Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Tom Kalsås, Stein Erik Lauvås, Tobias Hangaard Linge, Linda Monsen Merkesdal
og lederen Marianne Sivertsen Næss, fra Høyre, Nikolai Astrup, Bård Ludvig
Thorheim, Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde, fra Senterpartiet,
Siv Mossleth, Ole André Myhrvold og Gro-Anita Mykjåland, fra Fremskrittspartiet,
Terje Halleland og Marius Arion Nilsen, fra Sosialistisk Venstreparti,
Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad, fra Rødt, Sofie Marhaug,
fra Venstre, Ola Elvestuen, fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm,
og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til
Representantforslag 145 S (2021–2022) om å stanse gruvedumping i
sjø. Komiteen viser
til klima- og miljøministerens svarbrev av 24. mars 2022 med merknader
til de enkelte forslagene i representantforslaget.
Komiteen viser til at Klima-
og miljødepartementet den 5. juni 2015 ga Nordic Mining ASA (nå
Nordic Rutile AS) tillatelse etter forurensningsloven til gruvedrift
i Engebøfjellet med etablering av sjødeponi i Førdefjorden. Etter
klage ble tillatelsen opprettholdt av Kongen i statsråd 19. februar
2016. Sunnfjord kommune godkjente i februar 2022 byggetillatelse
for infrastrukturgrunnarbeid ved rutil- og granatprosjektet på Engebø.
Med byggetillatelsen, i tillegg til den allerede gitte rivningstillatelsen
for eksisterende bygg og enigheten med kommunale veimyndigheter,
har Nordic Rutile AS det formelle på plass for å sette i gang byggearbeidene
på Engebø. Selskapet har også fått driftstillatelse fra Direktoratet
for mineralutvinning, men i 2020 ble driftstillatelsen påklaget
av blant andre Naturvernforbundet. Direktoratet opprettholdt sitt
vedtak. Deretter gikk klagesaken videre til Nærings- og fiskeridepartementet, som
i mai 2022 besluttet å opprettholde tildelingen av driftskonsesjon
til Nordic Rutile AS. Samtidig skjerpet departementet miljøkravene
i driftskonsesjonen og ber bransjen forberede seg på nye tiltak
for en mer bærekraftig mineralnæring.
Komiteen viser videre til at
Miljødirektoratet den 15. januar 2015 ga Nussir ASA tillatelse etter
forurensningsloven til gruvedrift i forekomstene Nussir og Ulveryggen
med etablering av sjødeponi i Repparfjorden. Vedtaket ble etter
klagebehandling opprettholdt av Klima- og miljødepartementet den
19. desember 2016. I juli i fjor ga Hammerfest kommune gruvebedriften
Nussir tillatelse til å starte anleggsarbeid for å gjøre klar til gruvedrift
etter kobber. I mars 2022 opphevet Statsforvalteren i Troms og Finnmark
tillatelsen, og kommunen må nå behandle saken en gang til.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei
Grøne og Kristeleg Folkeparti vil peike på FNs naturpanel
sin rapport frå 2019, som slår fast at 50 pst. av verda sine økosystem
har blitt øydelagde dei siste 50 åra, og dei fem viktigaste grunnane
til dette er alle menneskeskapte. Naturtapet skjer med andre ord
i eit forrykande tempo, og det er difor heilt nødvendig å ta meir
omsyn til natur både over og under vatn. Dette vert ytterlegare
understreka i den siste rapporten frå FNs klimapanel, som seier
at 30–50 pst. av jordas land-, vatn- og havområde bør bli verna
for å motverke dei verste konsekvensane av klima- og naturkrisa.
