vedtak til lov
om endringar i havressurslova
m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)
I
I lov 28. juni 1957
nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere (fiskerpensjonsloven) gjøres
følgende endring:
§ 4 fjerde ledd oppheves.
II
I lov 26. mars 1999
nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) skal
ny § 30 a lyde:
§ 30 a Tilgang til opplysninger i Folkeregisteret
Fiskeridirektoratet
skal, uten hinder av taushetsplikt, ha tilgang til opplysninger
i Folkeregisteret som er nødvendige for utførelsen av oppgaver etter
denne loven. Direktoratet skal også ha tilgang til opplysninger
i Folkeregisteret til utredning og produksjon av statistikk.
III
I lov 6. juni 2008
nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)
vert det gjort følgjande endringar:
§ 49 tredje ledd skal lyde:
Fiskeridirektoratet
skal, utan hinder av teieplikt, ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret
som er naudsynte for utøving av oppgåver etter denne lova. Direktoratet
skal også ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret til utgreiing
og produksjon av statistikk.
Noverande § 49 tredje ledd
blir nytt fjerde ledd.
§ 54 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gje forskrift om
-
a. handsaminga av saker etter første
ledd
-
b. kva for føresegner som er omfatta
av første ledd
-
c. korleis verdien av fangst etter første ledd skal
fastsetjast
-
d. om det kan gjevast
vederlag for kostnader ved ilandføring av fangst etter første ledd
-
e. kva salslaga kan bruke midlar som nemnt i første ledd til
-
f. at brot på enkelte føresegner
etter første ledd likevel ikkje skal medføre inndraging av fangst.
IV
Lova gjeld frå den
tida Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei enkelte føresegnene
skal ta til å gjelde til ulik tid.