-
jamne ut skilnader i levekår, sikre sosial
mobilitet og redusere fattigdom, særleg fattigdommen som rammar
barnefamiliar
-
leggje til rette for at kommunesektoren
kan løyse det viktige samfunnsoppdraget sitt, mellom anna ved å
sørgje for at kommunane har gode rammevilkår til å gi folk gode
tenester.
For å følgje opp dette vil regjeringa
mellom anna leggje fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet
og sosial utjamning for barn og unge og familiane deira, leggje
fram eit nytt inntektssystem for kommunane våren 2024, følgje opp
tillitsreforma og sørgje for at reforma blir sett i verk gjennom
praktiske tiltak i alle departementsområda.
Kapittel 4 i meldinga omtalar byplanlegging,
bustadpolitikk og nærmiljø. Regjeringa er oppteken av at god byplanlegging,
bustadpolitikk, trygge nærmiljø og gode nabolag er sentrale vilkår
for at befolkninga kan leve gode liv, og for å motverke at økonomiske
skilnader gir segregering. Regjeringa vektlegg samfunns- og arealplanlegginga
som eit viktig verktøy for å sikre sosial berekraft i byar og lokalsamfunn,
på linje med økonomisk og miljømessig berekraft. Kommunane skal
gjennom planlegginga si bidra til å sikre jambyrdig god kvalitet på
by- og bustadområde. I område med levekårsutford-ringar er det særleg
viktig å jobbe for gode nærmiljø.
Saman med utdanning, arbeid og helse utgjer
bustadfeltet ein av velferdspilarane i samfunnet. For å bidra til
at nabolag kan bestå av innbyggjarar med ulik sosioøkonomisk bakgrunn
og for å medverke til gode nabolag og valmoglegheiter i bustadmarknaden
er det viktig å leggje til rette for ei variert bustadsamansetjing.
Visjonen til regjeringa er at alle skal bu trygt og godt, og sjølv
om mange bur godt, gjeld det ikkje alle. Regjeringa vil at det skal
vere mogleg for fleire å eige sin eigen bustad, samtidig som det
også skal vere føreseieleg og trygt å leige bustad.
Regjeringa vektlegg kor viktig det er med grøntområde
og gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø for å skape rammer for gode
liv. Dei bygde omgivnadene skal bidra til å styrkje livsvilkåra,
livskvaliteten og levekåra til innbyggjarane. Byområda og nabolaga
må sikrast nok og varierte møteplassar, anlegg til kultur, idrett
og andre fellesarenaer.
For å bidra til byar og byområde som er gode
å leve i, vil regjeringa:
-
styrkje omsynet til
sosial berekraft i samfunns- og arealplanlegginga, gjennom å utvikle
kunnskap og eigna verktøy, tydelegare statlege føringar og oppdatert
rettleiing
-
oppdatere rettleiinga om samfunnsdelen
i kommuneplanen slik at den er relevant og aktuell for utfordringar
og styringsbehov i dag
-
følgje opp inngåtte byvekstavtalar og føre
vidare samordna areal- og transportplanlegging gjennom byvekstavtalar
i dei største byområda
-
fornye dei statlege planretningslinene
for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging
-
leggje til rette for bustadbygging gjennom
mellom anna å bidra til effektive plan- og byggjeprosessar og vidare
digitalisering av planprosessane
-
sende på høyring eit forslag til lovendring
som gir kommunane fleire verktøy i plan- og bygningslova for å leggje
til rette for ei variert bustadsamansetning, og tiltak som skal
vurderast er at kommunane får heimel til å gi planføresegner som
pålegg utbyggjaren å nytte burettslag som organisasjonsform, at kommunen
fastset at ein bestemt andel bustader i nye prosjekt skal vere utleigebustader,
eller at det blir stilt krav om at ein bestemt andel bustader blir tilbydd
med nye bustadkjøpsmodellar med marknadsbaserte vilkår som leige
til eige og/eller deleige
-
utvikle verktøy for styrkt medverknad i
samfunns- og arealplanlegginga, mellom anna ved at opplevingane
