Sammendrag
I Revidert nasjonalbudsjett
2022 foreslår regjeringa følgjande endring i skatte- og avgiftsreglane
som har verknad for provenyet for 2022:
-
Å auke formuesskattesatsen
for upersonlege skattytarar frå 0,15 til 0,25 pst. Dette tilsvarar
auken i den statlege formuesskattesatsen som Stortinget vedtok for
dei personlege skattytarane i budsjettet for 2022. Upersonlege skattytarar,
som sparebankar, samvirkeføretak og enkelte stiftingar, svarar formuesskatt til
staten, men ikkje til kommunane. Departementet anslår at framlegget
vil auke provenyet med om lag 180 mill. kroner påløpt i 2022. Heile
provenyet vert bokført i 2023.
I tillegg
vert budsjetteringa endra som følgje av utsett iverksetjing av fritak
for elavgift for eigenproduksjon av straum. Utsetjinga vil auke
provenyet med om lag 6 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført
i 2022. Budsjetteringa vert òg endra som følgje av utsett iverksetjing
av omregistreringsavgift for elbilar. Det vart budsjettert med iverksetjing
1. januar 2022, men omregistreringavgift vart fyrst iverksett 1. mai
2022. Tapet av proveny er rekna til om lag 25 mill. kroner påløpt
og bokført i 2022.
Samla vert nye framlegg
til endringar i skattar og avgifter rekna å auke provenyet med om
lag 160 mill. kroner påløpt i 2022 samanlikna med saldert budsjett
for 2022. Den bokførte verknaden av framlegga er eit tap av proveny
på om lag 20 mill. kroner i 2022. Heilårsverknaden av framlegga
er eit meirproveny på 180 mill. kroner.
I tillegg kjem verknaden av
framlegg til skatte- og avgiftsendringar som er vedtekne av Stortinget
etter saldert budsjett for 2022. Dette gjeld utsetjing av å innføre flypassasjeravgifta
att og ny mellombels ordning for utsetjing av skattar og avgifter.
Smittespreiinga av omikron-varianten og smitteverntiltak som vart
innførte i desember 2021, hadde konsekvensar for luftfarten. Difor
vart flypassasjeravgifta i januar 2022 oppheva òg for flygingar
i perioden 1. januar–30. juni 2022. Det gjev eit tap av proveny
på om lag 880 mill. kroner påløpt og bokført i 2022. Den nye ordninga
for utsetjing av skatte- og avgiftskrav som forfall i perioden 1. januar
2022–31. mars 2022, vart anslått å gje eit tap av proveny på om lag
200 mill. kroner påløpt og bokført i 2022. Inkludert utsetjing av
å innføre flypassasjeravgifta att og den nye mellombelse utsetjingsordninga
vert dermed skatte- og avgiftsinntektene reduserte med om lag 900
mill. kroner påløpt og 1 100 mill. kroner bokført i 2022 samanlikna
med saldert budsjett for 2022.
Regjeringa foreslår
òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:
-
Den utsette iverksetjinga
av lovendringa om meirverdiavgiftsplikt for naprapati og osteopati
vert vidareført fram til 1. januar 2023.
-
Innføring av ei eiga
avgiftsgruppe i eingongsavgifta for personbilar som er tilpassa
og nytta til transport av rullestolbrukarar.
Vidare
foreslår regjeringa enkelte endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:
-
Endring i folkeregisterloven
om registrering av fødselsdato for EØS-borgarar.
-
Endring i reglane
i skattebetalingsloven om mellom anna frist ved klage over pålegg
og tvangsmulkt.
-
Fullmakt frå Stortinget
til å innføre tolltiltak mot Russland.
-
Endring i regelverket
for arbeidsavklaringspengar i folketrygdloven.
I tillegg
er følgjande saker omtala:
Det vert
òg vist til følgjande saker som er omtala i kapittel 4 i Meld. St.
2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022:
-
Skattlegging av store
fleirnasjonale konsern – innføring av Inclusive Frameworks to-pilarløysing.
-
Inntekter frå grunnrenteskatt
for vasskraft.
-
Omlegging av støtte
til kjøp av elbilar.
-
Tiltak for auka andel
elbilar i leasing- og varebilmarknaden – oppmodingsvedtak nr. 35
punkt 13 (2021–2022).
-
Vegbruksavgift på
biodrivstoff – oppmodingsvedtak nr. 35 punkt 9 (2021–2022).
-
Overgangsordninga
ved avviklinga av 350-kronersgrensa og innføringa av VOEC-ordninga.
I denne
proposisjonen gjer departementet framlegg om:
-
lov om endring i
folketrygdloven
-
lov om endring i
skatteloven
-
lov om endring i
skattebetalingsloven
-
lov om endring i
skatteforvaltningsloven
-
lov om endring i
folkeregisterloven
-
lov om endring i
lov 21. desember 2020 nr. 168 om endringer i merverdiavgiftsloven
-
lov om endring i
tollavgiftsloven
og
-
vedtak om endring
i stortingsvedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret
2022 (Stortingets skattevedtak)
-
vedtak om endring
i stortingsvedtak om avgifter på motorvogner mv.
-
vedtak om endring
i stortingsvedtak om toll for 2022