Desse medlemene legg til grunn
at både Førdefjorden og Repparfjorden er verna som nasjonale laksefjordar,
og at Førdefjorden har heile fire lakseførande vassdrag som munnar
ut i fjorden. Førdefjorden er ein av dei reinaste fjordane vi har
i landet, fordi han ikkje har vore utsett for historiske utslepp
frå så mykje tungindustri som fleire andre fjordar. Dette gjer fjorden ekstra
verdfull som biotop. Sidan Nordic Mining fekk løyve til sjødeponi,
har atlantisk anadrom laks kome på lista over utrydningstrua artar,
og det gjer det enno meir nødvendig å stanse fjorddeponi i nasjonale
laksefjordar. På grunn av det rike livet i fjorden fremja Fiskeridirektoratet
motsegn i saka allereie i 2010, fordi dei frykta vesentleg negativ
effekt for kysttorsk, ål, pigghå og blålange og at ein mangla kunnskap
om korleis deponiet ville påverke vandringsmønster og dermed bestandane som
brukar fjorden. På Havforskingsinstituttet sine heimesider er det
opplyst at
«… blålange har stått
på den norske lista som trua (EN endangered) sidan 2006 og i 2009
vart det innført forbod mot direkte fiske og ein bifangst på 10%
innblanding av blålange. Det er ikkje kjent om dei norske fjordane
har eigne bestander med lokale gyteområder. Til forskjell frå lange
og brosme opptrer blålange spesielt konsentrert i gyteperioden.»
Om ål står det:
«Ål er en katadrom
fisk, dvs. at den gyter i havet (Sargassohavet) men tilbringer vekstfasen
i ferskvann,…..men tendensen til å oppholde seg i brakkvann og saltvann
øker med breddegraden. I følge det internasjonale havforskningsrådet
ICES er ålebestanden på et historisk og kritisk lavt nivå over hele
utbredelsesområdet, og den negative utviklingen vedvarer. Rekrutteringen
til bestanden har vist en betydelig nedgang de siste 25 årene. Dette
indikerer at at reproduksjonen er vesentlig svekket og at gytebestandene
er kraftig redusert.»
Kysttorsk syner seg
å ha lokale genetiske varianter:
«Dette innebærer
at bestandsutviklingen i stor grad påvirkes av lokale forhold, og
dette bør det tas hensyn til i forvaltningen av kysttorsken og ved
utarbeiding av lokale og regionale planer for kystbruken.»
Desse medlemene vil peike på
at det i Noreg har vore forska mykje på fiskeartar som er kommersielt utnytta
i norske havområde, medan kartlegging av sjøbotn og livet i dei
kystnære områda og fjordane, og korleis dette økosystemet fungerer,
frå den minste organismen på botnen, opp gjennom vassøyla og mellom
område, ikkje er skikkeleg kartlagt og forstått. I dokumentet «Tilleggsundersøkelser
i Førdefjorden» frå Miljødirektoratet datert 4. november 2014 vert
det referert til at HI antek at torsken i Førdefjorden er ei eiga
genetisk torskestamme, og det vert sterkt frårådd å øydelegge gyteområde
i fjorden.
Desse medlemene legg til grunn
det MD skriv i dokumentet frå 2014, at Førdefjorden er det første
kjente gyteområdet for blålange som er kartlagt i norske fjordar.
Både torsk og langelarver vandrar opp frå djupet til grunnare vatn
tidleg i oppvekststadiet, og desse artane, og mykje anna liv, er
sårbare, særleg tidleg i livsstadia, og difor er det særleg viktig
å unngå industriaktivitet nær og i gyteområde. Desse medlemene forstår ikkje
korleis det er mogleg å tenkje at det er i tråd med norske ambisjonar
for havforvaltning å gi løyve til eit enormt deponi i eit kjent
gyteområde for utrydningstruga blålange og kysttorsk i sterk tilbakegang. Sjølv
om det er anført at partiklane i vatnet ikkje vil spreie seg over
heile fjorden, så er det slik at yngel og fisk sym over alt. Med
det som no er kjend kunnskap om livet i Førdefjorden, meiner desse medlemene difor at
det kan stillast spørsmål ved dei vurderingane som er gjorde for
risikoen for økosystemet i fjorden.
