vedtak til lov
om endringar i Finnmarksloven
(endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)
I
I lov 17. juni 2005
nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser
i Finnmark skal det gjerast følgjande endringar:
I følgjande føresegner
skal uttrykket «Troms og Finnmark fylkesting» endrast til «Finnmark
fylkesting»:
§ 7 andre ledd, § 16
første ledd, § 16 femte ledd og § 31 andre ledd.
I følgjande føresegner
skal uttrykket «Troms og Finnmark fylkesting» endrast til «fylkestinget»:
§ 7 sjette ledd,
§ 10 tredje ledd og § 10 sjette ledd.
§ 15 første ledd skal lyde:
Dersom Finnmarkseiendommen
i bankinnskudd, kontanter og lignende har aktiva som fratrukket
eventuell gjeld overstiger det som trengs av reserver for å sikre
driften, kan styret beslutte at overskuddet helt eller delvis skal
utbetales til Finnmark fylkeskommune,
Sametinget eller allmennyttige formål som kommer Finnmarks innbyggere
til gode.
I følgjande føresegner
skal uttrykket «statsforvalteren i Troms og Finnmark» endrast til
«statsforvalteren»:
§ 18 andre ledd og
§ 46 første ledd.
II
Lova gjeld frå den
tida Kongen fastset.