Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med denne føresegna blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2020. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2020.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.

Utvikling i 2020 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 390 personar fekk ved utgangen av 2020 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

Alderspensjon

Ved inngangen til 2020 var det 277 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på 9 personar og ein tilgang på 13 personar. Per 31. desember 2020 var talet på alderspensjonistar derfor 281 personar.

Uførepensjon

Ved inngangen til 2020 var det ein uførepensjonist i ordninga. Det har vore ein tilgang på éin person i løpet av året. Per 31. desember 2020 var derfor talet på uførepensjonistar to personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2020.

Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2020 var det 105 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på seks personar og ein tilgang på sju personar. Per 31. desember 2020 var talet på ektefellepensjonistar derfor 106 personar.

I 2020 blei sju personar innvilga ektefellepensjon.

Ved inngangen til 2020 tok éin person imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

Rekneskap for 2020

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 69 304 262 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2019. Administrasjonskostnadene var i sum 1 428 667 kroner. Dette er ein nedgang frå 2019.

Utvikling i 2019 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2020 fekk totalt 108 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

Alderspensjon

Ved inngangen til 2020 var det 75 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på fire personar og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2020 var talet på alderspensjonistar derfor 75 personar.

Uførepensjon

Ved inngangen til 2020 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar. Per 31. desember 2019 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2020.

Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2020 var det 30 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på éin person og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2020 var talet på ektefellepensjonistar derfor 31 personar.

I 2020 tok to personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong.

Ved inngangen til 2020 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

Rekneskap for 2020

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 14 204 377 kroner til pensjonar og 348 977 kroner til administrasjonskostnader. Dette er mindre enn i 2019.

Sentrale hendingar i 2020

Det blei utført inntektskontroll av alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Inntektskontrollen av dei sju som tok imot pensjon etter 75-årsregelen blei utført i byrjinga av 2020. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2018.

Hausten 2020 blei det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2019 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.