Desse medlemene meiner det
er på tide at Noreg, som eit av dei siste landa i verda som framleis
tillet gruvedumping i sjø, innfører forbod mot sjødeponi av gruveavfall.
Skal Noreg ha truverd som leiar og initiativtakar til høgpanelet
for berekraftig havforvaltning, må det bli slutt på å tillate sjødeponi.
Havpanelet sin hovudrapport med mål om sunne, produktive hav er
ikkje foreinleg med å gi løyve til sjødeponi i eige land. No er det
berre Papua ny Guinea og Tyrkia i tillegg til Noreg som godkjenner
slik avfallshandtering, etter at Chile innførte forbod mot sjødeponi
i 2021.
Desse medlemene legg til grunn
at det er gitt løyve til å deponere heile 300–500 millionar tonn
gruveavfall i Førdefjorden i den tida driftskonsesjonen varer. Det
vil seie at kvart år kan ufattelege fire millionar tonn med avgangsmassar
bli dumpa i den produktive fjorden. Då hjelper det lite for det
biologiske mangfaldet og livet i fjorden at det vert rapportert
etter alle krav, for resultatet er det same. I 2021 fekk selskapet
som har søkt om sjødeponi, løyve til å sleppe ut stoffet SIBX, som
er svært giftig for organismar som lever i vatn, og det er lite kunnskap
om korleis dette stoffet vert brote ned etter at det er kome i fjorden.
Desse medlemene vil peike på
at det ikkje er snakk om å stoppe sjølve gruvedrifta, men sjødeponiet. I
Førdefjorden er det utarbeidd alternative planar for mineralutvinning
der ein unngår både sjødeponi, dagbrot og i tillegg har betre utnytting
av restmassane. Dette er ny kunnskap som burde brukast til å vurdere
bruk av sjødeponi på nytt.
Desse medlemene vil peike på
at etter EU sitt vassdirektiv, som gjennom EØS-avtalen vert gjort
til norsk rett, så er det ulovleg med sjødeponi av gruveavfall dersom
det finst alternativ. Selskapet Arctic Mineral Resource har opplyst
at det kan drifte mineralutvinninga i Engebøfjellet utan sjødeponi
og dagbrot. Det betyr at det er mogleg å spare både landskapet og
fjorden frå enorme inngrep, samtidig som minerala vert utvunne, om
enn i eit lågare tempo og til en litt høgare pris. På denne bakgrunnen
og med den risikoen det vil vere å deponere 6–10 millionar tonn
over 50 år i Førdefjorden, meiner desse medlemene at staten bør
vurdere løyva i denne saka på nytt.
Desse medlemene fremmer følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa trekke tilbake løyver til gruvedrift med sjødeponi
planlagt i Repparfjorden (Nussir ASA) og Førdefjorden (Nordic Mining
AS).»
«Stortinget
ber regjeringa om ikkje å stadfeste driftskonsesjonen gitt av Direktoratet
for mineralforvaltning til Nordic Mining for utvinning i Engebøfjellet.»
«Stortinget
ber regjeringa legge til grunn at det ikkje skal givast konsesjon
til mineralutvinning i Engebøfjellet utan at det vert stilt krav
om nullutslepp for avfall, strenge krav om tilbakeføring av massar,
krav om handtering av avfall utan eit ope landdeponi, og at det
ikkje skal givast løyve til sjødeponi.»
«Stortinget
ber regjeringa greie ut og kome tilbake til Stortinget med eit framlegg
om ei deponiavgift for uutnytta overskottsmasse ved mineralutvinning.»
