Bakgrunn
– frå fase 1 til fase 2
Bypakke Bodø vart
handsama av Stortinget i 2014, jf. Prop. 131 S (2013–2014) Utbygging
og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke
Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv. 80 Løding–Vikan (Tverlandsbrua)
og Innst. 27 S (2014–2015). Føremålet med Bypakke Bodø er å byggje
ein ny og trafikksikker innfartsveg til Bodø og samtidig leggje
til rette for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport.
Utbygginga av bypakka har vore i gang sidan april 2015 og skal etter
planen vere ferdigstilt i 2027. Bompengeinnkrevjinga starta opp
15. oktober 2015.
Det er lagt opp til
porteføljestyring av Bypakke Bodø med unntak av prosjektet rv. 80
Hunstadmoen–Thallekrysset. Utbygginga er i utgangspunktet tilpassa den
økonomiske ramma i Prop. 131 S (2013–2014) på om lag 3 430 mill.
kroner, rekna om til 2022-prisnivå.
Enkelte prosjekt
og tiltak i Bypakke Bodø er meir omfattande og kostnadskrevjande
enn tidlegare anslått. Bompengeinntektene i bypakka har i tillegg
vore lågare enn det som var lagt til grunn i Prop. 131 S (2013–2014). For
at flest mogleg av dei opphavlege prosjekta skal kunne gjennomførast,
har Bodø kommune og Nordland fylkeskommune fatta vedtak om å revidere
finansieringsopplegget for Bypakke Bodø. Det er lokalpolitisk semje om
å auke bomtakstane og forlenge innkrevjingsperioden med fem år,
frå 15 til 20 år totalt. Det reviderte finansieringsopplegget vil
òg bidra til å realisere fleire tiltak for gåande og syklande, trafikktryggleik,
kollektivtrafikk og miljø.
Fase 2 av Bypakke
Bodø har ei økonomisk ramme på om lag 1 100 mill. 2022-kroner. Finansieringa
av fase 2 er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar. I tillegg
kjem all meirverdiavgift som staten refunderer til Bodø kommune
og Nordland fylkeskommune for prosjekt og tiltak i bypakka.
Bompengeordninga
i fase 2 er basert på innkrevjingsordninga frå fase 1 av Bypakke
Bodø. Det er føresett at innkrevjinga skal skje i dei eksisterande
bomstasjonane i Bodø. Det er ikkje lagt opp til etablering av nye bomstasjonar.
Takst- og rabattsystemet er i all hovudsak tilsvarande som i fase
1. Gjennomsnittstaksten for passeringar blir auka med om lag tre
kroner.
Ved overgang frå
fase 1 til fase 2 av Bypakke Bodø blir det lagt det til grunn at
eventuelle ubrukte midlar frå fase 1 av bypakka skal disponerast
i fase 2 og kjem i tillegg til rammene for fase 2. Forpliktingar
knytte til fase 1 skal følgjast opp i fase 2.