1.10 Tydeleg forvaltning og treffsikre verkemiddel
Eit grunnleggjande
prinsipp i norsk kulturpolitikk er at kulturinstitusjonane skal
ha ei sjølvstendig stilling i relasjon til politiske styresmakter.
Musea er fagleg autonome institusjonar. Museumspolitikken skal leggja til
rette for at sektoren kan utvikla seg på ein god måte, men ikkje
leggja føringar som grip inn i fagleg sjølvstende og innhaldsmessige
prioriteringar. Likevel er det knytt forventningar, lovverk og kontrollrutinar
til offentlege løyvingar. Dette gjeld òg for museumssektoren. Kulturdepartementet
meiner at den beste måten å handtera denne balansegangen på, er
tydeleg forvaltning, relevante verkemiddel og god dialog med sektoren.
Det vil i tida framover
vera viktig å føra ein museumspolitikk som utviklar verkemiddel
som treffer heile sektoren, ubunde av forvaltningsansvar. Det er
òg ynskjeleg å sjå nærare på løysingar som forenklar søknads- og
rapporteringsprosessar. Vidare er det viktig å byggja større kunnskap
om sektoren som heilskap. Dessutan er det eit mål å betra samhandlinga
mellom museumsforvaltning og kulturmiljøforvaltning, og mellom sentrale
aktørar i ABM-feltet.
Departementet meiner
det må vera eit berande prinsipp for museumspolitikken at fagleg
utvikling skjer i sektoren. Styresmakter og tilskotsgjevarar skal
ha tillit til at musea sjølve er dei beste til å driva fagleg utviklingsarbeid
og dei beste til å definera eigne behov.
Gjennom handsaming
av budsjettsøknadar og dialog med sektoren ser departementet at
på nokre område er det ynskjeleg med eit større lyft dei neste åra
for å sikra representativitet og tilgang i heile landet
Departementet meiner
at forvaltningsansvaret for museumssektoren overordna har ein struktur
som fungerer. Til dømes har det stor verdi at universitetsmusea vert
forvalta innanfor rammene av politikken for forsking og høgare utdanning.
Det vert likevel tilrådd at forvaltninga av Forsvarets museum vert
flytt frå Forsvarsdepartementet til Kulturdepartementet.
Departementet vil
halda fram med å leggja til rette for årlege kontaktmøte med fylkeskommunane,
der òg museumspolitiske spørsmål kan drøftast.
Det tyngste verkemiddelet
i den norske kulturpolitikken er økonomiske tilskot. Driftsstøtte,
søknadsordningar for tilskot, midlar til bygg, investeringar og
sikring er dei viktigaste økonomiske grepa i museumspolitikken.
Slik vil det òg vera framover. Samstundes kan ikkje det offentlege
fullfinansiera museumssektoren. Økonomien i musea er avhengig av
at dei utnyttar potensialet sitt for eigeninntekter på ulike måtar.
For regjeringa er
det viktig å stimulera til auka privat finansiering av kulturlivet.
Departementet meiner gåveforsterkingsordninga har fungert slik ho
var tenkt og vore eit godt grep for å auka museum og andre kulturinstitusjonar
sitt fokus på og arbeid mot private gjevarar.
Framover vil departementet
byggja vidare på det nasjonale museumsnettverket i vidareutviklinga
av sektoren. Departementet ser likevel at det krev nokre justeringar
knytt til nettverket som ei overordna satsing, for å lyfta fagleg
kvalitet og effektivitet.
Det er departementet
si vurdering at det framleis er tenleg med ytterlegare samankopling
av fagleg nærståande museum i same geografiske område. Det er fleire stader
prosessar i gang som siktar mot dette og departementet vil fylgja
opp slike initiativ gjennom dialog med dei aktuelle institusjonane
og regionale og kommunale styresmakter.
Departementet meiner
òg at det er tid for å leggja litt sterkare organisatoriske føringar
på tilskota til musea i det nasjonale museumsnettverket. Departementet meiner
det òg er grunn til å sjå nærare på krav til kompetanse i den samla
museumsleiinga, til dømes når det gjeld forsking.
For å fylgja utviklinga
i dei einskilde institusjonane vil departementet framover setja
i verk kvalitative evalueringar på institusjonsnivå, nærare omtala
i meldinga.
Norsk kulturråd
har hatt ei sentral rolle i forvaltninga av museumssektoren dei
siste ti åra. Meldinga gir ei oversikt over oppgåvene til Kulturrådet
innafor museumssektoren. Departementet ynskjer at Kulturrådet framover
byggjer meir kunnskap om sektoren som heilskap, òg om dei musea
som er forvalta av andre enn Kulturdepartementet, og medverkar til
å styrkja faglege bruer og samarbeid som kan medverka til fagleg
vekst i heile sektoren.
Med sitt oversyn
over sektoren har Kulturrådet eit godt utgangspunkt for å tilrå
tiltak knytte til politikkutviklinga. Dette er noko departementet
ynskjer skal halda fram. I dette arbeidet ser departementet det
som sentralt at Kulturrådet òg framover forvaltar frie prosjektmidlar,
til dømes gjennom museumsprogram, forankra i behova sektoren har.