1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Meldinga omhandlar regulering av pensjonar i 2023 og inntektshøve for pensjonistar.

Den pårekna effekten av neste års regulering av pensjonar, basert på anslaget for lønnsvekst i statsbudsjettet, vert budsjettert på dei relevante postane på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet direkte og som ein del av den ordinære budsjettprosessen, jf. Prop. 1 S frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Viss det trengst, vil dei relevante budsjettpostane verte korrigerte i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.

Det skal gjennomførast drøftingar med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane om talgrunnlaget for reguleringa. Drøftingane skal gjennomførast i møte straks etter at revidert nasjonalbudsjett (RNB) er lagt fram.

1.2 Regulering av pensjonar m.m. i 2023

1.2.1 Regler for regulering

Frå og med 2022 vert alderspensjon under utbetaling regulert i tråd med nye reglar for regulering av alderspensjon, jf. Prop. 41 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (endret regulering av alderspensjon under utbetaling) og Innst. 194 L (2021–2022).

Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Grunnbeløpet skal regulerast i samsvar med lønnsveksten. Alderspensjon under opptening, uføretrygd og andre ytingar som vert regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, vert dermed også regulerte i samsvar med lønnsveksten. Minste pensjonsnivå og garantipensjon og andre lovfesta pensjonsytingar som har same reguleringsføresegner som folketrygda, eller som viser direkte til reguleringsføresegner i folketrygda, vert regulerte med gjennomsnitt av lønns- og prisveksten.

Til grunn for den årlege reguleringa ligg den pårekna lønnsveksten i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom pårekna og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Den pårekna lønnsveksten i reguleringsåret set ein lik anslaget for gjennomsnittleg årslønnsvekst i RNB. Faktisk lønnsvekst dei siste to åra set ein til årslønnsveksten for lønnstakarar under eitt, som går fram av nasjonalrekneskapen som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer. Veksten i konsumprisane frå revidert nasjonalbudsjett vert lagd til grunn for årets prisvekst, og ein korrigerer for eventuelt avvik i pårekna prisvekst og faktisk prisvekst i det føregåande året. Faktisk prisvekst for året før reguleringsåret vert fastsett av SSB.

AFP i privat sektor vert regulert i tråd med dei gamle reglane, altså med lønnsveksten og deretter fråtrekt ein fast faktor på 0,75 pst.

1.2.2 Regulering frå 1. mai 2023

Lønnsveksten i 2023 vart i RNB anslått til 5,25 pst. Ved reguleringa i 2022 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2022 på 3,7 pst. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen vart årslønnsveksten 4,3 pst. i 2022. Det ligg dermed føre eit avvik eitt år tilbake i tid på 0,6 pst. som det skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2021 er fastsatt til 3,5 pst., og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2023 (vekst i gjennomsnittleg grunnbeløp) på 5,88 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 6,41 pst.

På bakgrunn av desse anslaga vert det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 109 784 kroner i 2022 til 116 239 kroner i 2023. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2023 er 118 620 kroner.

Veksten i konsumprisane i 2023 er anslått til 5,4 pst. i RNB. Faktisk prisvekst i 2022 er fastsett til 5,8 pst. av SSB. Det er eit avvik i prisveksten for 2022 på 2,4 som det skal takast omsyn til i årets regulering.

Samla prosentvis prisvekst i 2023 er 7,93 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 6,91 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 8,54 pst. frå 1. mai.

1.2.3 Drøftingar med organisasjonane om talgrunnlaget

Talgrunnlaget for utrekning av lønnsveksten som vert brukt ved regulering av grunnbeløpet og pensjonar, skal gåast gjennom og drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før den samla lønnsveksten vert fastsett. Dette følgjer av forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden § 4.

Drøftingsordninga er ytterlegare formalisert i avtale av 20. juni 2022 mellom regjeringen og pensjonistenes, de funksjonshemmedes og arbeidstakernes organisasjoner om regulering av folketrygdens grunnbeløp og pensjoner.

Formålet med drøftingane er å sikre, så langt det er mogleg, ei felles forståing mellom partane om føresetnadene som skal leggjast til grunn for reguleringa. Partane skal også vurdere om det ligg føre særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskildgrupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsveksten.

Etter at talgrunnlaget er drøfta med organisasjonane, fastset Kongen, med heimel i folketrygdloven §§ 1-4, 4-4, 19-14 og 20-18, reguleringsfaktorar og satsar for minste pensjonsnivå.

I drøftingsmøta, som vert leia av arbeids- og inkluderingsministeren, deltar:

  • Pensjonistforbundet (SAKO-samarbeidet)

  • Seniorsaken

  • Forsvarets seniorforbund

  • Landsforbundet for offentlige pensjonister

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS)

  • Akademikerne.

Finansdepartementet er òg representert.

I forkant av drøftingsmøta 15. og 23. mai 2023 vart det 31. mars 2023 halde eit møte mellom organisasjonane og Arbeids- og inkluderingsdepartementet der rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2023» frå det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera vart gjennomgått.

