Søk

Sammendrag

Olje- og energidepartementet føreslår i proposisjonen endringar i føresegnene i energilova om funksjonelt skilje for nettføretak. Kravet til funksjonelt skilje etter energilova gjeld i dag ikkje for nettselskap med 10 000 eller færre nettkundar. Departementet føreslår at kravet til funksjonelt skilje berre skal gjelde for nettføretak som har 100 000 eller fleire nettkundar.

Departementet føreslår derfor endringar i energilova § 4-7, som tok til å gjelde i mars 2021.

Energilova §§ 4-6 og 4-7 stiller krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom nettverksemd og produksjon og omsetning av elektrisk energi.

I det tredje elmarknadsdirektivet 2009/72/EF er det krav til mellom anna funksjonelt skilje for nettselskap. Etter artikkel 26 nr. 4 har statane høve til å vedta unntak frå kravet om funksjonelt skilje for nettføretak med færre enn 100 000 tilknytte nettkundar.

Nettverksemd er eit naturleg monopol, og nettkundane kan ikkje velje kva nettselskap dei ønskjer å bruke. Det er derfor viktig at myndigheitene har eit godt regelverk som sikrar at nettselskapa opptrer nøytralt.

Kravet til funksjonelt skilje i energilova har vore endra fleire gonger dei siste åra. Føresegnene supplerer kravet til selskapsmessig skilje og er eit kostnadseffektivt alternativ til å føre tilsyn og kontroll med vertikalt integrerte verksemder for å sikre det same behovet for nøytralitet. Føremålet med regelverket om selskapsmessig og funksjonelt skilje skal bidra til å sikre at nettselskapa opptrer nøytralt overfor alle brukarar av nettet.

Eit unntak frå kravet til funksjonelt skilje gir på den andre sida kostnadsinnsparingar for dei aktuelle konserna, som medfører lågare nettleige for kundane. Departementet har sidan grensa på 10 000 eller fleire nettkundar blei innført, blitt kontakta av fleire av dei mindre nettselskapa, som hevdar at grensa bør vere høgare. Nettselskapa med under 10 000 nettkundar hevdar at det ikkje er ønskeleg med fusjonar med andre nettselskap, fordi dei da kjem over grensa for kravet til funksjonelt skilje. Dette fører til fragmentering av fagmiljø, som kan vere uheldig for den lokale kraftberedskapen.

Etter ei samla vurdering føreslår departementet at nettselskap som har 100 000 eller fleire kundar, må gjennomføre funksjonelt skilje. Det er ikkje forslag om nokon endringar i regelverket elles som set krav til nøytral framferd hos nettselskapa. Etter energilova er det krav til mellom anna nøytral framferd og separate budsjett og rekneskapar. Det omfattar også nettselskap med færre enn 100 000 nettkundar.

Departementet viser til at alle nettselskap er underlagde krav om nøytral framferd overfor straumkundar, kraftprodusentar, kraftleverandørar og andre tenesteleverandørar. Nøytral framferd er ein føresetnad for like marknadsvilkår, som igjen bidrar til ein velfungerande kraftmarknad og effektiv konkurranse.

Olje- og energidepartementet sende forslaget til endring av energilova § 4-7 på høyring 14. september 2022. Det er gjort greie for høyringa i proposisjonen.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei føreslåtte endringane fører til at kravet om funksjonelt skilje blir avgrensa til integrerte føretak der nettføretaket har 100 000 eller fleire nettkundar. Det er seks nettselskap som har 100 000 eller fleire nettkundar.

Alle nettføretaka, uavhengig av talet på nettkundar, vil framleis vere underlagde kravet om selskapsmessig skilje. Det reduserer risikoen for at eit unntak frå kravet om funksjonelt skilje verkar negativt inn på nøytraliteten til selskapa. Nøytral framferd er ein føresetnad for like marknadsvilkår, noko som igjen bidrar til ein velfungerande kraftmarknad og effektiv konkurranse. Heving av terskelen vil kunne medføre behov for økt tilsyn og kontroll med vertikalt integrerte føretak for å vareta same behov for nøytralitet.

At færre integrerte føretak blir omfatta av kravet om funksjonelt skilje, vil gi ei kostnadsinnsparing for dei konserna som ikkje lenger er omfatta, og som kan bruke dei same personane i leiande stillingar i fleire selskap i konsernet. Kor store innsparingar det er snakk om, er vanskeleg å talfeste, sidan kostnadene og gevinstane blir påverka av korleis energikonserna vel å organisere seg. Ei heving av grensa for kravet om funksjonelt skilje slik det er føreslått, vil innebere at 83 av 89 nettselskap ikkje er omfatta av kravet.

Etter ei samla vurdering meiner departementet at ulempene med heving av terskelen for krav om funksjonelt skilje ikkje er tilstrekkeleg store til at kravet må førast vidare slik det er i dag. Andre krav til nøytraliteten til selskapa kjem framleis til å gjelde, sjølv om fleire selskap enn i dag får unntak frå kravet til funksjonelt skilje.

Inntektsramma til nettselskapa blir delvis fastsett på bakgrunn av ei effektivitetsmåling mot andre nettselskap. Dagens krav om funksjonelt skilje fører til at mange av nettselskapa har ulike rammevilkår, og ei heving av terskelen vil føre til at over 90 prosent av nettselskapa ikkje er omfatta av kravet. Ei heving av grensa til å omfatte dei nettselskapa som har 100 000 eller fleire nettkundar, vil dessutan føre til at selskapa som blir omfatta av kravet, er så store at dei naturleg vil vere funksjonelt skilde. Ei heving av terskelen vil såleis kunne leggje til rette for likare rammevilkår for nettselskapa.

Ei heving av grensa for krav til funksjonelt skilje vil ikkje vere til hinder for fusjonar mellom nettselskap som det av bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske omsyn er rasjonelt å gjennomføre.