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at alle industrielle
verdikjeder trenger mineraler, og at etterspørselen etter mineraler
vil øke betydelig i årene fremover. Overgangen til fornybare energikilder
vil kreve en rekke kritiske mineralressurser, til alt fra mobilteknologi
til grønn transport og energitransformasjon. Europa utvinner omtrent
3 pst. av verdens mineraler og forbruker 20 pst. Norge er rikt på
mineraler og har stort potensial for å redusere Europas sårbarhet
i verdikjeder som innebærer mineraler, og samtidig skape arbeidsplasser
og verdier nasjonalt. I tillegg til å bidra til det grønne skiftet
har norsk mineralnæring kommet langt i elektrifisering av prosessene
og nærmer seg dermed karbonnøytralitet i utvinning av mineraler. Disse medlemmer viser
til at all gruvedrift medfører inngrep i naturen gjennom utgraving
av verdifulle mineraler og deponering av avgangsmasser som i hovedsak
består av nedmalt stein, og at forurensningsmyndighetene har ansvar
for å foreta en helhetlig vurdering av hvilke forurensninger som
likevel bør tillates.
Disse medlemmer er enig med
forslagsstillerne i at det er viktig med tilbakefylling og alternativ
bruk av massene til andre formål for å redusere de miljømessige ulempene,
og at det skal stilles krav om dette. Disse medlemmer viser til at
det i sakene om etablering av sjødeponi i Repparfjorden og i Førdefjorden
er stilt krav om at bedriftene skal redusere mengden avfall som
deponeres, og kontinuerlig vurdere og undersøke mulighetene for
tilbakefylling og alternativ bruk av massene. Disse medlemmer vil videre
understreke at det er lagt et omfattende kunnskapsgrunnlag til grunn
for vurderingene i de aktuelle sakene. Det har i de to aktuelle sakene
vært vurdert om det er alternativer til sjødeponering av avgangsmasser,
men ingen av alternativene ble etter en helhetlig vurdering ansett
å være miljømessig bedre enn deponering i sjø. Disse medlemmer vil presisere
at det er stilt strenge krav til overvåkning, og at driften skal
bli nøye vurdert av Miljødirektoratet.
Disse medlemmer viser til at
Miljødirektoratet har myndighet etter forurensningsloven til å omgjøre eller
endre tillatelser på visse vilkår. Disse medlemmer merker seg
at statsråden i sitt brev til komiteen mener det per nå ikke er
grunnlag for å trekke tilbake tillatelsene gitt til Nordic Rutile
AS og Nussir AS, slik det er foreslått i punkt 1 i representantforslaget. Disse medlemmer legger
til grunn at Miljødirektoratet følger driften nøye, og at de vil
justere vilkårene i tillatelsen dersom det er grunnlag for det.
Disse medlemmer mener det må
være et mål på sikt at tilnærmet all masse fra mineralvirksomhet gjenbrukes,
men at det i dag ikke er realistisk å se for seg en mineralvirksomhet
uten noe behov for deponi, og da er det viktig å velge den deponeringsløsningen
som er det mest forsvarlige og miljøvennlige alternativet i hver enkelt
sak. Dette avhenger av en konkret vurdering av blant annet bergart,
driftsform, egenskaper ved massene, arealbeslag og hvilke avbøtende
tiltak som kan gjennomføres. Det må foretas en grundig og faktabasert
vurdering av hvilke konsekvenser virksomheten vil ha for miljøet
og for annen næringsvirksomhet. Disse medlemmer viser til at
det på generelt grunnlag er vanskelig å fastslå hvilken løsning
som gir minst miljøulemper. Deponering på land kan eksempelvis ha
utfordringer med avrenning av tungmetaller og partikkelspreding
til luft. Det er derfor viktig at det foretas en konkret vurdering,
og at miljømyndighetene ikke utelukkes fra å vurdere sjødeponi som
en mulig løsning.