barn og unge har av nærmiljøet sitt, blir kartfesta som ein del
av kunnskapsgrunnlaget i planprosessane
-
følgje opp behovet for betre plankompetanse
i kommunane og fylkeskommunane gjennom mellom anna styrkt rettleiing,
å ta del i nettverk og i samarbeid med andre relevante styresmakter
-
gjere det mogleg for fleire å eige sin
eigen bustad, mellom anna ved å stimulere til fleire løysingar som gir
førstegongsetablerarar ein enklare veg inn på bustadmarknaden
-
fortsette å leggje til rette for at personar
med langvarige finansieringsproblem skal kunne kjøpe og behalde
ein bustad
-
vurdere lovendringar for å leggje til rette
for fleire bustader med bustadkjøpsmodellar
-
leggje til rette for fleire gode utleigebustader
i regi av langsiktige utleigarar, mellom anna gjennom lån til utleigebustader
-
byggje nye studentbustader for å sikre
rimelege og gode bustader for studentar
-
sikre leigetakarane sine rettar, mellom
anna ved å ha sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova
-
sikre betre informasjon om rettar og pliktar
ved utleige for at fleire skal kjenne til og overhalde reglane
-
vidareføre satsinga på forsking for å skaffe
meir kunnskap om leigemarknaden og leigeprisar
-
følgje opp rapporten frå ekspertgruppa
som har evaluert den noverande bustøtteordninga ved å vurdere tiltak
som kan utvikle ordninga som eit bustadpolitisk verkemedel
-
vidareføre satsinga på utvikling av grøntområde
i områdesatsingane, og prioritere grøntområde i byar og tettstader
i ordninga sikring av friluftslivsområde
-
skaffe meir informasjon om korleis den
helsemessige betydninga av grøntområde skal verdsettast i planlegginga
-
forbetre retningslinje for behandling av
luftkvalitet i arealplanlegging (T-1520)
-
fremje ei gå- og aktivitetsvennleg nærmiljøutvikling gjennom
mellom anna oppfølging av handlingsplanen for fysisk aktivitet
-
utarbeide ein nasjonal plan for idrettsanlegg
gjennom ein heilskapleg gjennomgang av spelemidelordninga til anlegg
for idrett og fysisk aktivitet
-
følgje opp handlingsplanen for universell
utforming, mellom anna ved å bidra til meir kompetanse innan universell
utforming i planlegging
-
styrkje kunnskap og rettleiing om korleis
planlegging og arkitektur kan brukast som verktøy for å sikre attraktive
og berekraftige stader
-
vurdera om det er behov for betre samordning
og nye tiltak i den statlege arkitekturpolitikken
-
samle og formidle erfaringar om betydninga
av møteplassar, sambruk- og fleirbruk av bygg, og uteområde for
utvikling av nabolag og lokalsamfunn, herunder styrkje bibliotek
som arena for kunnskap, demokratiutvikling og integrering.
Kapittel 5 i meldinga tar opp verkemiddel
for betre levekår og samfunnsdeltaking innanfor breie politikkområde.
Regjeringa er oppteken av at alle barn og unge skal ha like moglegheiter
til å leve gode liv, utvikle seg og oppnå sosial mobilitet. Utdanningssystemet
skal i større grad enn i dag medverke til å redusere skilnader mellom
grupper i samfunnet og auke sjansane den enkelte har til å betre
den sosioøkonomiske situasjonen sin. Regjeringa vil gjere det mogleg
for alle barn og unge å delta i fritidsaktivitetar. Regjeringa har
styrkt tildelinga av spelemidlar til idretten og tilskotet til inkludering av
barn og unge, slik at dei skal få betre tilgang på fritidsaktivitetar,
møteplassar og gjere det mogleg for fleire ungdomar å skaffe seg
deltids- og sommarjobbar.
Regjeringa vil ha eit helsefremjande samfunn, kjempe
mot auka sosiale og geografiske skilnader og satse på den felles
offentlege helsetenesta. Folkehelsepolitikken til regjeringa skal
bidra til å redusere sosiale skilnader i helse og livskvalitet,
og dermed bidra til å styrkje den sosiale berekrafta i samfunnet.
