Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, fra Høyre,
Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen, fra Senterpartiet,
Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og lederen Erling Sande, fra
Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, og fra
Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, viser til at Stortinget
tidligere har gitt tilslutning til bompengefinansiering av Nordøyvegen
gjennom behandling av Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet
fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal og Innst. 468 S (2016–2017). Komiteen viser
til at fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune etter en stor
kostnadsøkning i 2018 vedtok nytt finansieringsopplegg for prosjektet.
De økte kostnadene er foreslått finansierte med fylkeskommunale
midler og økt bompengebidrag. Hovedarbeidene på Nordøyvegen startet
tidlig i 2019. Den sørlige delen av prosjektet ble åpnet for trafikk
i desember 2021, og siste del av prosjektet er ventet åpnet for
trafikk sommeren 2022. Komiteen viser
til departementets svarbrev av 9. mai 2022. Brevet følger som vedlegg
til denne innstillingen.
Komiteen viser
for øvrig til behandlingen av Prop. 93 S (2021–2022) Finansiering
av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at statens bidrag
gjennom fergeavløsningsmidlene for dette prosjektet ble beregnet
før Stortinget satte ned fergeprisene i Norge. Reduksjonen av fergeprisene
er finansiert gjennom økte statlige overføringer. Det kan derfor
være hensiktsmessig å gjøre en ny vurdering av hvilken betydning dette
har for beregningen av fergeavløsningsmidlene, og om det kan bidra
til at bompengetakstene kan reduseres tilnærmet det som var utgangspunktet
for behandlingen av finansieringsopplegget for prosjektet i Stortinget
i 2017.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet peiker på at regjeringa har varsla at
ferjeprisane skal kuttast med 100 pst. for øysamfunn med mindre enn
100 000 passasjerar i året, med bakgrunn i at desse øysamfunna har
svært store ulemper med dei høge ferjekostnadane for å kunne ta
del i det meste i samfunnet. Drifta av ferjene er svært dyr, og
kostnadane aukar år for år. Kostnadane knytte til krav om elektrifisering
og miljøtilpassing er døme på det som driv opp ferjetakstane, som
igjen fører til ekstreme kostnadar for øysamfunn langs norskekysten. Desse medlemene meiner
at ved å kutte ferjebilletten 100 pst. for desse øysamfunna tek
staten på seg langsiktige kostnadar, som berre aukar år for år.
Likevel er dette god samfunnsnytte då ferjebilletten i realiteten
berre er bompengar til evig tid.
Desse medlemene peiker på at
den førre regjeringa innførte ferjeavløysingsordninga for å kunne
byggje fastlandsamband til slike øysamfunn. Denne ferjeavløysingsordninga
går ut på å garantere dei årlege statlege løyvingane til eit ferjesamband
i ein periode over 45 år. Desse kostnadane vert indeksregulerte,
og midlane skal nyttast til bygging og finansiering av fastlandssamband.
Denne ordninga er vesentleg billigare for staten enn å dekkje ferjebilletten
til evig tid, ettersom staten dekkjer kostnadane med ferjedrifta,
som er lik ferjeavløysingsordninga, men i tillegg også ferjebillettane
og dermed driftskostnadane til ferjeselskapa.
Desse medlemene peiker på at
Nordøyvegen er det einaste ferjeavløysingsprosjektet som vert opna midt
under innføringa av 100 pst. dekking av ferjebilletten til andre
liknande øysamfunn. Nordøyvegen er bygd av Møre og Romsdal fylkeskommune
og går til øysamfunna Nordøyane i nye Ålesund kommune. Prosjektet har
lagt inn bompengar som er rekna til 600 mill. kroner, som i utgangspunktet
skulle vekte ferjebilletten. Eit samla øysamfunn, inkludert næringslivet,
har skrive under på at dei ynskjer å betale ferjebilletten i form
av bompengar inntil 20 år. Bompengebeløpet har av fleirtalet i fylkeskommunen
vorte auka ut over dette, som dermed ikkje er i tråd med «kontrakten»
med befolkninga og næringslivet. No søkjer Møre og Romsdal fylkeskommune
rettvist at bompengane vert kutta minst lik ferjebilletten i dette
prosjektet, slik som det no vert gjort for andre øysamfunn i landet.
Desse medlemene meiner at det
at regjeringa har avslått søknaden frå Møre og Romsdal fylkeskommune,
er heilt uforståeleg for dei fleste. Kvifor dette øysamfunnet skal
straffast med bakgrunn i at dei faktisk gjer samfunnet betre, er
ikkje lett å forstå. Heile idéen bak ferjeavløysingsordninga er
at staten bidreg med det den skulle bruke på ferjedrifta til det
nye vegsambandet. For Nordøyvegen sin del er dette sett til 60,5
mill. kroner i inntil 42 år. Denne summen vert rekna frå ferjetakstane 2020.
Etter dette er takstane sette ned 30 pst., der staten også tek heile
prisavslaget for alle andre ferjesamband. I dag er det to ferjesamband
til Nordøyane. Med gratis ferjer ville staten sine utgifter til
ferjedrifta ha stige kraftig.
Desse medlemene peiker på at
når vegen vert opna, vert staten sin gevinst ved å leggje ned ferjene langt
høgare enn 60 mill. kroner årleg. På leiarplass 12. april 2022 har
Sunnmørsposten ein treffande metafor som viser kor absurd og urettvis
denne saka er:
«Om dette var kjøp
av ei vaskemaskin dagen før den kom på sal, kunne ein kalle det
uflaks. Dette er ikkje uflaks. Her kunne ‘seljaren’ ha justert ‘prisen’
i etterkant. Utbetalingane har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna.»
Desse medlemene meiner dette
er politisk uvilje. Her kunne regjeringa sørga for at staten justerte
utbetalinga, for den har ikkje starta og sambandet er ikkje opna.
Nordøyvegen er det einaste sambandet som står i denne skvisen. Øysamfunn
som kjem etter dette, vil få ei betre finansiering og lågare bompengekostnadar.
Likebehandling ville vore både rettvist og logisk. Rettvist fordi
det er kystsamfunn som står i akkurat same situasjonen og har dei
same utfordringane. Logisk fordi staten sine reelle kostnadar med
ferjedrifta som vert lagde til grunn i ferjeavløysingsordninga,
ikkje er teoretiske tal. Vi snakkar ikkje her om eit lotteri der
nokon skal ha trøystepremie og andre tar toppgevinsten. Dette er
bruk av skattepengar for å fjerne konkurranseulemper som bremsar
utviklinga i kystsamfunn.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti vil peke på at dette er en meget
spesiell sak der et øysamfunn faller mellom to stoler på grunn av
en ren tilfeldighet. Staten risikerer altså ikke en mengde andre
slike saker, men en risikerer at kostnadene for storsamfunnet kan
øke på grunn av at unge familier velger å bosette seg et annet sted
om en ikke får gjort noe med takstene direkte eller indirekte. Hadde
det ikke vært for at fylkeskommunen allerede har bygget veien, skulle
øyene hatt gratis eller halvert ferjetakst etter vedtatt politikk
– noe som hadde gitt større kostnader enn det å øke ferjeavløsningspengene
noe for å imøtekomme den vanskelige situasjonen.