Sammendrag
Frå 1. januar 2021
vart det innført plikt til å svare meirverdiavgift for omsetjing
og formidling av alternativ behandling. For omsetjing og formidling
av naprapati og osteopati vart det vedteke å utsetje iverksetjinga
av endringa til 1. juli 2021, jf. Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter,
avgifter og toll 2021 punkt 9.2. Bakgrunnen for å utsetje endringa
for naprapati og osteopati var eit pågåande arbeid med å endre helsepersonelloven slik
at naprapatar og osteopatar vart omfatta av autorisasjonordninga
etter helsepersonelloven § 48 fyrste ledd. Ei slik lovendring i
helsepersonelloven er no vedteken, og naprapatar og osteopatar er
omfatta av autorisasjonsordninga etter helsepersonelloven, jf. Prop.
236 L (2020–2021) Endringer i helsepersonelloven (autorisasjon av
naprapater, osteopater og paramedisinere). Endringa i helsepersonelloven
for naprapatar og osteopatar tok til å gjelde 1. mai 2022. Plikta
til å svare meirverdiavgift for omsetjing og formidling av alternativ
behandling for naprapatar og osteopatar vart utsett ytterlegare
i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2022, jf. Prop.
1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022. Då vart det vedteke
å utsetje iverksetjing av endringa i merverdiavgiftsloven til 1. juli
2022 for dei som innan to månader frå tidspunktet for endringa i helsepersonelloven,
søkte om autorisasjon som naprapat eller osteopat.
Naprapatar og osteopatar
som vert autoriserte som helsepersonell er omfatta av unntaket for
helsepersonell i merverdiavgiftsloven § 3-2 fyrste ledd bokstav
d. Dei kan difor omsetje og formidle helsetenester utan at dei pliktar
å svare meirverdiavgift. Endringane i helsepersonelloven tek til
å gjelde noko seinare enn føresett i Statsbudsjettet for 2022, og
departementet foreslår difor å utsetje iverksetjinga av endringa
i merverdiavgiftsloven om avgiftsplikt for alternativ behandling
for naprapati og osteopati frå 1. juli 2022 til 1. januar 2023. Som
det vart føresett i Statsbudsjettet for 2022, vil utsetjinga omfatte
dei som innan to månader frå tidspunktet endringane i helsepersonelloven
tek til å gjelde, søkjer om autorisasjon som naprapat eller osteopat. Med
denne utsetjinga vil dei som er omfatta, kunne få behandla sine
søknader om autorisasjon.
Då det vart lagt
opp til at naprapati og osteopati inntil vidare ikkje vert omfatta
av avgiftsplikta, vart det ikkje budsjettert med proveny frå omsetjing
og formidling av naprapati og osteopati for 2022. Vidareføring av unntaket
fram til 1. januar 2023 har difor ikkje provenyverknad for 2022.
Departementet syner
til framlegg til endring i romartal II i lov 21. desember 2020 nr.
168 om endringar i merverdiavgiftsloven. Departementet foreslår
at endringa tek til å gjelde straks.