Regjeringa er oppteken av at dei universelle tenestene med låg terskel er
viktig for å nå alle, og særleg dei som har størst levekårsutfordringar.
Regjeringa har som mål å få fleire i jobb og
skape aktivitet i heile landet. Regjeringa legg arbeidslinja til grunn
i arbeids- og velferdspolitikken, og har som mål at fellesskapet
skal stille meir opp med aktive tiltak for å hjelpe folk i arbeid.
Det er sentralt å styrkje jobbmoglegheitene for personar som har
problem med å skaffe seg arbeid på eiga hand. Regjeringa er oppteken
av å motverke utstøyting og diskriminering, betre moglegheitene
i ordinært arbeidsliv for ledige og personar med nedsett arbeidsevne
og dessutan sikre eit tilrettelagt arbeidstilbod for grupper som
treng dette.
Regjeringa sitt hovudmål for integreringsarbeidet er
å få fleire i arbeid, byggje sterke fellesskap og gode fellesarenaer,
fremje likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Styrt
og spreidd busetjing inneber at nykomne flyktningar skal bli busette
i alle landsdelar og i kommunar av ulik storleik.
Regjeringa vektlegg at innsats for deltaking
frå og inkludering av alle grupper av befolkninga på sentrale livsarenaer
bidreg til å halde ved lag eit samfunn med små skilnader, høg tillit
og god livskvalitet. Tiltak som motverkar aukande skilnader i politisk
tillit, som god informasjon, brei involvering og stimulering til
deltaking særleg på lokalpolitiske arenaer, er viktige for å motverke
politisk og sosialt utanforskap. Frivillige organisasjonar og nettverk
er ikkje minst viktige i område med levekårsutfordringar. Trygge
byar og lokalsamfunn med høg tillit og sterke fellesskap føreset
fråvære av rasisme og diskriminering, og regjeringa er i gang med
å utarbeide ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering,
og det er etablert ei nasjonal tilskotsordning for tiltak mot rasisme,
diskriminering og hatefulle ytringar.
Regjeringa er oppteken av å sikre tryggleik
og tilgjengeleg politi i heile landet. Tiltak som bidreg til trygge
lokalsamfunn, kan også forebyggje individuelle levekårsproblem og
stimulere til deltaking og inkludering i lokalsamfunna.
For å bidra til gode levekår og samfunnsdeltaking vil
regjeringa:
-
følgje opp strategien
«Barnehagen for en ny tid – Nasjonal barnehagestrategi mot 2030»
-
halde fram med å ha maksimalprisen i barnehagen på
eit lågt nivå og vurdere moderasjonsordningane som gjeld barnehage
-
sjå nærare på samanhengen mellom tilskotet
til å styrkje den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn
i barnehage og tilskotet til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege
barn, og vurdere i kva grad innrettinga på desse tilskota har behov
for endring for å få betre måloppnåing
-
bidra til betre leseferdigheiter og leggje
fram ein leselyststrategi
-
leggje fram ei melding om 5.–10. trinn
i grunnskulen
-
føre vidare tilskotet til skulebibliotek,
spesielt i levekårsutsette område
-
leggje til rette for erfaringsspreiing
om eit ellevte skuleår i Oslo til andre store bykommunar
-
følgje opp Stortinget si behandling av
Fullføringsreforma
-
vidareføre arbeidet med å støtte fylkeskommunane sitt
arbeid med å kvalifisere og formidle til læreplassar i vidaregåande
opplæring
-
gjennomføre ein kvalitetsreform i barnevernet
-
følgje opp Fritidserklæringa og arbeide
for at det skal vere mogleg for alle barn og unge å delta jamleg i
minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre
-
vurdere om måten ordninga Tilskot til inkludering av
barn og unge er innretta på, i tilstrekkeleg grad treffer levekårsutsette
byområde
-
følgje opp Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga
– Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, som
understrekar kor viktig det er å jamne ut økonomiske og sosiale
