Sammendrag
Departementet gjer
framlegg om å endre folkeregisterloven § 3-3 andre ledd. Denne gjeld
registrering av fødselsdato for mellom andre personar som er omfatta av
direktiv 2004/38/EF om EØS-borgarar og deira familiemedlemar sin
rett til å bevege og opphalde seg fritt på medlemsstatane sitt område.
Registrering av
fødselsdato er regulert i folkeregisterloven § 3-3. For personar
som flyttar til Noreg og ikkje tidlegare har vore registrerte i
Folkeregisteret, vert fødselsdato som hovudregel registrert på grunnlag
av personen sitt pass eller liknande legitimasjonsdokument, jf.
§ 3-3 andre ledd fyrste punktum. For personar som er omfatta av
direktiv 2004/38/EF om EØS-borgarar og deira familiemedlemar sin
rett til å bevege og opphalde seg fritt på medlemsstatane sitt område,
fylgjer det av § 3-3 andre ledd tredje punktum at fødselsdato vert
registrert på grunnlag av det som er registrert i datasystemet til
utlendingsstyresmaktene eller i registreringsbevis frå utlendingsstyresmaktene.
ESA har peika på
at det etter det nemnde direktivet ikkje er høve til å krevje at
personen kan leggje fram EØS-registreringsbevis eller opphaldskort
for å verte registrert som busett i Noreg. Dersom ein person som
er omfatta av direktivet, skal registrerast i Folkeregisteret, men
ikkje har slikt dokument, må folkeregisterstyresmakta sjølv vurdere
personen sin rett til opphald.
Paragraf 3-3 andre
ledd tredje punktum bør difor fjernast. Det gjev ikkje meining at
det i lova står at fødselsdato skal registrerast på grunnlag av
det som er registrert i datasystemet til utlendingsstyresmaktene
eller i registreringsbevis frå utlendingsstyresmaktene, når det ikkje
er krav om at slikt dokument skal leggjast fram. Fødselsdato kan
registrerast på grunnlag av pass eller liknande legitimasjonsdokument
i samsvar med hovudregelen.
Framlegget har vore
på høyring, og ingen høyringsinstansar hadde innvendingar.
Departementet syner
til framlegg om endring i folkeregisterloven § 3-3 andre ledd. Departementet
foreslår at endringa tek til å gjelde straks.