1.2 Omtale av endringar i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk
COTIF arbeider kontinuerleg for å fornye og
oppdatere regelverket i COTIF i takt med den teknologiske utviklinga,
utviklinga av anna relevant regelverk og andre endringar i samfunnsutviklinga,
slik at det er harmoniserte og oppdaterte rammevilkår for internasjonal
jernbanetransport. Endringane som er omtala i proposisjonen, bidreg
til denne harmoniseringa.
Medan EU sitt regelverk har utvikla seg raskt
dei siste tiåra, særleg med tanke på forenkling og samordning av
det tekniske og sikkerheitsmessige regelverket for å oppnå eit felles
europeisk jernbaneområde, vart det tilsvarande regelverket under
COTIF ikkje tilsvarande oppdatert. Denne utviklinga førte til at
det gjaldt ulike reglar om vilkår for å ta i bruk jernbanekøyretøy
og for sikkerheitssertifisering av togselskap etter COTIF og EU/EØS-regelverket.
Dette førte til ulike rammevilkår for å utføre internasjonale jernbanetransporttenester
innanfor EU/EØS og COTIF sitt område. Ein god del av OTIF sine medlemsstatar
følgjer òg EU/EØS-lovgiving på det tekniske og sikkerheitsmessige
området. Det var difor ønskeleg for OTIF å samordne desse regelsetta
på ein effektiv måte, utan å endre monaleg det juridiske rammeverket
som gjeld innanfor COTIF sitt verkeområde. Ein har difor ikkje endra
teksten i overeinskomsten og vedlegga i større omfang enn det som
var naudsynt for å oppnå tilstrekkeleg rettsharmoni, og på ein slik
måte at regelverket under COTIF ikkje har nye folkerettslege konsekvensar
for medlemsstatane. Det er t.d. ikkje lagt opp til noka overnasjonal
myndigheitsutøving tilsvarande som for EU sitt jernbanebyrå. Endringane
som vart vedtekne på den 12. og 13. generalforsamlinga, vil syte
for eit moderne og harmonisert teknisk og sikkerheitsmessig regelverk
innanfor både EU/EØS og COTIF sitt verkeområde. Desse endringane
vil styrke vilkåra for internasjonal jernbanetransport, særleg over
lengre avstandar utover EU/EØS.
Dei materielle endringane som er omfatta av
proposisjonen, går i hovudsak ut på å innføre ordningar som allereie
gjeld i Noreg etter EØS-avtala. Dei viktigaste endringane er:
-
Ny artikkel 3 § 2
i COTIF slår fast at plikter etter COTIF for medlemsstatar som òg
er partar i EØS-avtala, ikkje går føre pliktene deira etter EØS-avtala. Denne
endringa speglar innhaldet i tiltredingsavtala til EU. Same avtale
artikkel 11 omtalar høve der tredjeland – som Noreg i denne samanhengen
– som brukar det same regelverket som EU etter avtale med EU og
tredjelandet, erklærer at dei pliktene som går fram av avtala med
EU, går føre dei som følgjer av COTIF når dei er i motstrid med
kvarandre. Det betyr at plikter etter COTIF for medlemsstatar som
òg er partar i EØS-avtala, ikkje går føre pliktene deira som følgjer
av EØS-avtala.
-
Nytt vedlegg H til overeinskomsten, einskaplege rettsreglar
om sikker togdrift i internasjonal trafikk (EST): Det er dette nye
vedlegg H som krev lovendring for å bli ein del av intern norsk
rett. Det gjeld allereie reglar i Noreg med eit tilsvarande materielt
innhald etter jernbanelovgivinga. Dette omfattar krav til sikkerheitssertifikat
for jernbaneføretak, krav til sikkerheitsstyring av togdrifta og reglar
om utøving av myndigheit og tilsyn.
-
For øvrig er endringane i hovudsak tidsriktige
oppdateringar av teksten i overeinskomsten og einskilde vedlegg
og endringar av redaksjonell art.
Endringane i sjølve overeinskomsten
vil etter artikkel 34 § 2 tre i kraft 12 månader etter at 2/3 av
medlemsstatane har godtatt endringane. Det er framleis ikkje eit tilstrekkeleg
tal på medlemsstatar som har godteke desse endringane, og tidspunktet
for ikrafttreding av desse endringane er difor uvisst.