skilnader for å fremje den norske folkehelsa
-
leggje fram ein nasjonal strategi for livskvalitet
-
styrkje innsatsen for å forebyggje einsemd,
mellom anna ved å vurdere ein handlingsplan for førebygging av einsemd
og vurdere å inkludere einsemd som ein folkehelseutfordring i folkehelselova
-
ha ambisjonar om å gradvis innføre eit
dagleg sunt, enkelt skulemåltid med fridom til skulane til å organisere
dette sjølve
-
leggje fram ei stortingsmelding om ein
førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet, inkludert å fremje
eit nasjonalt program for rusførebyggjande arbeid blant barn og
unge
-
utvikle fastlegeordninga for å sørgje for
ei tilgjengeleg og sterk offentleg teneste for alle og utvikle den offentlege
tannhelsetenesta
-
vidareføre prinsippa om styrt og spreidd,
rask og treffsikker busetjing av nykomne flyktningar
-
vurdere tiltak som kan bidra til at enda
fleire fullfører fag- og yrkesopplæring innanfor ramma av introduksjonsprogrammet
-
setje i gang eit nytt forsøk med ei tilskotsordning som
skal stimulere til lokalt utvida samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten
og fylkeskommunen om tilrettelagt vidaregåande opplæring
-
gjennomføre eit løft i satsinga på unge
som står utanfor arbeid og utdanning ved å innføre ein ny ungdomsgaranti
i 2023
-
styrkje samarbeidet mellom Arbeids- og
velferdsetaten, helsetenesta og utdanningssektoren om samordna og
samtidige tenester til ungdom og unge vaksne som har behov for bistand
frå fleire tenester for å komme i arbeid
-
arbeide for å få auka kunnskap om dei som
står utanfor arbeid, utdanning og tiltak
-
satse vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen,
slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering
for å komme ut i arbeid
-
leggje fram ein ny handlingsplan mot rasisme
og diskriminering
-
leggje fram ein opptrappingsplan mot vald
og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar
-
revidere straffereaksjonane for ungdom
for at dei skal hjelpe barn og unge tilbake til eit kriminalitetsfritt
liv
-
hauste erfaringar og prøve ut exitprogram
for gjengkriminelle, slik at dei som ønskjer det, får hjelp til
å bryte ut og starte eit nytt kriminalitetsfritt liv.
I kapittel 6 i meldinga rettar regjeringa
merksemda mot byar og byområde med konsentrasjon av levekårsutfordringar,
der staten og kommunane har avtalebaserte langsiktige samarbeid
om felles ekstra innsats i geografisk avgrensa byområde gjennom
områdesatsingar. Føremålet er å leggje til rette for gode tenester
og bu- og nærmiljø for å betre levekår og livskvalitet for befolkninga.
Regjeringa har avtalar om områdesatsingar med Oslo, Bergen, Trondheim,
Stavanger og Drammen, og våren 2023 varsla regjeringa at den også
vil inngå avtalar med Fredrikstad, Sarpsborg og Kristiansand. I
tillegg er ordninga i revidert nasjonalbudsjett for 2023 styrkt
med ekstra midlar.
I det vidare arbeidet med områdesatsingar vil
regjeringa:
-
vidareføre eksisterande
avtalar med kommunar om områdesatsingar og gjere ei individuell
vurdering av kor vidt den einskilde avtale om områdesatsing skal forlengast
når avtaleperioden går ut
-
lyse ut framtidige avtalar om områdesatsingar
med ein varigheit på 5 år
-
gå gjennom involveringa til staten og måla
for områdesatsingane og vurdere korleis kommunane framover kan stå
friare til å prioritere korleis tilskota blir brukte lokalt
-
styrkje innsatsen for å spreie kunnskap
og erfaringar frå områdesatsingane på tvers av kommunar, også til
kommunar som ikkje har områdesatsingar i dag
-
vurdere korleis kommunane lettare kan få
tilgang til levekårsdata på eit geografisk sonenivå i kommunane
-
i samarbeid med kommunane evaluere områdesatsingar
med vekt på resultat og effektar sett opp mot måla for satsingane.