Søk

Innhold

1. Innledning

1.1 Sammendrag

I stortingsmeldinga presenterer regjeringa ei folkehelsemelding for utjamning av sosiale helseforskjellar.

Kapittel 1 løftar fram dei viktigaste strategiske verkemidla. Regjeringa løfter fram utjamning av sosiale helseforskjellar som den viktigaste prioriteringa på tvers av innsatsområda i folkehelsemeldinga. Tre andre faktorar som vil ha stor betydning for folkehelsearbeidet framover, er klimaendringane, dei demografiske endringane og det internasjonale samarbeidet.

Kapittel 2 løftar fram betydninga koronapandemien har for folkehelsa, og dette er også eit gjennomgåande tema i meldinga og meldingsvedlegget.

I meldinga si del I blir det presentert seks hovudinnsatsområde (kapittel 3–8).

Kapittel 3 tar utgangspunkt i dei samfunnsskapte vilkåra for god helse. Folkehelsa blir hovudsakleg påverka av forhold utanfor helsesektoren. Folkehelsa heng blant anna saman med opplevinga av fridom og tryggleik i samfunnet ein er ein del av, men også med omgivnadene i kvardagen. Helsa blir påverka av bakanforliggande faktorar som oppvekst og utdanning, inntekt, arbeid og arbeidsforhold, bustad og forhold i lokalmiljøet. Staten har plikt til å legge til rette for gode føresetnader for god helse, og retten til helse er såleis relevant ved utforminga av folkehelsepolitikken.

Kapittel 4 beskriv innsatsen for å fremje gode levevanar og førebygge ikkje-smittsame sjukdommar. Helseåtferd og levevanar knytte til blant anna tobakksbruk, fysisk aktivitet, kosthald og alkohol har stor innverknad på dei ikkje-smittsame sjukdommane. Helseåtferd og levevanar handlar om individuelle val og helsemessige føresetnader som i stor grad blir påverka av dei samfunnsskapte vilkåra for god helse.

Kapittel 5 handlar om korleis psykisk helse og livskvalitet kan fremjast gjennom godt folkehelsearbeid. Innsatsen for psykisk helse og livskvalitet handlar også om å påverke dei samfunnsskapte vilkåra. Det kan vere mange enkeltårsaker til psykiske lidingar, og både genetiske og miljømessige faktorar kan auke risikoen for å utvikle psykiske lidingar. Det er derfor avgjerande å legge til rette for helsefremjande miljø som kan redusere negative, miljømessige faktorar.

Kapittel 6 slår fast at styresmaktene har ansvar for å bidra til vern mot helsetruslar og legge til rette for eit sunt miljø. Dette omfattar blant anna smittevern, antibiotikaresistens, vaksinar, drikkevatn, trygg mat, skadar og ulykker, luftforureining og støy, inneklima og stråling. Gode system for å handtere helsetruslar i ein normalsituasjon utgjer grunnlaget for god beredskap mot helsetruslar også i ein krisesituasjon. Pandemien har vist at vern av liv og helse blir høgt verdsett, og at større helsetruslar kan krevje omfattande tiltak i ein skala samfunnet tidlegare ikkje har vore godt nok førebudd på. Dette illustrerer at det er stor samanheng mellom vern mot helsetruslar og beredskap. Regjeringa tar sikte på å legge fram ei helseberedskapsmelding i løpet av 2023. Folkehelsemeldinga beskriv i hovudsak regjeringa sin politikk for vern mot helsetruslar i ein normalsituasjon, medan helseberedskapsmeldinga vil omtale dette i lys av ein krisesituasjon.

Kapittel 7 tar føre seg betydninga av digitalisering og kommunikasjon. Det er avgjerande med god informasjon og dialog med innbyggarane for å nå måla innan folkehelse. Digital kompetanse blant innbyggarane er ein nøkkel for å oppnå dette. Dialog med enkelte grupper må viast særleg merksemd og styrkast.

I kapittel 8 er temaet førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta. God folkehelse føreset gode levekår og eit helsefremjande samfunn, men også godt utbygde helse- og omsorgstenester. Innsatsen til helse- og omsorgstenesta for å førebygge sjukdom og sjukdomsutvikling gjennom tidleg innsats, opplæring og oppfølging, er avgjerande for helsetilstanden i befolkninga og for å dempe etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester. Det er derfor eit mål å styrke det førebyggande arbeidet i den felles helsetenesta vår og motverke sosiale og økonomiske helseforskjellar. Nærare omtale av helsetenesta og innsatsen for å motverke sosiale forskjellar i helsetenester vil komme i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

I meldinga si del II blir det presentert ein strategi for kunnskap og systematikk i folkehelsearbeidet (kapittel 9–11).

