Innstilling frå arbeids- og sosialkomiteen om Årsmelding 2022 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med denne føresegna blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2022. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar, og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2022.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.

1.2 Utvikling i 2022 for pensjonar opptente som stortingsrepresentant

Totalt 386 personar fekk ved utgangen av 2022 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, og gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.2.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2022 var det 282 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på 21 personar. Per 31. desember 2022 var talet på alderspensjonistar derfor 294 personar.

1.2.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2022 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang og ein tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2022 var talet på uførepensjonistar derfor to personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2022.

1.2.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2022 var det 97 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på åtte personar og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2022 var talet på ektefellepensjonistar derfor 91 personar.

I 2022 blei to personar innvilga ektefellepensjon.

1.2.4 Rekneskap for 2022

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 72 068 050 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2021. Administrasjonskostnadene var 1 394 402 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2021.

1.3 Utvikling i 2022 for pensjonar opptente som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2022 fekk totalt 111 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, og gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2022 var det 69 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på seks personar. Per 31. desember 2022 var talet på alderspensjonistar derfor 74 personar.

1.3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2022 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2022 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2022.

1.3.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2022 var det 35 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2022 var talet på ektefellepensjonistar derfor 36 personar.

Ved inngangen til 2022 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har vore ein avgang på barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2022 var det derfor ein person som tok imot barnepensjon i ordninga.

1.3.4 Rekneskap for 2022

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 16 004 428 kroner til pensjonar. Det er ein liten auke frå 2021. Administrasjonskostnadene utgjorde 347 485 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2021.

1.4 Sentrale hendingar i 2022

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen, for å sikre at ingen har hatt inntekt som overstig inntektsgrensa. Alle som blei kontrollerte, var innanfor inntektsgrensa.

Hausten 2022 vart det, ut frå skatteoppgjeret for 2021, gjennomført etteroppgjer for alle uførepensjonistar i ordninga. Det blir gjort for å sikre at uførepensjonen er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein har hatt samtidig med uførepensjon.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tuva Moflag, Runar Sjåstad, Torbjørn Vereide og Agnes Nærland Viljugrein, frå Høgre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, frå Senterpartiet, Eivind Drivenes og Per Olaf Lundteigen, frå Framstegspartiet, Alf Erik Bergstøl Andersen og Dagfinn Henrik Olsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø og leiarenen Freddy André Øvstegård, og frå Raudt, Mímir Kristjánsson, viser til Årsmelding 2022 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.

3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Meld. St. 19 (2022–2023) – Årsmelding 2022 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – vert lagd ved møteboka.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 9. mai 2023

Freddy André Øvstegård

Kirsti Bergstø

leiar

ordførar