Det vart slått fast at anslaget for lønnsveksten i 2023 i RNB er 5,25 pst., og at faktisk lønnsvekst for 2022 er utrekna til 4,3 pst. Det ligg dermed føre eit positivt avvik på 0,6 pst. eit år tilbake i tid som det skal takast omsyn til. Lønnsveksten i 2021 vert fastslått til 3,5 pst. Det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Det låg ikkje føre «særlege tilhøve» som det skulle takast omsyn til ved berekninga av lønnsveksten. Veksten i konsumprisane er anslått til 5,4 pst. i RNB. Faktisk prisvekst i 2022 er fastslått til 5,8 pst. Prisveksten vert i 2022 anslått til 3,4 pst., og det ligg føre et avvik på 2,4 pst. for 2022 som det skal korrigerast for.

Det var semje om talgrunnlaget.

Organisasjonane uttalte at dei er nøgde med resultatet for 2023, og at talgrunnlaget er i samsvar med reguleringsreglane.

Pensjonistforbundet (SAKO) og SAFO-organisasjonane hadde ein protokolltilførsel. Dei meiner pensjonistane berre får kompensert halvparten av avviket frå 2021, noko som gir ei innsparing på 2,2 mrd. kroner. Organisasjonane krev desse pengane etterbetalt i år og foreslår at dei blir øyremerkte til eit løft av dei lågaste pensjonane. Alle som har ein pensjon under fattigdomsgrensa (EU60), må få eit løft. Organisasjonane er skuffa over at regjeringa strammar inn reglane for regulering slik at minstepensjonistane ikkje lenger har ei noko gunstigare regulering enn andre alderspensjonistar. Organisasjonane krev at også kulla fødde i 1954 og seinare, blir skjerma mot levealdersjusteringa ved overgangen frå uføretrygd til alderspensjon.

Unio, FFO, LO, Akademikerne, YS, Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og LOP legg til grunn at resultatet er i samsvar med reguleringsreglane, og krev at det i trygdedrøftingane for 2023 skal takast omsyn til eit negativt avvik i lønnsveksten på 0,6 pst. og eit negativt avvik i prisveksten på 2,4 pst.

1.3 Andre kapittel i meldinga

1.3.1 Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar

Gjennom reguleringa av pensjonane vert den nominelle inntektsutviklinga til pensjonistane bestemt. For å finne realveksten må ein ta omsyn til prisutviklinga. Både den nominelle og den reelle inntektsutviklinga vert også påverka av endringar i pensjonsreglane. Når ein også tek omsyn til skatt, kjem utviklinga i kjøpekrafta til pensjonistane til syne.

Ein viser til kapittel 3 i meldinga, som gjer greie for:

  • Realvekst i alderspensjon.

  • Endringar i skattereglane for pensjonistane.

  • Vekst i utbetalt pensjon for ulike hushaldningstypar.

1.3.2 Inntektsutvikling blant den eldre delen av befolkninga

I kapittel 4 i meldinga er statistikk som klargjer utviklinga i samla inntekt for den eldre delen av befolkninga i perioden 2011–2021 detaljert gjort greie for, jf. «Arbeid, pensjon og inntekt i den eldre befolkningen. Rapport fra Pensjonspolitisk arbeidsgruppe 2023».

1.4 Minste pensjonsnivå og låginntekt blant alderspensjonistane

I kapittel 5 i meldinga er det detaljert gjort greie for utviklinga i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå og for utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane.

Ved utgangen av 2022 var det 134 523 minstepensjonistar blant alderspensjonistane. Trenden er at talet er fallande. Frå 2011 til 2022 har prosentdelen av minstepensjonistar blant alle alderspensjonistar falle frå 24,8 til 13,2.

Kvinner utgjer fleirtalet av dei som får minste pensjonsnivå. I 2011 hadde 39,8 pst. av kvinnelege alderspensjonistar minste pensjonsnivå, medan prosentdelen hadde gått ned til 21,8 i 2022. For mannlege alderspensjonistar med minste pensjonsnivå har nedgangen ikkje vore like stor, sidan utgangsnivået var vesentleg lågare enn for kvinner. I 2022 hadde 4,2 pst. av mannlege alderspensjonistar minste pensjonsnivå. Det er ein nedgang på 2,6 prosentpoeng sidan 2011.

Reduksjonen i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå kjem primært av at yngre kvinnelege alderspensjonistar har meir opptening til pensjon samanlikna med dei eldre årskulla.

Dersom utrekna alderspensjon er lågare enn satsen for minste pensjonsnivå, vert det gjeve ulike tillegg i alderspensjonen, og ein mottakar kan få fleire tillegg. Særtillegget vert ytt til mottakarar som er fødde i 1943 eller tidlegare, og som er omfatta av den gamle ordninga.

Prosentdelen med låginntekt blant minstepensjonistane fall frå 2010 til 2011, men har vore svakt aukande etter 2011. Prosentdelen med låginntekt blant minstepensjonistane fall særleg i perioden 2006–2010. Dette kjem av at gode trygdeoppgjer og opptrapping av minstepensjonane har gjort at veksten i minstepensjonen har auka meir enn medianinntekta i samfunnet. Prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar auka i perioden 2011–2015, men frå 2015 til 2021 har prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar vore relativt stabil.