2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Even Eriksen, Lubna Boby Jaffery og Birte Usland, frå Høgre, leiaren
Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke,
frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Sara
Bell, frå Raudt, Seher Aydar, og frå Venstre, Grunde Almeland,
viser til at EOS-utvalet er Stortingets kontrollorgan for dei hemmelege tenestene
i Noreg. Føremålet med kontrollen er å sjå til at borgarane sine
rettar ikkje vert krenkte, og at lover og reglar vert følgde. EOS-utvalet
skal sjå til at dei hemmelege tenestene balanserer omsynet til privatlivet
til den einskilde opp mot samfunnet og borgarane sin trong til tryggleik.
Komiteen viser til at EOS-utvalet
kvart år skal senda ei melding til Stortinget om resultatet av denne kontrollen.
I tillegg kan EOS-utvalet senda særskilde meldingar dersom det vert
naudsynt.
Komiteen viser til at EOS-utvalet
i 2021 har gjort eit omfattande arbeid med 18 inspeksjonar, 13 saker
av eige tiltak og har avslutta 26 klagesaker. Komiteen viser til at EOS-utvalet
i samband med Stortinget si handsaming av Innst. 357 L (2019–2020)
har fått ei omfattande ny oppgåve med løpande kontroll av tilrettelagd
innhenting i Etterretningstenesta som krev ein utvida kontrollmetodikk.
Komiteen viser til at det
ved handsaminga av EOS-utvalets årsmelding for 2020 vart presisert
at EOS-lova er klår på at informasjonseigaren styrer graderinga av
informasjonen i EOS-utvalets kontroll, men det er utvalet sjølv
som vurderer om den graderte informasjonen er relevant for Stortingets
kontroll, og formidlar han direkte til Stortinget.
Kontrollen med Politiets tryggingsteneste
(PST)
Komiteen viser til at kontrollen
av PST mellom anna omfattar innhenting og handsaming av personopplysningar,
førebyggjande saker, bruk av skjulte tvangsmiddel og utveksling
av informasjon med innanlandske og utanlandske samarbeidspartnarar.
Komiteen viser til at utvalet
har kritisert PST for at seks personar var registrerte utan at det
var grunnlag for det. Kritikken vart forsterka i ei sak av di registreringa
inneheldt opplysningar om personen si politiske oppfatning.
Komiteen viser til at PST
har sletta fem av registreringane. PST fastheldt at det var grunn
til å registrera den sjette personen, og opplysningane er difor
ikkje sletta. Komiteen viser
til at føremålet med EOS-utvalets kontroll er å førebyggja at nokon
sine rettar vert krenkte, og ber PST om å sletta opplysningane om
den sjette personen, der utvalet har kritisert grunnlaget for registreringa.
Kontrollen med Etterretningstenesta
Komiteen viser til at kontrollen
av Etterretningstenesta mellom anna omfattar bruk av innhentingsmetodar
som kan medføra inngrep overfor den einskilde, tenesta si handsaming
av opplysningar og informasjonsutveksling med innanlandske og utanlandske
samarbeidspartnarar.
Komiteen viser til at utvalet
ikkje har fått lagt fram for seg alle saker og operasjonar som E-tenesta
har lagt fram for Forsvarsdepartementet i perioden 2011–2020. E-tenesta
har beklaga dei manglande framleggingane, som kom av rutinesvikt.
Komiteen viser til at EOS-utvalet
har presisert overfor E-tenesta at dei forventar at tenesta legg
fram alle saker og operasjonar som er lagde fram for Forsvarsdepartementet
for godkjenning, og legg til grunn at departementet følgjer dette
opp.
Kontrollen med Nasjonalt tryggingsorgan
(NSM)
Komiteen viser til at kontrollen
av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) mellom anna omfattar NSMs handsaming
av saker der klarering er nekta, nedsett eller suspendert av klareringsmyndigheita,
direktoratet si handsaming av klager over slike saker, sakshandsamingstid
i klareringssaker og NSMs samarbeid med andre EOS-tenester.
Komiteen deler EOS-utvalets
bekymring om at sakshandsamingstida i klareringssaker hos NSM på
nesten alle område har gått opp i 2021 samanlikna med 2020. Komiteen føreset
at NSM tar grep for å redusera sakshandsamingstida.
Komiteen viser til at EOS-utvalet
har oppmoda Justis- og beredskapsdepartementet om å sikra einsarta lovforståing
og praksis knytt til grunngjevingar som vert gjevne til personar
som får negative klareringsavgjerder.
Komiteen viser til at utvalet
òg har uttalt at departementet bør sjå på ordninga med særskilt
oppnemnd advokat for personar som har fått opplysningar utelate
frå grunngjevinga. Den ordninga har ikkje vorte nytta dei siste
ti åra. Departementet har bede NSM om ei vurdering. Komiteen understrekar
at ordninga er ein viktig rettstryggleiksgaranti for dei som treng
sikkerheitsklarering. Difor er det viktig å finna ut kvifor ho ikkje
vert nytta.
Kontrollen med Forsvarets tryggingsavdeling
(FSA)
Komiteen viser til at kontrollen
av Forsvarets tryggingsavdeling (FSA) mellom anna omfattar FSAs handsaming
av saker der klarering er nekta, nedsett eller suspendert av klareringsmyndigheita,
FSAs sakshandsamingstid i klareringssaker og FSAs verksemd innanfor
operativ tryggingsteneste.
Komiteen viser til at den
gjennomsnittlege sakshandsamingstida hos FSA samla sett har gått
ned frå 2020 til 2021.
Komiteen viser til at som
følge av ei bekymringsmelding og fleire førespurnader om klareringsprosessen
for vernepliktige soldatar har utvalet undersøkt dette temaet.
Sivil klareringsmyndigheit (SKM)
Komiteen viser til at som
følge av ei klage på SKM til utvalet vil Justis- og beredskapsdepartementet
vurdera regelverket for autorisasjon av utanlandske borgarar.
Komiteen støttar utvalet si
oppfordring til departementet om å etablera reglar om grunngjeving,
innsyn og klage i slike saker.
Anna EOS-teneste
Komiteen merkar seg at administrasjonen
og presidentskapet i Stortinget er unnatekne frå EOS-utvalets kontroll
av klareringssaker.