Disse medlemmer er opptatt
av en god og forutsigbar næringspolitikk som sikrer verdiskaping,
vekst og arbeidsplasser. Dette avhenger blant annet av at offentlig
forvaltning foretar faglig baserte vurderinger i behandlingen av
driftskonsesjonssaker, og at næringslivet har en forutsigbarhet
i hvordan sakene behandles. Disse medlemmer merker seg
at Nordic Rutile AS i juni 2020 fikk tildelt en driftskonsesjon
som er påklaget og under behandling i Nærings- og fiskeridepartementet. Disse medlemmer mener
det er viktig å følge ordinær forvaltningspraksis, og at det vil
være uklokt av Stortinget å instruere regjeringen mens klagen er
under behandling.
Komiteens medlemmer
fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
og Kristelig Folkeparti noterer at EØS-avtalens overvåkningsorgan
ESA i brev til Klima- og miljødepartementet den 8. oktober 2021
konkluderte med at Norges regelverk for gruvetillatelser ikke er
i tråd med EUs mineralavfallsdirektiv, som har vært gjeldende i
norsk lov siden 2012. ESA påpeker blant annet at gruveselskapene
Nordic Mining og Nussir ikke leverte en avfallshåndteringsplan før
de fikk innvilget utslippstillatelser i hhv. 2015 og 2016, og at
slike planer heller ikke er utarbeidet som del av de påfølgende driftskonsesjonene.
Per 4. mai 2022 er disse planene fortsatt ikke levert. Formålet
med en avfallshåndteringsplan slik det er beskrevet i mineralavfallsdirektivet,
er å forhindre eller redusere avfallsproduksjon allerede i designfasen
av et gruveprosjekt (MWD § 5.2).
Disse medlemmer understreker
at den norske prosessen med å først kreve en slik plan ved ibruktagelse
av sjødeponiet er direkte motstridende til direktivets intensjon
om å stimulere til økt ressursutnyttelse. Disse medlemmer viser til at
ESA videre anfører i sin vurdering at den norske prosessen med en
fragmentert og administrativ (i kontrast til lovbasert) behandling
av kravet om avfallshåndteringsplaner i forbindelse med Førdefjord-
og Repparfjordprosjektene ikke er tilstrekkelig til å sikre oppfyllelse
av mineralavfallsdirektivet § 5.2. Disse medlemmer påpeker at
det i de to prosjektene derfor ikke har vært vurdert tiltak for
avfallsminimering som en integrert del av planprosessen, slik mineralavfallsdirektivet
krever.
Disse medlemmer mener det er
viktig at norsk lovverk og tillatelser gitt i medhold av dette som
minimum er i tråd med gjeldende EU-regelverk vi er bundet av, særlig
på miljøområdet.
Disse medlemmer bemerker at
Klima- og miljødepartementet har svart ESA at norske myndigheter vil
endre norsk lovgivning på dette området, etter påpekningen om manglende
samsvar. Dette innebærer at det er berettiget tvil om hvorvidt driftstillatelsene
som er gitt, er gitt på lovlig grunnlag.
Disse medlemmer mener at denne
situasjonen styrker det juridiske grunnlaget for en ny politisk
vurdering for å omgjøre de gitte driftskonsesjonene. Dette gir grunnlag
for helt nye politiske vedtak, og disse medlemmer mener regjeringen
må gjøre dette.
Disse medlemmer registrerer
at ESA også er i gang med en separat undersøkelse av i hvilken grad Norges
tillatelser til sjødeponi er i tråd med vannrammedirektivet. Også
denne prosessen kan medføre behov for endring av norsk regelverk,
basert på avtaler som allerede er inngått. Disse medlemmer mener regjeringen
må sikre at alle tillatelser gitt etter norsk lov også tilfredsstiller
kravene stilt i EU-direktiver vi har antatt.
Komiteens medlemmer
fra Venstre og Kristelig Folkeparti viser til Jeløya-plattformen
og Granavolden-plattformen, der regjeringen Solberg gikk inn for
en utredning av konsekvensene av et forbud mot nye sjødeponi. Det
ble også fastslått i regjeringsplattformene at det ikke skulle gis
nye utslippstillatelser til sjødeponi for gruveavfall.