1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Kommunal- og distriktsdepartementet legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar.

  • 1. Lønsregulering frå 1. mai 2022 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m.

  • 2. Endringar i statsbudsjettet for 2022.

1.2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2022 m.m.

1.2.1 Lønsforhandlingane m.m. per 1. mai 2022

Forhandlingane

Det blir i proposisjonen vist til at forhandlingane mellom staten, ved Kommunal- og distriktsdepartementet, og hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat om nye hovudtariffavtalar i staten for perioden 1. mai 2022 til 30. april 2024, blei innleia 20. april 2022.

Forhandlingane heldt fram til 29. april. Akademikerne og Unio kravde forhandlingane avslutta kl. 14.12. LO Stat og YS Stat kravde forhandlingane avslutta kl. 14.55.

Riksmeklaren blei varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane. Meklinga blei opna i møte hos Riksmeklaren 2. mai.

Meklinga heldt fram til 24. mai da Riksmeklaren la fram forslag til endringar i hovudtariffavtalane mellom staten og LO Stat og YS Stat, og endringar i hovudtariffavtalane mellom staten og Akademikerne og Unio. Unio har forhandla ein lik avtale som Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same dag aksepterte av staten og Akademikerne. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte også om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 24. juni 2022.

Riksmeklaren sitt forslag er teke inn i møtebøkene av 24. mai 2022, jf. vedlegg 1 og 2 til proposisjonen.

Den økonomiske ramma

Det blir i proposisjonen vist til at lønsoppgjera i Noreg er baserte på den såkalla frontfagmodellen. På bakgrunn av vurderingar gjorde av NHO, i samråd med LO, reknar ein med ein årslønsvekst i industrien samla sett i NHO-området på 3,7 pst. i 2022. For å unngå ein storstreik har staten akseptert skissa frå Riksmeklaren som har ei ramme som inneber ein årslønsauke på oppgjeret med 3,8 pst. både i avtalane med LO Stat, YS Stat og i avtalane med Akademikerne og Unio. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2022 er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2022 rekna ut til 2 891 mill. kroner.

Felles føresegner

Det er nye satsar for natt-, laurdags- og søndagsarbeid. Sjå proposisjonen for nærare omtale.

Erstatningsbeløp ved dødsfall er auka, jf. gruppelivsordninga. Sjå proposisjonen for nærare omtale.

Kompetanseutvikling

Totalt i alle avtalane blir det sett av 37 mill. kroner til kompetanseutvikling, medråderett, samarbeid og omstillingsarbeid for heile tariffperioden, 1. mai 2022–30. april 2024.

Avsetjinga vil bli foreslått løyvd på kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar i statsbudsjettet for 2022. Sjå proposisjonen for nærare omtale av fordelinga.

Staten og hovudsamanslutningane vil i tariffperioden følgje opp bruken av midlane i hovudtariffavtalane pkt. 5.3. Medråderett, samarbeid og kompetanseutvikling. Partane vil vurdere vidare tiltak for kompetanseutvikling og bruk av avsetjinga innanfor den statlege arbeidsgivarpolitikken.

Forhandlingsstadar

Med heimel i hovudtariffavtalane avgjer staten, etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadane for tariffperioden 2022–2024 er drøfta og fastsette med verknad frå 1. mai 2022. Forhandlingsstadane er dei same i alle avtalane.

1.2.2 Nærare om avtalane med LO Stat og YS Stat og avtalane med Akademikerne og Unio

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat og YS Stat

Med verknad frå og med 1. mai 2022 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 0,85 pst. per dato av lønsmassen.

Med verknad frå 1. mai 2022 er det gjeve eit tillegg på kr 10 000 på lønstrinn 19 til og med lønnstrinn 64 i hovudlønstabellen. Frå og med lønstrinn 65 til og med lønstrinn 101 er det gjeve eit tillegg på 1,7 pst. Utforminga av tillegga på tabellen sikrar ein låglønsprofil. I tillegg er alle førstekonsulentar gjeve eit lønstrinn med verknad frå og med 1. mai, noko som sikrar ein likelønsprofil.

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne og Unio

I avtalane med Akademikerne og Unio er alle tarifftillegga avsette til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. mai 2022 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 2,46 pst. per dato av lønsmassen.

