Sammendrag
fra Prop. 114 LS (2021–2022)
I
eingongsavgifta er dei avgiftspliktige køyretøya delte inn i ni
grupper med ulik avgift og berekningsgrunnlag. For personbilar vert
avgifta berekna ut frå vekt og utslepp av CO2 og NOx. Fram
til 2019 var det ei eiga avgiftsgruppe for drosjer med redusert
avgift. For drosjene gjaldt ikkje dei to høgste trinna i CO2-komponenten,
og vektkomponenten var 40 pst. av den som gjaldt for personbilar.
NOx-komponenten
var den same som for personbilar.
Drosjer
vart avvikla som eiga avgiftsgruppe i 2019. Det vart mellom anna
grunngjeve med at insentiva i eingongsavgifta til å velje køyretøy
med låge utslepp òg burde gjelde for drosjer. Drosjer har etter
det hatt same avgift som vanlege personbilar (avgiftsgruppe a).
Stort
sett vert det nytta ombygde bussar til transport av rullestolbrukarar.
Bussar er ikkje omfatta av eingongsavgifta og vart difor ikkje påverka
då avgiftsgruppa for drosjer vart oppheva.
Til
ein viss grad har òg ombygde personbilar (minibussar) vorte nytta
som rullestoldrosjer. Dette gjeld særleg i distrikta, der det er
færre drosjer, og same bil må nyttast både til transport av rullestolbrukarar
og til vanleg drosjekøyring. Grunna høg vekt og høgt CO2-utslepp
fekk desse bilane ein stor avgiftsauke då avgiftsgruppa for drosjer
vart avvikla. Dette har gjort at køyretøya ikkje lenger har vore
så aktuelle som rullestoldrosjer. Det kan særleg ha påverka tilbodet
til rullestolbrukarane i distrikta. Verknaden vert forsterka av
at det førebels ikkje er reelle elektriske alternativ til desse
køyretøya.
På
oppdrag frå Finansdepartementet har Skattedirektoratet sendt eit
framlegg på høyring om å innføre ei eiga avgiftsgruppe for personbilar
som er tilpassa for og vert nytta til transport av rullestolbrukarar.
For å kome inn under avgiftsgruppa må køyretøyet vere registrert på
innehavar av ordinært drosjeløyve og godkjent etter forskrift om
universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. Alle
høyringsinstansane som har gjeve innspel, er positive til framlegget.
Dette gjeld mellom anna Funksjonshemmedes Forening, Norges Handikapforbund,
Norges Taxiforbund, Samferdselsdepartementet og Statens Vegvesen.
Departementet
foreslår at tiltaket vert gjennomført i tråd med framlegget som
vart sendt på høyring. Avgifta for den nye avgiftsgruppa vil vere
på nivå med dei satsane som gjaldt for drosjer før 2019. Utfyllande
reglar vert gjevne i forskrift. Framlegget har ikkje nemneverdige konsekvensar
for provenyet.
Departementet
syner til framlegg om endring av stortingsvedtak om eingongsavgift.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. juli 2022.