Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schou, Erna Solberg og leiaren Ine Eriksen Søreide, frå Senterpartiet, Marit Arnstad og Bengt Fasteraune, frå Framstegspartiet, Sylvi Listhaug og Christian Tybring-Gjedde, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, frå Raudt, Bjørnar Moxnes, frå Venstre, Guri Melby, og frå Kristeleg Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, viser til at proposisjonen inneheld forslag om endringar i utanrikstenestelova om rekruttering og flytting i utanrikstenesta. Dessutan føreslår regjeringa endringar i ei rekkje lover om kjønnsnøytrale titlar.
Komiteen merkar seg at departementet grunngir forslaga om rekruttering og flytting med at det har vist seg stadig meir krevjande å fylla alle stillingane ved utanriksstasjonane gjennom dei interne flytteprosessane. Departementet fekk i perioden 2020–2021 gjennomført ein områdegjennomgang, og konsulenten som leverte rapporten, framheva forslaget til ny rotasjonsordning som ei av dei viktigaste tilrådingane i denne gjennomgangen.
Komiteen viser til at departementet føreslår å endra utanrikstenestelova for å forankra flyttingar i utanrikstenesta som ei særordning. Departementet argumenterer med at byte av arbeidsoppgåver gjennom flytting ikkje bør sidestillast med prosedyrar for tilsetting i ledige stillingar, og at ei ny rotasjonsordning bør ta omsyn til kompetansestyring, byrdefordeling, rotasjonstakt og familieforhold i tillegg til den enkelte sine kvalifikasjonar.
Komiteen merkar seg at arbeidstakarorganisasjonane som har levert merknader til høyringsforslaget om ny rotasjonsordning i utanrikstenesta, går mot forslaga og meiner desse er i strid med kvalifikasjonsprinsippet i statstilsettelova. Komiteen merkar seg vidare at departementet opprettheld forslaga og med dette føreslår ein ny heimel for å gi forskrift om flyttingar.
Komiteen viser til forslaget om å endra «utanrikstenestemann» gjennomgåande i dei aktuelle lovene til «utanrikstenestetilsett», og merkar seg at alle høyringsinstansane som har uttalt seg om dette, støttar forslaget om kjønnsnøytrale titlar.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, understreker at det er i Norges interesse at rotasjonsordningen, sammen med øvrige vilkår for ansatte i utenrikstjenesten, bidrar til å rekruttere og beholde ansatte som sikrer at tjenesten fortsatt vil holde et høyt faglig nivå. Flertallet mener det er viktig at ansatterepresentasjon og -medvirkning sikrer gode prosesser innad og legitimitet utad. Flertallet deler målsettingen om at medvirkningen gjennomføres effektivt, men understreker at utvelgelseskriteriene må være så objektive som mulig for å sikre reell medvirkning og kontroll, dette for at ansatte representanter skal ha anledning til å påse at fastsatte kriterier blir fulgt.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt viser til forslaget om eit tillegg i første ledd og nytt fjerde ledd i § 7 i utanrikstenestelova om ny rotasjonsordning. Desse medlemene merkar seg at dei tilsette sine organisasjonar i departementet stiller seg tvilande til om forslaget vil bidra til å nå dei uttalte måla.
Desse medlemene legg til grunn at Utanriksdepartementet har behov for ei særleg rotasjonsordning. Det er i Noreg si interesse at rotasjonsordninga, saman med andre vilkår for tilsette i utanrikstenesta, bidrar til å rekruttera og halda på tilsette som sikrar at tenesta framleis vil halda eit høgt fagleg nivå.
Desse medlemene legg til grunn at det gjeld eit ulovfesta kvalifikasjonsprinsipp i staten, ikkje berre for tilsettingar i ledige stillingar der kvalifikasjonsprinsippet er lovfesta gjennom statstilsettelova, men også for andre tildelingar av funksjonar som arbeidsgjevar gjer i kraft av styringsretten. Eit slikt prinsipp er mellom anna omtalt i sak 2012/1891 frå Sivilombodet. Kvalifikasjonsprinsippet er viktig både for samfunnet og for arbeidstakarane, ved at objektive kriterium avgjer kven som får posisjonar i forvaltninga. Det gir legitimitet både eksternt og internt.
Desse medlemene meiner at tilsetterepresentasjon og -medverking sikrar både gode prosessar internt og legitimitet utetter. Det er eit mål at medverkinga blir effektivt gjennomført, samtidig som ho er reell. For å sikra dette må kriteria for utveljing vera så objektive som mogleg, og representantane for dei tilsette må ha høve til å koma med innvendingar der dei vurderer at fastsette kriterium ikkje er følgde.
Desse medlemene meiner at departementet sitt forslag til nytt andre punktum i utanrikstenestelova § 7 første ledd og nytt fjerde ledd i same paragraf vil vera eit steg vekk frå at kvalifikasjonsprinsippet skal gjelda, og vil svekka dei tilsette si moglegheit for medverking. Endringane er etter desse medlemene sitt syn ikkje godt nok greia ut eller grunngitt. Desse medlemene vil derfor primært avvisa dei to endringane.
Sekundært vil desse medlemene gjera det tydeleg at kvalifikasjonsprinsippet må gjelda. Desse medlemene oppfattar at departementet ber Stortinget om ein heimel til å fastsetta forskrift om kriterium for tildeling av stillingar i rotasjonsordninga. I tillegg skriv departementet i proposisjonen at dei framleis vil vareta arbeidstakarorganisasjonane si medverking.
På bakgrunn av dette forventar desse medlemene at kvalifikasjonsprinsippet blir sikra gjennom forskrift til utanrikstenestelova og i personalreglement og supplerande personalreglement. Forskrift og reglement bør presisera at vedtak om flytting skjer med utgangspunkt i kvalifikasjonsprinsippet, slik at den best kvalifiserte kandidaten er den som får tildelt stillinga. I dei tilfella kandidatane vert vurderte til å ha like gode kvalifikasjonar, kan andre omsyn leggast vekt på. Også desse andre omsyna bør utformast så objektivt som mogleg.
Desse medlemene oppfordrar departementet til å gå i dialog med arbeidstakarorganisasjonane for å finna føremålstenlege ordningar for medverking. Organisasjonane bør, som i dag, ha rett til å gi formelle motsegner i dei tilfella der dei meiner at fastsette kriterium nedfelte i forskrifta, alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp eller anna regelverk (som likestillings- og diskrimineringslova) ikkje er følgt.
Desse medlemene viser vidare til forslaget om nytt femte ledd i § 7 i utanrikstenestelova om gruppeopptak.
Desse medlemene meiner at gruppeopptak i utanrikstenesta må følgja statstilsettelova. Omfanget av mellombelse stillingar i arbeidslivet må reduserast, og aspirantane sin tidsperiode som mellombels tilsette må dermed også reduserast så mykje som mogleg. Tilsette som er rekrutterte gjennom gruppeopptak, bør, som eit minimum, bli gitt fast tilsetting før vedkomande tiltrer ved ein utanriksstasjon.
Desse medlemene meiner forslaget ikkje er tilstrekkeleg greia ut og grunngitt, og vil derfor avvisa forslaget slik det ligg føre.