Sammendrag
Departementet gjer
framlegg om at informasjonselementet «kontaktopplysningar
for dødsbu» i folkeregisterloven § 3-1 fyrste ledd bokstav f, ikkje
skal vere underlagt teieplikt i Folkeregisteret.
Utgangspunktet i
folkeregisterloven er at opplysningar i Folkeregisteret er underlagde
teieplikt, og at dei opplysningane som ikkje er underlagde teieplikt
vert lista opp i lova, jf. folkeregisterloven § 9-1. Kontaktopplysningar
for dødsbu er underlagde teieplikt. Folkeregisteret kan berre gje
ut opplysningar som er underlagde teieplikt til offentlege styresmakter
og verksemder, og til private verksemder som har heimel i lov til
å hente ut opplysningar frå Folkeregisteret utan at teieplikta hindrar
dette, jf. folkeregisterloven § 10-2.
Informasjonen som
vert registrert i Folkeregisteret som kontaktopplysningar for dødsbu
gjeld den personen eller den organisasjonen som har motteke den
originale skifteattesten frå domstolen. Der ein har fødselsnummer
eller d-nummer, vert dette registrert, elles vert fødselsdato og
namn registrerte. Adressa til vedkomande vert henta frå Folkeregisteret.
Dersom vedkomande ikkje har fødsels- eller d-nummer, er det adressa
opplyst frå tingretten som vert registrert. For organisasjonar er det
organisasjonsnamn og organisasjonsnummer, og den adressa som er
oppgjeven, som vert registrert.
Den informasjonen
som vert registrert som kontaktopplysningar for dødsbu
i Folkeregisteret er ikkje underlagd teieplikt i domstolane. Domstolane
vil ved førespurnad gje informasjon om namn og adresse på den som
har motteke skifteattesten. Dersom vedkomande kontaktar Folkeregisteret
i staden, vil han eller ho ikkje få tilgang til denne informasjonen
med mindre vedkomande har heimel i lov til å få informasjonen utdelt.
Departementet ser det som uheldig at tilgangen til denne informasjon
skal vere avhengig av kva offentleg instans som vert kontakta. Omsynet
til harmonisering av lovverket taler for at kontaktopplysningar
for dødsbu ikkje skal vere underlagde teieplikt i Folkeregisteret.
Reglane om teieplikt
i folkeregisterloven er viktige av omsynet til personvernet. Det
er naudsynt med klåre reglar om kva informasjon som er underlagd
teieplikt og kva informasjon som ikkje er det. Reglane om utlevering
av informasjon frå Folkeregisteret korresponderer med reglane om
teieplikt, slik at ikkje teieplikta vert uthola av reglar om innsyn
og utlevering av informasjon. Etter eit dødsfall vil det vere behov
for å klårgjere kva som skal skje med aktiva og passiva etter den
avlidne, inkludert til dømes forsikringsytingar som fyrst kan realiserast
etter dødsfallet. Det er ingen eigne reglar for ein kreditors rett
til innsyn i skiftesaker. Ved at kontaktinformasjonen er eit informasjonselement
i Folkeregisteret, er det lagt til rette for ei automatisk behandling
og utlevering av informasjonen, medan dette er gjenstand for manuell
behandling i domstolane.
Departementet kan
ikkje sjå at det ligg føre tungtvegande argument for at kontaktopplysningar
for dødsbu skal vere underlagde teieplikt i Folkeregisteret. Framlegget
har vore på høyring, og ingen høyringsinstansar hadde innvendingar.
Informasjon om mottakar av skifteattest er fritt tilgjengeleg frå
domstolane, og det bør vere samsvarande tilgang til informasjonen
dersom ein kontaktar Folkeregisteret i staden.
Framlegget vil ha
avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar. Departementet
syner til framlegg om endring i folkeregisterloven § 9-1 andre ledd. Departementet
foreslår at endringa tek til å gjelde straks.