1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Departementet foreslår
i proposisjonen endringar i lov 4. juni 2010 nr. 21 om fornybar
energiproduksjon til havs (havenergilova). Lovforslaget gjeld prosessen
fram mot søknad om tildeling av konsesjon for produksjonsanlegg
innanfor eit område som er opna for utvikling av fornybar energiproduksjon
til havs. Dei foreslegne endringane gir departementet heimel til
å lyse ut og invitere til konkurranse om tildeling av område som
er opna etter havenergilova § 2-2.
Departementet foreslår
at det som hovudregel skal haldast ein konkurranse om areal for
fornybar energiproduksjon. Departementet legg opp til at ein konkurranse
om areal normalt vil gjennomførast som auksjon. Departementet foreslår
vidare at departementet kan bestemme at eit område skal tildelast
på grunnlag av andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår,
og at departementet då kan fastsette storleiken på vederlaget. Lovforslaget
seier også at departementet, i særlege tilfelle, kan tildele eit
område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det er gitt føresetnader
for dette i kap. 6.
Lovforslaget handlar
også om at ved ei tildeling av areal må søkarar ha tilfredsstillande
teknisk kompetanse og finansiell styrke og oppfylle relevante krav
til helse, miljø og sikkerheit. Det er vidare forslag om at departementet
kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling
av areal, skal prekvalifiserast før deltakinga. Ved utlysing kan
departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande
vilkår.
Lovforslaget har
vore på høyring. Det er gjort grundig greie for høyringssvara i
proposisjonen.