1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar.

  1. Lønsregulering frå 1. mai 2021 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m.

  2. Endringar i statsbudsjettet for 2021.

1.2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2021 m.m.

1.2.1 Lønsforhandlingane m.m. per 1. mai 2021

Forhandlingane

Hovudtariffavtalen i staten for perioden 16. september 2020–30. april 2022 mellom staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane LO Stat, Unio og YS Stat, og hovudtariffavtalen i staten for perioden 16. september 2020–30. april 2022 mellom staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutninga Akademikerne, har ei reguleringsføresegn for andre avtaleår. Stortinget gav sitt samtykke ved behandlinga av Innst. 81 S (2020–2021), jf. Prop. 26 S (2020–2021).

Forhandlingane blei innleia 26. april 2021. Forhandlingane med LO Stat, Unio og YS Stat heldt fram til 29. april, då desse kravde forhandlingane avslutta, og med Akademikerne til 30. april då Akademikerne kravde forhandlingane avslutta.

Riksmeklaren blei varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane. Meklinga blei opna i møte hos Riksmeklaren 5. mai. Akademikerne og Unio kravde meklinga avslutta 18. mai, LO Stat 19. mai og YS Stat 21. mai.

Meklinga heldt fram til 27. mai der Riksmeklaren la fram forslag til endringar i hovudtariffavtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og endringar i hovudtariffavtalen mellom staten og Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same dag aksepterte av staten og hovudsamanslutningane.

Riksmeklaren sitt forslag er teke inn i møtebøkene av 27. mai 2021.

Den økonomiske ramma

Både avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne har ei ramme som inneber ein årslønsauke på oppgjeret med 2,7 pst. for andre avtaleår. Den avtalte økonomiske ramma er i tråd med frontfagramma. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2021 er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2021 rekna ut til 2 726 mill. kroner.

Forhandlingsstadar

Med heimel i hovudtariffavtalane avgjer staten, etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadane for tariffperioden 2020–2022 er drøfta og fastsette med verknad frå 1. mai 2021. Forhandlingsstadane er dei same i begge avtalane.

1.2.2 Nærare om avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat, Unio og YS Stat

Med verknad frå 1. juli 2021 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 1,8 pst. per dato av lønsmassen.

Med verknad frå 1. mai 2021 er det gjeve eit tillegg på 0,90 pst. saman med eit tillegg på kr 1 500 på alle lønstrinn i hovudlønstabellen. I tillegg er det gjeve eit tillegg på kr 4 000 frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 50. Frå og med lønstrinn 51 til og med lønstrinn 69 blir tillegget på kr 4 000 redusert med kr 200 per lønstrinn, slik at tillegget som blir gjeve i lønstrinn 51 er kr 3 800 og kr 200 i lønstrinn 69. Utforminga av tillegga på tabellen sikrar ein låg- og likelønsprofil.

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne

I avtalen med Akademikerne er heile den økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. mai 2021 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 3,35 pst. per dato av lønsmassen.

1.2.3 Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet går ut frå at lønsreguleringa frå 1. mai 2021 m.m. blir gjort gjeldande for alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

I 2020 inngjekk staten to tariffavtalar med ulik ordlyd. Staten må ta stilling til kva for hovudtariffavtale som skal praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett. Fram til no har avtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat blitt praktisert overfor uorganiserte arbeidstakarar. Fleire verksemder i staten seier dei ikkje er nøgde med denne ordninga. Akademikerne ynskjer også at ordninga skal vurderast på ny. I Prop. 26 S (2020–2021) blei det sagt at Kommunal- og moderniseringsdepartementet ville sjå på ordninga med dei uorganiserte fram mot mellomoppgjeret for i år, i nær dialog med hovudsamanslutningane. Det har ikkje vore mogeleg å få til ein dialog om dette spørsmålet med alle hovudsamanslutningane sidan førre hovudoppgjer i september. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ta nye initiativ overfor hovudsamanslutningane for ein dialog om dette fram mot hovudoppgjeret i 2022 slik at eventuelle endringar kan gjerast då.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår derfor at avtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat òg i 2021 blir praktisert overfor arbeidstakarar som ikkje er medlemer av organisasjonar med forhandlingsrett, og som derfor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngåtte. Dette er i samsvar med det samtykket Stortinget har gjeve dei siste åra, jf. mellom anna Innst. 81 S (2020–2021).

Uorganiserte skal med bakgrunn i dei einskilde verksemdene sin lønspolitikk, sikrast lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgivar sitt ansvar å ivareta dette.

Embetsmenn og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.

1.3 Endringar på statsbudsjettet for 2021

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 1 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2021 er for perioden 1. mai–31. desember 2021 rekna ut til 2 726 mill. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som får løna si fastsett etter hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og forvaltingsbedrifter blir dekte innanfor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekkje meirutgiftene av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 2 045 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Departementet foreslår i proposisjonen at tilskotet blir auka med 4,8 mill. kroner.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 1 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2021 til hausten.