Søk

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Lubna Boby Jaffery og Bente Irene Aaland, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, og frå Venstre, Grunde Almeland, viser til Dokument 3:9 (2022–2023) Riksrevisjonens undersøkelse av Sjøfartsdirektoratets arbeid med å fremme gode arbeids- og levevilkår til sjøs.

Komiteen viser til at undersøkinga mellom anna har teke utgangspunkt i dei følgjande vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:

  • lov om sjøfarten (sjøloven), med forskrift om melde- og rapporteringsplikt ved sjøulykker og andre hendelser til sjøs.

  • lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven), med forskrifter.

  • lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidsloven).

  • Innst. S. nr. 222 (2002–2003). Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om statlige tilsyn.

  • Innst. S. nr. 321 (2008–2009). Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om ei forvaltning for demokrati og fellesskap.

  • Innst. 72 S (2016–2017). Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om På rett kurs – Forebyggende sjøsikkerhet og beredskap mot akutt forurensning.

Om Riksrevisjonen sine konklusjonar

Komiteen viser til at målet med undersøkinga har vore å vurdere Sjøfartsdirektoratet sitt arbeid med å føre tilsyn med og fremje gode arbeids- og levevilkår for å førebyggje ulukker i sjøfarts- og fiskerinæringa. Statens havarikommisjon har ansvar for undersøking av sjøulukker, og Kystverket har ansvar for å leggje til rette for sikker sjøtransport og god framkomelegheit i norske farvatn. Desse to styresmaktene har ikkje vore ein del av undersøkinga. Undersøkinga omfattar i hovudsak perioden 2015–2021, men Riksrevisjonen har gått lenger tilbake i noko av framstillinga av statistikk over ulukker og årsaker.

Komiteen viser til Riksrevisjonen sine konklusjonar om at:

  • Auken i talet på ulukker til sjøs stiller høge krav til Sjøfartsdirektoratet sitt arbeid med tiltak.

  • Menneskelege faktorar speler ei stor rolle som årsaksforklaring ved ulukker og vert i betydeleg grad påverka av arbeids- og levevilkår.

  • For lite kvile, utilstrekkeleg bemanning og arbeidspress hos sjøfolk påverkar tryggleiken negativt.

  • Sjøfartsdirektoratet si innretning av tilsyn er ikkje tilstrekkeleg tilpassa til å avdekkje sjøfolk sine dårlege arbeids- og levevilkår.

    • Sjøfartsdirektoratet utnyttar ikkje handlingsrommet til å gjennomføre risikobaserte tilsyn.

    • Sjøfartsdirektoratet sin tilsynsmetodikk er ikkje tilstrekkeleg eigna til å avdekkje underliggande arbeids- og levevilkårstilhøve.

  • Sjøfartsdirektoratet jobbar førebyggjande gjennom rettleiing og dialog med næringa.

  • Nærings- og fiskeridepartementet har stilt forventingar til Sjøfartsdirektoratet sitt arbeid med sjøfolk sine arbeids- og levevilkår, men ikkje i tilstrekkeleg grad følgt dette opp.

Komiteen viser til at Sjøfartsdirektoratet meiner det er vanskeleg å fastsetje årsaker til auken i talet på ulukker og nestenulukker nøyaktig. Direktoratet har fleire indikatorar på at heile auken ikkje aleine kan tilskrivast ein reell auke i risiko, men også kan kome av forhold som auka rapportering frå næringa og noko auke i aktivitetsnivå blant fartøygruppene. Komiteen viser til at Nærings- og fiskeridepartementet i svaret til Riksrevisjonen peiker på at auken i talet på registrerte hendingar ikkje nødvendigvis tyder at heile auken kan verte tillagd ein auke i talet på hendingar.

Komiteen registrerer at Riksrevisjonen, Sjøfartsdirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementet legg til grunn at det har vore ein auke i talet på ulukker og nestenulukker til sjøs, og sluttar seg på dette grunnlaget til Riksrevisjonen sine konklusjonar.

Om Riksrevisjonen sin kritikk

Komiteen viser til Riksrevisjonen sin kritikk om at det ikkje er tilfredsstillande at:

  • Sjøfartsdirektoratet si tilsynsverksemd ikkje er tilstrekkeleg tilpassa til å avdekje utfordringane med sjøfolk sine arbeids- og levevilkår.

