4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding I–III og V–VI fremmes av en samlet komité. Tilråding IV fremmes av medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet og Venstre. Tilråding VII og VIII fremmes av medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2022 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

1

(NY) Driftsutgifter, blir løyvd med

2 168 000 000

502

Tariffavtalte avsetjingar m.m.

21

(NY) Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70,blir løyvd med

2 000 000

70

(NY) Kompetanseutvikling m.m., kan overførast, kan nyttast under post 21, blir løyvd med

16 500 000

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med

13 200 000

frå kr 208 700 000 til kr 221 900 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2022 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av LO Stat og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2022.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2022 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av Akademikerne og Unio i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2022.

IV

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlemer av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (romartal II eller III) som dekkjer flest årsverk i den einskilde verksemda. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2022 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister § 31 andre ledd.

VI

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

VII

Stortinget ber regjeringen sette ned et lønnsutvalg som ser på lønnssystemet i staten og legger fram sine anbefalinger i god tid før hovedforhandlingene i 2024 begynner.

VIII

Stortinget ber regjeringen starte et arbeid for å oppnå likelydende hovedtariffavtaler til hovedoppgjøret i 2024.