Forslag frå Sosialistisk Venstreparti,
Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 3
Stortinget ber regjeringen
om å inkludere krav til Enviromental, social and corporate governance
(ESG) rapportering som kriterier for forhåndskvalifikasjon i forskrift
etter havenergilova om vilkår for tildeling av område.
Forslag 4
Ny § 2-3 skal lyde:
§ 2-3 Utlysing og tildeling
av areal
Eitt eller fleire
område innanfor eit område som er opna etter § 2-2, skal som hovudregel
lysast ut og tildelast gjennom konkurranse, der verknad på natur
og berekraft skal vere avgjerande element. Departementet kan likevel
tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det
kan bli kravd vederlag for tildelinga.
Ved utlysinga
skal departementet avgjere om tildelinga av eit område skal skje
ved auksjon ved ei vurdering av søkarane på grunnlag av objektive
og ikkje-diskriminerande vilkår eller ved ein kombinasjon. Ved tildeling
på ein annan måte enn ved auksjon fastset departementet storleiken
på det eventuelle vederlaget.
Ved tildeling av
areal må søkarar ha tilfredsstillande teknisk og biologisk kompetanse
og finansiell styrke og oppfylle relevante krav til helse, miljø,
berekraft og sikkerheit. Departementet kan krevje at aktørane som
vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal, skal prekvalifiserast
før deltakinga. Ved utlysing kan departementet også sette andre
objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.
Den som får tildelt
eit område, får ein tidsavgrensa einerett til å gjennomføre ei prosjektspesifikk
konsekvensutgreiing og å søke om konsesjon etter § 3-1 for produksjonsanlegg
innanfor området.
Departementet kan
gi forskrift om vilkår for tildeling av område etter denne paragrafen.