  • Nærings- og fiskeridepartementet ikkje i tilstrekkeleg grad har følgt opp forventingane som det har stilt til direktoratet om å fremje gode arbeids- og levevilkår for å førebyggje ulukker til sjøs.

  • Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sin kritikk.

Om Riksrevisjonen sine tilrådingar

Komiteen viser til Riksrevisjonen sine tilrådingar:

Riksrevisjonen rår Nærings- og fiskeridepartementet til å sørgje for at Sjøfartsdirektoratet

  • utviklar tilsynsmetodikken for i større grad å avdekkje utfordringar ved sjøfolk sine arbeids- og levevilkår, og i denne samanhengen vurderer å hente inspirasjon frå andre tilsynsstyresmakter.

  • i større grad greier ut årsakene som ligg bak ulukkene og nestenulukkene som del av overvakinga av risikobiletet, og arbeider for at næringa forbetrar innrapporteringa av desse.

  • held fram med å utvikle vidare og implementere meir avanserte risikomodellar for å rette innsatsen mot dei områda der effekten er størst.

    Riksrevisjonen rår Nærings- og fiskeridepartementet til å

  • halde fram med å følgje opp den negative utviklinga i talet på ulukker saman med direktoratet.

  • følgje opp at Sjøfartsdirektoratet arbeider aktivt med å vidareutvikle verkemidla for å fremje gode arbeids- og levevilkår for alle sjøfolk, og hente inn relevant informasjon for oppfølging av dette arbeidet.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar.

Komiteen viser til at Nærings- og fiskeridepartementet i svaret til Riksrevisjonen peiker på at Riksrevisjonen si undersøking mellom anna er avgrensa mot Statens havarikommisjon og andre tilsyn som vert utførte av klasseselskap. Departementet beskriv i svaret til Riksrevisjonen eit meir samansett bilete av ulike aktørar og arbeidet med sjøtryggleik på tvers av offentlege og private aktørar og på tvers av landegrenser. Komiteen sluttar seg til departementet sitt syn på at oppfølginga av Riksrevisjonen si tilråding til departementet om å sørgje for at Sjøfartsdirektoratet i større grad greier ut årsakene som ligg bak ulukkene og nestenulukkene i overvakinga av risikobiletet, bør sjåast i samanheng med arbeidet som vert gjort av alle desse aktørane. Etter komiteen sitt syn ville undersøkinga ha gjeve Stortinget eit meir interessant bilete av årsakene til ulukkesutviklinga om arbeidet til fleire relevante aktørar hadde vore med i analysen.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt viser til at fagforeningene i maritim sektor i mange år har advart mot den utviklingen som beskrives i Riksrevisjonens rapport. Selv om det er usikkerhet rundt tallgrunnlaget, er det grunn til å tro at det høye omfanget av ulykker har strukturelle årsaker, som uforsvarlig lav bemanning og høyt press på ansatte. Disse medlemmer viser til at tillitsvalgte lenge har hevdet at tilsynet ikke har maktet å avdekke klare brudd på lovverk, med de konsekvenser det får for helsen til sjøfolk og risikoen for ulykker. Disse medlemmer understreker betydningen av nok tilsynsaktivitet, at tilsynet faktisk rettes direkte inn mot arbeids- og levevilkår, og at det handles politisk for å stille tilstrekkelige krav til eiere og ledere om å øke sikkerheten og tryggheten for sjøfolk.

Disse medlemmer ser alvorlig på at antall ulykker til sjøs økte med hele 40 prosent i perioden 2016–2021, og at det innen fisket var hele 38 dødsfall per 100 000 arbeidstakere.

Disse medlemmer viser til Riksrevisjonens konklusjon om at for lite hvile, utilstrekkelig bemanning og arbeidspress hos sjøfolk påvirker sikkerheten negativt. I Sjøfartsdirektoratets spørreundersøkelse for 2021 oppga hele 31 prosent av sjøfolkene at «de føler seg presset til å fortsette arbeidet selv om sikkerheten er truet». Disse medlemmer ser på det som uakseptabelt at arbeidsgiver driver sjøfolk så hardt at det går på sikkerheten løs, og vil understreke behovet for at Sjøfartsdirektoratet tar i bruk hardere virkemidler mot rederier og selskaper som ikke driver seriøst.