1.2.3 Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane
Kommunal- og distriktsdepartementet
føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2022 m.m. blir gjort gjeldande for
alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte
av hovudtariffavtalane.
Dei felles føresegnene
i hovudtariffavtalane er like, men dei er ulike når det gjeld føresegnene
om fordelinga av løn. Det eine avtaleområdet er avtalane som gjeld for
LO Stat og YS Stat, og det andre avtaleområdet er avtalane som gjeld
for Akademikerne og Unio. Staten må derfor ta stilling til kva for
avtaleområde som skal praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje
er medlemer av organisasjonar med forhandlingsrett.
Sidan 2016 har Stortinget
gjeve sitt samtykke til at det avtaleområdet som dekkjer flest årsverk
totalt i staten, blei gjort gjeldande for arbeidstakarane i staten som
ikkje er medlemer av organisasjonar med forhandlingsrett.
Kommunal- og distriktsdepartementet
har i lang tid sett på ordninga med dei uorganiserte, i nær dialog med
hovudsamanslutningane. Det har ikkje vore mogeleg å finne fram til
ein ny modell som alle hovudsamanslutningane sluttar seg til.
Kommunal- og distriktsdepartementet
tilrår som ei mellomløysing å la dei uorganiserte følgje det avtaleområdet
som dekkjer flest årsverk i den einskilde verksemda. Ei slik løysing
føreset at arbeidsgjevar lokalt skaffar seg informasjon om kven
av dei tilsette som er uorganiserte. Departementet vil følgje med
på praktiseringa og utslaga av ein slik modell. Dei uorganiserte
skal med bakgrunn i lønspolitikken til dei einskilde verksemdene sikrast
lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane,
og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å ta vare på dei uorganiserte.
Embetsmenn og statstilsette
i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og
arbeidsvilkår administrativt fastsette i kontrakt.