Søk

Sammendrag

Kommunal- og distriktsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i Finnmarksloven. Finnmarksloven gjeld forvalting av grunn og naturressursar i Finnmark og inneber ei eiga ordning som skil seg frå forvaltinga i dei andre fylka i landet.

Som følgje av Stortingets vedtak av 14. juni 2022 (Prop. 113 LS (2021–2022) S-delen, jf. Innst. 452 S (2021–2022)), skal Troms og Finnmark fylke delast frå 1. januar 2024. Finnmark vert igjen eit eige fylke.

Det går fram av proposisjonen at i samband med samanslåinga av fylka Troms og Finnmark vedtok Stortinget lov 20. desember 2019 nr. 108 om endringer i finnmarksloven (endringer som følge av sammenslåingen av Troms og Finnmark fylker). Dette var reglar om det geografiske verkeområdet for lova, val av styremedlemmer til styret til Finnmarkseigedommen og reglar for utdeling av overskot. Desse endringane var påkravde fordi nemninga «Finnmark» fekk endra tyding i lova.

Det vert i proposisjonen vist til at når Finnmark no igjen vert eit eige fylke, må det igjen gjerast endringar i lova.

Det går fram av proposisjonen at Sametinget ikkje har ønskt å konsultere om desse endringane, men at dei viser til standpunktet dei hadde i konsultasjonane om endringane i Finnmarksloven da fylka vart slegne saman (Prop. 134 L (2018–2019)).

Sametinget ønskjer sjølv å avgjere måten styre- og varamedlemmer til Finnmarkseigedommen vert valde på. Derfor ønskjer Sametinget ei endring av Finnmarksloven §§ 7 og 8. Sametinget meiner at denne løysinga vil vere i samsvar med sjølvråderetten til samane og den sjølvstendige stillinga til Sametinget. Sametinget ber om at departementet vurderer ein eigen prosess for å endre desse føresegnene i Finnmarksloven. Sametinget meiner det er viktig at departementet følgjer opp denne problemstillinga i framtida.

Troms og Finnmark fylkeskommune fekk høve til å komme med innspel til forslaget. Dei meinte det ikkje var behov for det.

Det vert i proposisjonen vist til at lovforslaget ikkje har vore på offentleg høyring, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd.

Det går fram av proposisjonen at endringane ikkje vil innebere økonomiske eller administrative konsekvensar av betydning.

Det vert vist til proposisjonen for nærare omtale av lovforslaget.