Forslag fra Høyre, Fremskrittspartiet
og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
følgje opp arbeidet som vert utført av Statens vegvesen i samband
med skredfaktormodellen, og at alle relevante prosjekt vert vurderte basert
på to sikringsnivå med tilhøyrande tiltak og kostnadsanalysar. Vidare
ber Stortinget regjeringa syte for at fylkeskommunane vert godt
involverte i arbeidet.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
utarbeide eit innovasjonsprogram for skredsikring. Programmet bør
støtte alternative løysingar og nivå innan skredsikring, på både
fylkes- og riksvegar, og femne om alt frå enkel skredovervaking
til tunge infrastrukturtiltak.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er optimale
med tanke på tidleg involvering, og opne nok slik at ein kan ta
i bruk innovative løysingar. Det bør i denne samanhengen vurderast
om det kan vera formålstenleg med auka bruk av insentivordningar
som del av driftskontraktane.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringen
opprette en insentivordning for utredning, installering og drift
av forebyggende skredkontrollanlegg og varslingssystemer.