I dokumentet fremmes
følgende forslag:
-
«1. Stortinget ber
regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd ein nasjonal
skredsikringsplan og kome attende til Stortinget med ein handlingsplan
for korleis planen skal gjennomførast. Planen må ha ei vurdering
av sikringsnivå.
-
2. Stortinget ber
regjeringa vurdere om skredfaktorkriteria som vert lagde til grunn
for sikringsnivå, tiltak og prioritering, bør reviderast.
-
3. Stortinget ber
regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram som legg til rette for
fleire alternative løysingar og nivå innan skredsikring. Dette skal
femne om alt frå enkel skredovervaking til tunge infrastrukturtiltak.
-
4. Stortinget ber
regjeringa vurdere korleis ein ved hjelp av insentivordningar kan
syte for at eit godt nok prinsipp blir lagt til grunn, slik at midlane
ein nyttar til rassikring, kan rekke til å sikre mest mogleg av
infrastrukturen i landet.
-
5. Stortinget ber
regjeringa vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald
er gode nok når det gjeld å ta i bruk innovative løysningar som
del av sikringa.»
Det vises
til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.