Kapittel 9 beskriv det nasjonale systemet for å følge opp folkehelsepolitikken og korleis det systematiske folkehelsearbeidet skal bli utvikla vidare, blant anna med sikte på å klargjere verdigrunnlaget, avgjerdsarenaer og kunnskapsgrunnlaget for vurderingar og avgjerder om folkehelsetiltak.

Kapittel 10 viser at kommunane speler ei grunnleggande rolle for å fremje helsa til befolkninga, jamne ut sosiale helseforskjellar og verne mot skade og sjukdom. Det har vore ei positiv utvikling i det kommunale folkehelsearbeidet sidan folkehelseloven tredde i kraft. Gjennom betre regulering, styrking av kommuneoverlegefunksjonen og ved å legge til rette for at program for folkehelsearbeid i kommunane blir inkluderte som ordinære oppgåver, vil regjeringa sikre god utvikling i arbeidet til kommunane med å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar.

Kapittel 11 tar for seg datagrunnlag, kunnskapsutvikling og bruken av forsking, og beskriv m.a. grunnlaget for eit heilskapleg kunnskapssystem for folkehelsa og kunnskapsbehovet i framtida. Eit framtidsretta kunnskapssystem må blant anna svare på utfordringar knytte til sosiale helseforskjellar, gi kunnskap om befolkningsretta verkemiddel for god helse og livskvalitet og ta høgde for den demografiske utviklinga. Kunnskapen må takast i bruk i samfunnet. Det er eit mål å samle kunnskap og legge til rette for bruk av forskinga. Kapittelet trekk også fram læringspunkt for framtidige kriser og betydninga av kunnskapssystemet.

Økonomiske og administrative konsekvensar er omtalte i kapittel 12.

Vedlegget til meldinga beskriv helseutfordringar fram mot 2050.

1.2 Bakgrunn

Strategi mot sosiale helseforskjellar i folkehelsemeldinga

Regjeringa løfter fram utjamning av sosiale helseforskjellar som den viktigaste prioriteringa på tvers av innsatsområda i folkehelsemeldinga. Sosiale helseforskjellar er systematiske forskjellar i helsetilstand som følge av forskjellar i sosiale og økonomiske kategoriar, slik som yrke, utdanning og inntekt. Dette er helseforskjellar som er skapte av samfunnet, og som det er mogleg å gjere noko med.

I 2021 var forventa levealder 84,7 år for kvinner og 81,6 år for menn. Sjukdomsbiletet i Noreg er dominert av ikkje-smittsame sjukdommar, som forårsakar om lag 87 prosent av den totale sjukdomsbyrda.

Som eit ledd i arbeidet med meldinga gav regjeringa eit oppdrag til sir Michael Marmot, leiar av Verdshelseorganisasjonens (WHO) globale kommisjon for sosiale helsedeterminantar, og fagmiljøet hans ved University College London (UCL).

Resultatet av oppdraget er ein rapport som gir oppdatert informasjon om sosiale determinantar og helseforskjellar i Noreg, og som foreslår tilrådingar om politikk og nødvendige arbeidsformer for å møte desse forskjellane.

Rapporten bygger på åtte prinsipp for politikkutvikling:

  • gi alle barn den beste starten på livet

  • sette alle barn, unge og vaksne i stand til å maksimere evnene sine og ha kontroll i eige liv

  • skape eit rettferdig arbeidsliv og godt arbeidsmiljø for alle

  • skape ein helsefremjande levestandard for alle

  • skape og utvikle helsefremjande og berekraftige lokalsamfunn

  • styrke rolla til og verknaden av sjukdomsførebygging

  • kjempe mot diskriminering og rasisme og konsekvensane av dette

  • fremje miljømessig berekraft og rettferdig fordeling av helse samtidig.

Rapporten, som vart offentleggjord vinteren 2023, dannar eit viktig grunnlag for denne meldinga. Denne stortingsmeldinga er ein nasjonal strategi for å jamne ut sosiale helseforskjellar. Strategien er inspirert av dei åtte prinsippa til Marmot.