Nytt lønssystem

Om lag 50 pst. av dei statstilsette er på ei lønsramme og får automatiske lønsopprykk etter ansiennitet. I avtalane med LO Stat og YS Stat er totalt 39 lønsrammer erstatta av to lønsstigar på ti år og 16 år. Lønsstigen på 16 år er også teken inn i avtalane med Akademikerne og Unio og kjem i tillegg til stigen på ti år som gjaldt i førre avtaleperiode. Stigane sikrar eit årleg prosentvis opprykk og er likt utforma i alle avtalane. Ein reknar ansienniteten etter kor mange år ein har i stillinga – stillingsansiennitet. Det er ikkje gjort endringar i talet på stillingar, eller kva for stillingar, som er på høvesvis automatisk lønsopprykk og i spenn. Det er inngått avtale mellom Kommunal- og distriktsdepartementet og hovudsamanslutningane om implementering av nytt lønssystem og overføring av tilsette frå lønsrammer til lønsstigar.

Anna

Det blir i proposisjonen vist til at seniorpolitiske tiltak er viktige for å få arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid. I staten blir det gjeve tenestefri med løn eit visst tal dagar frå det året ein fyller 62 år. Talet på dagar er avhengig av om den einskilde verksemda har avtalt fleire dagar lokalt enn dei åtte dagane som er avtalt sentralt. I Riksmeklaren sine forslag til avtalar er det teke inn at tenestefri med løn skal gjevast forholdsmessig gjennom året det året arbeidstakar går av med pensjon.

Vidare er det i Riksmeklaren sine forslag til avtalar fastsett mandat for partssamarbeid om å bidra til å nå FNs berekraftsmål, problemstillingar knytte til arbeid på heimekontor, reisetid og gjennomgang av stillingskodesystemet i staten. Riksmeklaren foreslår også at staten skal sørgje for statistikk som gjev partane tal- og statistikkgrunnlag til komande mellomoppgjer. Statistikk- og berekningsutvalet (SBU) har fått i oppdrag å sjå på modellen for berekning av gliding i lønsoppgjera i staten.

1.2.3 Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Kommunal- og distriktsdepartementet føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2022 m.m. blir gjort gjeldande for alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

Dei felles føresegnene i hovudtariffavtalane er like, men dei er ulike når det gjeld føresegnene om fordelinga av løn. Det eine avtaleområdet er avtalane som gjeld for LO Stat og YS Stat, og det andre avtaleområdet er avtalane som gjeld for Akademikerne og Unio. Staten må derfor ta stilling til kva for avtaleområde som skal praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje er medlemer av organisasjonar med forhandlingsrett.

Sidan 2016 har Stortinget gjeve sitt samtykke til at det avtaleområdet som dekkjer flest årsverk totalt i staten, blei gjort gjeldande for arbeidstakarane i staten som ikkje er medlemer av organisasjonar med forhandlingsrett.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i lang tid sett på ordninga med dei uorganiserte, i nær dialog med hovudsamanslutningane. Det har ikkje vore mogeleg å finne fram til ein ny modell som alle hovudsamanslutningane sluttar seg til.

Kommunal- og distriktsdepartementet tilrår som ei mellomløysing å la dei uorganiserte følgje det avtaleområdet som dekkjer flest årsverk i den einskilde verksemda. Ei slik løysing føreset at arbeidsgjevar lokalt skaffar seg informasjon om kven av dei tilsette som er uorganiserte. Departementet vil følgje med på praktiseringa og utslaga av ein slik modell. Dei uorganiserte skal med bakgrunn i lønspolitikken til dei einskilde verksemdene sikrast lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å ta vare på dei uorganiserte.

Embetsmenn og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsette i kontrakt.

1.3 Endringar på statsbudsjettet for 2022

Kap. 2315 (Nytt) Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 1 (Ny) Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2022 er for perioden 1. mai–31. desember 2022 rekna ut til 2 891 mill. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som får løna si fastsett etter hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgjevaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og forvaltingsbedrifter blir dekte innanfor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekkje meirutgiftene av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 2 168 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, som Finansdepartementet er gjeve fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar m.m.

Post 21 (Ny) Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

For perioden 1. mai 2022–30. april 2024 blir det avsett til saman 4 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsetjinga skal i hovudsak gå til felles tiltak i regi av dei sentrale partane. Departementet foreslår i proposisjonen at 2 mill. kroner av avsetjinga blir løyvde for 2022. Dei resterande 2 mill. kroner blir i proposisjonen foreslått løyvde på statsbudsjettet for 2023.

Post 70 (Ny) Kompetanseutvikling m.m., kan overførast, kan nyttast under post 21

For perioden 1. mai 2022–30. april 2024 blir det avsett til saman 33 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsetjinga skal i hovudsak gå til å styrke kompetanseutvikling i verksemdene. Departementet foreslår i proposisjonen at 16,5 mill. kroner av avsetjinga blir løyvde for 2022. Dei resterande 16,5 mill. kroner blir foreslått løyvde på statsbudsjettet for 2023.

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Departementet foreslår i proposisjonen at tilskotet blir auka med 13,2 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2021.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 1 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2022 til hausten.