1.4.2.1 Den norske bistanden til Jordan og Libanon har i liten grad vore langsiktig innretta
For at bistanden skal vere relevant, må han
rettast inn slik at han svarar på behovet til befolkninga, jf. evalueringskriteria
frå OECD. Ein sentral del av dette inneber å jobbe langsiktig for
å redusere sårbarheit og humanitære behov, slik at dei som får bistand
i år, ikkje treng å få bistand i framtida. Å skape betre samspel
mellom humanitær bistand og langsiktig utviklingsinnsats er eit
av hovudmåla i Grand Bargain-erklæringa som Noreg har slutta seg
til. Dette er også vektlagt i både strategi for norsk humanitær
politikk og i strategisk rammeverk for innsats i sårbare statar
og regionar. Syria-konflikten starta i 2011, og Noreg har i heile
perioden bidrege i den humanitære innsatsen.
Noreg forplikta seg til å gje 10 mrd. kroner
til Syria og nabolanda i perioden frå 2016 til 2019. Ein stor del
av dette har vore humanitære midlar.
I 2016 peika Norad-evalueringa av Syria-krisa
på at den langvarige flyktningkrisa i nabolanda til Syria fordrar
meir langsiktig innretning av bistanden til desse landa. Som nemnt
ovanfor viser Meld. St. 24 (2016–2017) til at det er viktig å byggje
bru mellom humanitær og langsiktig innsats. Denne ambisjonen er
også lagt til grunn i budsjettproposisjonar, mellom anna i Prop.
1 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2018–2019), der det blei lagt vekt
på stabiliseringsstøtte. Først frå 2020 begynte Noreg å prioritere
meir langsiktig støtte i form av stabiliseringsbistand til nabolanda
til Syria. Riksrevisjonen meiner derfor at det er grunn til å peike
på at den svake vektlegginga av slike midlar til nabolanda før 2020
ikkje samsvarar godt med ambisjonen i Meld. St. 24 (2016–2017) om
å oppnå ein betre samanheng mellom humanitær og langsiktig bistand.
Det er samla for perioden 2016–2021 gjeve mest
humanitær bistand til Jordan og Libanon, men stabiliseringsstøtta
til begge land har auka mykje etter 2020. Auka satsing på stabiliseringsbistand
går også fram av den interne handlingsplanen til Utanriksdepartementet
for 2020–2021.
Undersøkinga viser at det også er andre forhold som
indikerer at norsk bistand til Jordan og Libanon har vore lite langsiktig.
Til dømes er det få norskstøtta prosjekt som har aktivitetar som
gjennomgåande handlar om å møte langsiktige behov. Dette gjeld berre
3 av dei 19 prosjekta som er undersøkte i perioden 2016–2021. Som
Utanriksdepartementet peikar på, er det ikkje eit mål at alle prosjekt
skal ha eit element av langsiktig perspektiv, men talet er likevel
lågt, særleg når det sjåast i samanheng med Meld. St. 24 (2016–2017),
der Utanriksdepartementet seier at dei i den humanitære bistanden
til Syria-krisa i aukande grad har søkt å støtte program og prosjekt
med langsiktige verknader, både innanfor matvaretryggleik, jobbskaping,
utdanning og husly.
At støtta i liten grad har vore langsiktig,
blir også reflektert i kva organisasjonar som har fått norsk støtte. For
perioden 2016–2021 har FNs utviklingsprogram (UNDP), som er den
mest sentrale organisasjonen i FN for langsiktig utviklingsarbeid,
fått under to pst. av støtta i både Jordan og Libanon. Både FNs
utviklingsprogram (UNDP) og FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR)
i Jordan seier at dei finn det utfordrande å få til eit godt samspel
mellom humanitære og langsiktige tiltak for å betre forholda for
flyktningane.
Situasjonen i Jordan og Libanon er noko ulik.
Libanon er vertsland for langt fleire syriske flyktningar enn Jordan.
Libanon har også opplevd ei økonomisk krise som har ført til ein
auke i behovet for humanitær bistand, i tillegg til at den politiske
situasjonen er meir ustabil. Dette har skapt dårlegare føresetnader
for den langsiktige utviklingsbistanden i Libanon. Samtidig viser
undersøkinga at Libanon i liten grad har fått midlar frå fondet
GCFF – som gjev gunstige lån til land som blir ramma av flyktningkriser
– fordi landet ikkje har vore i stand til å nyttiggjere seg av mekanismen.
Det inneber at langsiktige midlar som Noreg har gjeve felles til
Jordan og Libanon gjennom GCFF, i langt større grad har blitt gjevne
til Jordan, sjølv om behova i Libanon er større. Den norske støtta
til GCFF har derfor i mindre grad vore tilpassa behova til Libanon.
Til liks med undersøkinga peikar også midtvegsevalueringa
av den humanitære strategien frå 2022 på at Noreg har slite med
å leggje til rette for eit betre samspel mellom humanitær og langsiktig
utviklingsbistand. Evalueringa omfatta all norsk humanitær bistand.
Ifølgje departementet er heilskapleg innsats vanskeleg å få til
i praksis.
Utanriksdepartementet og ambassadane har også
i liten grad involvert Norad og brukt kompetansen deira i samband
med planlegging og oppfølging av prosjekta i Libanon og Jordan.
Departementet kunne, slik Riksrevisjonen vurderer det, i større
grad ha involvert Norad, som har den faglege kompetansen på langsiktig utviklingsbistand,
i arbeidet med heilskapleg innsats i Jordan og Libanon. Det er også
eit mål i Strategisk rammeverk for norsk innsats i sårbare stater
og regioner frå 2017 at Norad skal trekkjast meir inn i arbeidet
som fagetat på tematiske område som er relevante for arbeidet i
sårbare statar og regionar.
Flyktningkrisa i nabolanda til Syria hadde i
starten av undersøkingsperioden i 2016 allereie vart i fleire år og
er framleis ein realitet sju år seinare. Aktørane Riksrevisjonen
har snakka med, meiner at det er behov for å prioritere langsiktige
initiativ, særleg i Jordan. Utanriksdepartementet har i mange år
vore klar over at flyktningkrisa ville bli langvarig, men først
frå 2020 skjer det ei dreiing i retning av meir vekt på å møte langsiktige behov.
Samla vurderer Riksrevisjonen at bistanden frå Noreg til Libanon
og Jordan kunne vore meir langsiktig og strategisk innretta.