Innsatsområde og perspektiv

Denne folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde: dei samfunnsskapte vilkåra for god helse, levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD – non-communicable diseases), psykisk helse og livskvalitet, vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø, kommunikasjon og innbyggardialog og førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa vil gjennom folkehelsemeldinga løfte fram fleire perspektiv som saman med innsatsen mot sosiale helseforskjellar vil ha stor betydning for folkehelsearbeidet framover. Dette gjeld særleg

  • klimaendringane

  • demografiske endringar

  • internasjonalt samarbeid

Samanhengen mellom klima og helse blir stadig tydelegare og blei seinast stadfesta i den siste rapporten frå FNs klimapanel. Globalt er det venta over 9 millionar klimarelaterte dødsfall årleg innan utgangen av dette hundreåret dersom klimagassutsleppa ikkje går ned. Ifølge Verdshelseorganisasjonen er klimaendringar den største trusselen mot folkehelsa globalt, og klimaendringar er også ein trussel nasjonalt. Klimakrisa er derfor også ei helsekrise.

Noreg står føre store endringar i befolkningssamansettinga. Over ein million nordmenn er i dag pensjonistar, og mange lever over 20–30 år som pensjonist. Talet på personar over 80 og 90 år vil doblast dei næraste tiåra. Distrikta får den største auken i andelen eldre.

Helse er i stor grad ei nasjonal sak, men fleire av utfordringane, både nasjonalt, regionalt og internasjonalt, kan ikkje løysast av eit enkeltland aleine. Dette er spesielt aktuelt for folkehelsefeltet. Erfaringane med koronapandemien dei siste åra har avdekt kor avhengige Norge er av internasjonalt samarbeid, og dei har spesielt gjort synleg kor viktig samarbeidet med EU er.

God folkehelse er fundamentet i helse- og omsorgspolitikken

Helsepersonellkommisjonen har i si utgreiing NOU 2023:4 Tid for handling, uttalt at riktig oppgåvedeling startar med folkehelsearbeid, førebygging, tidleg innsats, helsefremjande arbeid og styrking av befolkningas helsekompetanse.

Ei sterk offentleg helse- og omsorgsteneste, styrt og finansiert av fellesskapet, er avgjerande for å handtere aukande sosiale og geografiske forskjellar og for å hindre ei todeling av helsetenesta.

Folkehelsemeldinga, Nasjonal helse- og samhandlingsplan og helseberedskapsmeldinga vil saman danne rammene for helse- og omsorgspolitikken til regjeringa. Innanfor desse rammene vil regjeringa legge fram opptrappingsplan for psykisk helse, førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet og «bu trygt heime»-reforma.

Dei nasjonale folkehelsemåla

Det er brei tverrpolitisk semje om dei tre nasjonale folkehelsemåla:

  • Noreg skal vere blant dei tre landa i verda som har høgast levealder

  • Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og reduserte sosiale helseforskjellar

  • Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga

Regjeringa fører desse måla vidare. Måla må sjåast i samanheng med kvarandre. Samla varetar måla ei brei forståing av folkehelsepolitikken, som primært må vere retta ut mot befolkninga. Måla krev innsats frå alle delar av samfunnet.

Dei tre folkehelsemåla har så langt ikkje vore operasjonaliserte. Fleire av innsatsområda i meldinga blir innleia med resultatmål som konkretiserer folkehelsemåla. Helse- og omsorgsdepartementet vil operasjonalisere måla i tråd med berekraftsmåla.

Prosess og innspel

Folkehelsepolitikken til regjeringa har blitt forma ut gjennom ein brei involveringsprosess. Med utgangspunkt i eit retningsgivande innspelsbrev blei relevante miljø inviterte til å komme med skriftlege innspel til folkehelsepolitikken til regjeringa. Totalt kom det inn 274 innspel.

Det overordna inntrykket er at det blir etterlyst ein offensiv folkehelsepolitikk. Dette omfattar å ta i bruk strukturelle verkemiddel i større grad, slik som skattar og avgifter, regulering i lover og forskrifter, og staten sin posisjon som innkjøpar av varer og tenester.

Mange innspel er knytte til barn og unge, betydninga av å delta i arbeidslivet for å bevare god helse og kva betydning dei sosiale arenaene i lokalsamfunnet har for inkludering og fellesskap. Helsa til dei eldre blir også trekt fram. Blant anna har fleire spelt inn at regjeringa bør bygge vidare på tiltak frå satsinga på eit aldersvennleg samfunn.