Søk

1. Sammendrag

Regjeringa foreslår endringar i forsvarsbudsjettet for 2022 knytte til den tryggingspolitiske situasjonen i Europa, auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar, betringar av butilhøva for vernepliktige og yngre befal, betring av kritisk infrastruktur på Andøya flystasjon, einskild tilskott til Det frivillige Skyttervesen og andre endringar.

Gjennom året har det vore store tilleggsløyvingar på Forsvarsdepartementet sitt budsjett knytte til krigsutbrotet i Ukraina. Endringane har knytt seg både til nasjonale tiltak og til militær støtte til Ukraina. Dei nasjonale tiltaka vart fremma i Prop. 78 S (2021–2022) og vedtekne av Stortinget i handsaminga av Innst. 270 S (2021–2022). Her vart det løyvd totalt tre mrd. kroner for å styrke Forsvarets nærvær i nord, styrke evna til alliert samtrening, auka beredskap, reaksjonsevne og uthald i krise og krig og styrke situasjonsforståinga og motstanden mot digitale truslar. Regjeringa prioriterer høg aktivitet for Forsvaret i 2022 som følgje av krigen i Ukraina og ein ny tryggingspolitisk situasjon. Det auka operative aktivitetsnivået som følgde av Prop. 78 S (2021–2022), vert vidareført.

Regjeringa har lagt opp til omfattande militær støtte til Ukraina, med løyvingar på om lag 3,4 mrd. kroner. Tiltaka har vore fremma gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2022 og Prop. 142 S (2021–2022). Knytt til donasjonar av materiell til Ukraina, innkjøp av materiell og støtte til trening av ukrainske soldatar i Storbritannia foreslår regjeringa å omdisponere midlar som er løyvde på tilskottsposten kap. 1700 post 79, til der utgiftene vert posterte i 2022.

Regjeringa foreslår ei løyving til vedlikehald og rehabilitering av infrastruktur for å styrke Noregs evne til mottak av allierte luftstyrkar og styrke Forsvaret i nord. Tiltaka på Andøya flystasjon skal styrke satsinga og Noregs nærvær i nord i tråd med føresetnadene i Meld. St. 10 (2021–2022), som vart presentert for Stortinget tidlegare i år. Regjeringa følgjer vidare opp tiltak frå saldert budsjett for 2022, kor regjeringa foreslo å løyve 40 mill. kroner til Forsvarsbygg for å forbetre butilhøva til vernepliktige og yngre befal på Skjold, Bardufoss og Setermoen. Regjeringa foreslår at prosjektet vert tilført ytterlegare 10 mill. kroner. Regjeringa foreslår samstundes eit einskild tilskott til Det frivillige Skyttervesen, ut over tilskottet organisasjonen får gjennom Forsvarsdepartementets etablerte tilskottsordning, for å støtte høg aktivitet i organisasjonen i ei tid med auka prisar på ammunisjon.

Endringa i valutaføresetnadene i budsjetterte utbetalingar i 2022 for store materiellprosjekt inneber forventa meirutgifter på til saman om lag 1484,0 mill. kroner i 2022. Regjeringa foreslår difor ei valutajustering på om lag 799,2 mill. kroner for 2022. Forslag til valutajustering bygger vidare på tidlegare valutajusteringar i saldert budsjett for 2022 og RNB for 2022. Ut over den føreslegne valutajusteringa, tilleggsløyving, overføringar frå andre departement og tekniske endringar er det også identifisert betydelege meirutgifter på om lag 1 449,8 mill. kroner. Meirutgiftene knytte til auka utgifter til energi-, drivstoff-, og valutaprisar utgjer til saman om lag 1 312,0 mill. kroner av dette.

Meirutgiftene vert foreslått dekte gjennom tverrprioriteringar innanfor forsvarsbudsjettet. Regjeringa foreslår at meirutgiftene primært vert dekte gjennom omprioritering frå investeringar til drift, i hovudsak frå investeringar over kap. 1710 post 47 og kap. 1760 post 45. Mindreutgifter og ikkje planlagde meirinntekter er foreslått nytta til å balansere sektoren sine meirutgifter.

Regjeringa foreslår at utgiftsramma vert auka med 1 955,4 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 1 134,2 mill. kroner.

Regjeringa viser òg til Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 133 (2020–2021), jf. Innst. 87 S (2020–2021), der Stortinget ber regjeringa innan 2022 leggje fram ei utgreiing om bruk av ikkje-militært tilsette og tilhøve knytte til krigens folkerett og ikkje-militært personell som legitime militære mål. Arbeidet er førebels ikkje ferdigstilt, og heng saman med andre saker om totalforsvaret og sivil støtte til Forsvaret. Regjeringa vil difor kome tilbake til Stortinget på eigna måte seinare.

Regjeringa legg fram to forslag til romertalsvedtak. Desse omhandlar Program felles IKT-tenester i departementsfelleskapet, Forsvaret og lokalisering av sjef Luftforsvaret til Reitan.

Regjeringa informerer også om interne endringar på kap. 1720 Forsvaret. Vidare inneheld proposisjonen følgjande seks informasjonssaker:

  • Kap. 1700 post 71, Forsvarsdepartementet, einskild tilskott til Noregs arktiske universitet

  • Kap. 1700 post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til den slovakiske stat for støtte til donasjon av Zuzana-2

  • Kap. 1700 post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til den estiske staten for støtte til donasjon av Role 2 feltsjukehus til Ukraina

  • Kap. 1700 post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til NATO Comprehensive Assistance Package for Ukraine.

  • 1700 post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til EU Military Assistance Mission til Ukraina

  • Kap. 1700 post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til den britiskleia mekanismen for militær støtte til Ukraina – International Fund for Ukraine