Søk

Innhold

7. Oppfølging av oppmodingsvedtak

7.1 Om oppmodingsvedtak

Komiteen peikar på at oppfølging av regjeringa si handsaming av oppmodingsvedtaka er ein viktig del av Stortinget sin kontroll med regjeringa sitt arbeid. Komiteen syner til Meld. St. 4 (2021–2022) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021, som kontroll- og konstitusjonskomiteen handsamar. Komiteen syner til regjeringa si rapportering på ulike oppmodingsvedtak i budsjettproposisjonen. Komiteen tar i denne innstillinga ikkje stilling til realitetane i dei enkelte forslaga eller regjeringa Solberg sin konklusjon om vidare rapportering eller ikkje. Det vil bli gjort ved handsaming av Meld. St. 4 (2021–2022). Komiteen har motteke brev frå kontroll- og konstitusjonskomiteen med spørsmål om komiteen har merknader til dei oppmodingsvedtaka som sorterer under transport- og kommunikasjonskomiteen sitt område. Dei oppmodingsvedtaka komiteen har merknader til, vil bli omtalt i svarbrev til kontroll- og konstitusjonskomiteen.